Charles Heidsieck Special Edition for OMA Vintage Brut 1996

Dette har skjedd: Daniel har drive med drueeksperiment i kjellaren til Charlie. Ole Martin har fått nyss i dette og får overta flaskene rimeleg frå Stephen. Når han skal selje dei vidare kollapsar nettbutikken til Hilde Britt, sidan det vinkjøpande Noreg går av skaftet. Stadig like forvirra? Ikkje etter denne episoden av Vin & vinyl…

I Reims produserer Charles Heidsieck-huset rundtom 2 millionar flasker i året, fordelt i ein smal portefølje på 5 cuvéar. Undervegs har kjellarmeistrane trong til å prøva seg fram litt. Eitt av desse eksperimenta var ei blanding av 80 prosent chardonnay og 20 prosent pinot noir frå den legendariske 1996-årgangen – kun produsert i 5000 flasker. Ole Martin Alfsen fekk anledning til å overta desse og sel dei under OMA-labelen sin til ein pris langt under det ein vanlegvis må betala for denne årgangen. Då 2500 av flaskene vart lagt ut for sal i november 2017 kollapsa nettbutikken til Vinmonopolet, medan runde to i februar 2018 (1900 flasker – kvotert til maks 36(!) flasker per person) selde ut på 14 minuttar. På tide å finna ut om vinen er verd oppstyret…

Charles Heidsieck Special Edition for OMA Vintage Brut 1996

Fyldig og kompleks duft; bakst, steinsopp, lakris, brunt sukker, honning, sukat, sylta sitron, nøttesmør, noko mineralsk – nesten metallisk, haugar av nydelege ting som skjer medan vinen vandrar.

Fyldig og friskt anslag, modne gule eple og saftig granny smith, litt honning, litt kalk, laaang sitronsyrleg avslutning. Klokkereine smakar. Med tid kjem eit konsentrert midtparti med salt hav og fin-dag-ved-sjøen-oooh-meir-østers-ja-takk og ei litt rundare, men desto meir intens avslutning med syrlege sitrondrops. Herregud for ein deilig vin!

 

Pink Floyd – A Momentary Lapse of Reason

For eit sørgjeleg kaos Pink Floyd var i på midten av åttitalet. Etter The Final Cut – ei plate som gjorde David Gilmour frustrert og blir ofte sett på som eit reint soloprosjekt frå Roger Waters, vart det kjent at keyboardist Richard Wright var skvist ut av bandet (og hadde vore det ei stund). Roger Waters ville gje seg og leggja ned heile greia og saksøkte dei andre for retten til bandnamnet, Nick Mason og David Gilmour ga i staden gass og lagde noko som innimellom alle telefonane frå advokatane til Waters vart ei ny Pink Floyd-plate.

Ulikt mykje Pink Floyd er dette ikkje ei konseptplate, men ei laust samling låtar, med tydeleg fokus på stemning og melodisk forløp – men utan Roger Waters strevde dei tekstleg. Når i tillegg Nick Mason var ute av trening – Jim Keltner speler trommer på det meste av plata –  er det ikkje rart at dette ofte blir sett på som ei soloplate frå David Gilmour. I tillegg set bassist Tony Levin (Peter Gabriel, King Crimson, Stick Men og 100 000 andre plateinnspelingar) tydeleg preg på plata. I det heile er det mange leigesoldatar i lydbildet. Eg var 16 år og kjøpte kassetten for grundig prioriterte pengar – og likte det eg høyrde. I dag er eg nok meir lunken.

Plata startar varleg med åreblad i vatn og lange synth-droner, men allereie etter 20 sekund startar problema – i 1987 var vi i ei tidleg fase av digitalisering. Synthlydar var gjerne ferdigprogrammert i frå Roland, Yamaha og Korg (sjekk til dømes «fløyta» i starten på Peter Gabriel sin Sledgehammer og Eurythmics sin Conditioned Soul). Eg forstår intensjonen, men Signs of Life lét nok meir utdatert enn tidstypisk, dessverre. Learning to Fly var førstesingel og den store hiten frå plata, stødig pop med kul melodi – ekstra pluss for autentisk radiokommunikasjon frå Nick Mason under undervisning for småflysertifikat. Aggressive The Dogs of War er for meg det næraste Gilmour kjem ein Roger Waters-tekst, med krigstema og mykje sinne – super gitarsolo, pluss intens saksofonsolo frå Scott Page. Tråden tilbake til Animals er tydeleg. Med One Slip er vi på åttitalet igjen med stadionrock. Grei låt, men minnar meir om noko frå ei av soloplatene til Gilmour enn frå Pink Floyd. Stick-solo frå Tony Levin skapar variasjon.  On the Turning Away tar opp i seg fattigdom og det fortvilande i at folk snur seg vekk frå dei som treng hjelp – nydeleg melodi, ny minisolo frå Tony Levin – denne gongen på fretless bass – og ei låt som kler gitarstilen til David Gilmour. Wish You Were Here med nedsatt pris…

Før vi snur plata må vi snakka om albumcoveret. Ikkje sidan One Size Fits All frå Zappa, har eit cover fortent lp-formatet. Legendariske Storm Thorgerson frå Hipgnosis sat ut 800 sjukehussenger langs breidda på Devon i ei fotoseanse som tok over to veker – resultatet er overveldande.

Yet Another Movie/Round and Around har ein anstendig gitarsolo, men vokal og tangentar blir for monotont og melodien fører ingenstads. A New Machine (1 og 2) blir litt pretensiøst, medan instrumentale Terminal Frost har jamsession-kvalitetar med kul saksofon frå Tom Scott og James Helliwell. Sorrow er ei kul rockelåt og reddar avslutninga.

Eit album som ikkje er så ille som dei verste kritikarane vil ha det til, og som lét detaljert etter den nye remastringa, men som har ein del issues med utdatert lydbilete og ujamne tekstar.

 

Kjelder:
Richard Juhlin – En duft av Champagne
Div Wikipedia
charlesheidsieck.com

2 tankar på “Charles Heidsieck Special Edition for OMA Vintage Brut 1996

Leave a Reply