Leitz Rüdesheimer Bischofsberg Riesling Spätlese Trocken 2016

Leitz Rüdesheimer Bischofsberg Riesling Spätlese Trocken 2016

Det var i den tid eg gjekk litt mållaust rundt på Vinmonopolet då eg fekk auga på ein gamal ven eg ikkje hugsa kortid eg møtte sist. Av ein eller annan grunn hadde Leitz gått i gløymeboka oppi alle desse rieslingflaskene med lange namn, men denne gongen blei ho med meg heim.

Veldig mykje geologi frå nyopna flaske. Eit steinete, lukka preg overskygger det meste anna av duft, kan så vidt skimta ørlite eplefrukt og kvite blomster bakom. Satt vekk på karaffel i ein time. Langsamt, langsamt kjem granny smith saman med eit føle-i-fjøra-saltpreg, det steinete preget følgjer med som ein pedaltone utan å vera påtrengjande.

Forsiktig anslag med grøne eple og litt sitron, småtropisk midtparti, litt kort, sitronprega slutt. Enkel og hyggjeleg vin som vinn på ein strafferunde i karaffel – med tid strekkjer vinen seg i lengde og blir meir nyansert. Heilt ålreit entry-level vin til 175,- som fungerte fint til ramen.

Ennio Morricone – 60 Years of Music

But king of them all is Ennio Morricone. Before he does an interview, he has his people send out an email instructing the interviewer to address him only as… “Maestro” (popbitch.com)

 

You and me both, Ennio. Når eg går mot nitti skal eg insistera på å bli kalt Maestro i alle samanhengar. Anyways – i 2016 kunne Ennio Morricone, kongen av ikkje berre spagettiwestern, men musikkleverandør til oppunder 500 soundtracks, alt frå A fistful of dollars til Ripley’s Game og The Untouchables. Ikkje verst for ein jazztrompetist frå Roma. Utgjevinga er ei slags personleg Greatest Hits frå komponisten sjølv, som har både dirigert og kuratert utvalet i ei heilt ny innspeling med det Tsjekkiske Nasjonale Symfoniorkester på Decca.

Her er hovudvekta på western-filmane, Once Upon a Time in the West og The Good, the Bad and the Ugly, representert med melodiane ein ventar seg. I tillegg til orkester er den originale instrumenteringa med munnspel, munnharpe, elgitar og vokalistar der. Eg har ikkje dei opprinnelege innspelingane til å gjera ein A/B-test, men det er morosamt å kjenna på at det kjennest likt, men samstundes er det noko som ikkje heilt stemmer. Kanskje er det berre klangen som er litt annleis i lydbiletet…

På dobbelplata har han også prioritert å få med meir ukjente ting som tema frå Metti, una Sera a Cena og Abolisson frå Queimada. The Mission er tungt representert, ikkje minst med Gabriel’s Oboe, medan Tarrantino står for det ferskaste bidraget med utdrag frå The Hateful Eight frå 2015.

Tøff innspeling, om eg skal ha nokre innvendingar så er det at av 23 låter, så er 12 av dei berre frå 5 filmar – personleg hadde eg ønskt ei større breidde i utvalet. Samstundes er det kjekt å gaula AOAO-OOO, det er jo det…

Kjelder:

https://en.wikipedia.org/wiki/Ennio_Morricone

One thought on “Leitz Rüdesheimer Bischofsberg Riesling Spätlese Trocken 2016

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *