Protest!

Det har nett vore val til nasjonalforsamling i Italia. Opp til fleire har erklært seg som vinnar av valet, men ingen tydeleg koalisjon peikar seg ut som styringsdyktige. For oss her i det kalde og konforme nord, kan italiensk politikk synast kaotisk og rotete. Med 61 regjeringar på 68 år, skulle ein ikkje tru at landet var i stand til å tenkje langsiktig eller vere å rekne med. Men politisk var det eigentleg ganske stabilt i Italia etter andre verdskrig. Det store kommunistiske opposisjonspartiet PCI vart halde utanfor det gode selskap. Og kristelegdemokratane i Democrazia Cristiana styrte med støtte frå fleire mindre parti. Tangentopoli, som vart rulla opp på 90-talet, synte at stabiliteten kom av korrupsjonsliknande avtalar, der ulike parti og regionar fekk goder og posisjonar, mot at Democrazia Cristiana fekk halde på makta. Etter at Sovietunionen fall saman, vart ikkje kommunistpartiet noko resten av partia kunne skremme folk med. Korrupsjonsskandalen førte til politikarforakt og det kom nye parti på bana.

I 1994 tok Silvio Berlusconi på seg statsministerkleda, trass i at han allereie var godt kledd som landets rikaste mann, eigar av fleire fjernsynskanalar, aviser og ein fotballklubb. Ein som syntest at litt for mykje makt var samla i ein person, var Bartolo Mascarello, som teikna sin eigen etikett til «ære» for Berlusconi. «No barrique, no Berlusconi» var skrive på Baroloen til Mascarello. Dette var midt på 90-talet, og det var ikkje berre i regjeringskontora at det var nye idéar og tvilsam handsaming. Barolo Boys, med Elio Altare, Roberto Voerzio og Chiara Boschis i spissen, hadde byrja å rote i det søvnige Barolo, med nye idéar og ny giv. Kvalitet og lågare avkasting var viktig, men samtidig gjæring og lagring i nye barrique, for det var slike små nye franske fat som var alle store vinars mor. Ekstrahering av mjukare og meir elegante tanninar var også eit mål. Mykje var nok bra med moderniseringsbølja, men det vart litt mykje eik. Erketradisjonalistar som alltid hadde laga god vin, som Bartolo Mascarello, stod på sitt.

Ein anna tradisjonalist er Giacomo Borgogno, som kan spore vinimperiet sitt attende til 1761, då Bartolomeo Borgogno etablerte ein vingard. Cesare Borgogno, som tok over familiefirmaet i 1920, berre 20 år gamal løfta kvaliteten på vinen. I 1937 tok han med kona Maria på bryllaupsreise til Burgund. I kjellarane i Beaune fekk dei smake mogen pinot noir, og Cesare skjønte at nebbiolo måtte ha eit endå større potensiale for flaskemogning enn den skjøre pinot. Han byrja å leggje til side ein del av produksjonen av Barolo i gode år, for å selje ved eit seinare høve, når vinen var utvikla. No vert om lag 20 000 flasker liggjande i minst ti år. Fleire årgangar har vore tilgjengelig på Vinmonopolet, mellom anna 1978, 1982, 1996, 1997, 2004, 2005 og 2006.

Giacomo Borgogno & Figili held til i kommunen Barolo, og har parsellar i vinmarkene Cannubi, Cannubi San Lorenzo, Fossati, Liste og San Pietro delle Viole. 20 hektar totalt gjev både enkeltvinmarks-Barolo og cuvéar med ein miks av vinmarker. I kjellaren praktiserer dei ein streng ortodoks tradisjon, med null tilsetjing av gjær, enzym eller anna fjas. Lang gjæring på store tankar, forsiktig handstyrt presse, og skånsom pumping av most frå botnen av gjæringskaret for å bryte opp kaka av skal og steinar som legg seg på toppen. Barolo får minimum fire år i store eikfat av slavonsk opphav. I 2008 vart Borgogno teke over av familien Farinetti, med unge Andrea i spissen. Eg trur denne «No name» var eit påfunn av den yngre garde. Vinen er med druematerial frå vinmarker i Barolo, men lagra berre tre år på fat. Consorziet som skal godkjenne vin som vert meld opp til Barolo DOCG, underkjende denne vinen ein gong, og han vart til ein Langhe Nebbiolo med tilnamnet «No name».

Giacomo Borgogno & Figili No Name 2013

Vinen er medium burgunderraud med lysebrun kant. Lukta er god og spelar tradisjonelle tonar rett frå partituret. Høgtona (nasal)vokal med preg av raude bær, sandaktig mineraltone ispedd gamalt treverk, skinnjakke og roser. På dag to er det litt meir bass. Fruktpreget er blitt djupare og det er meir sødme. I munnen er det også typisk Barolo med lang maserasjon. Tørr, litt syrlig og med halvrustikke men finkorna tanniner. Bringebær og noko jordleg i retning lakris. Ein distingvert eldre tenor. Treng ikkje lagre dette. Det fungerer fint no, men gje vinen ein rundtur i karaffel. Vinen vart smakt frå Zalto Burgundy-glas, heime.

Vinen kosta 289 kroner, vinteren 2018. 14 % alkohol. Det er fyrste gong eg prøver denne vinen. Med ein god årgang som 2013, er det eit godt «Barolo»-kjøp.

Silvio Berlusconi var statsminister frå mai 1994 til januar 1995, 2001-2006 og mai 2008 til september 2011. Han fyller 82 år til hausten, sjølv om truleg delar av ansiktet er av nyare dato. Førbels ser det ikkje ut som han skal bli den jokeren i italiensk politikk som han nok sjølv ønskjer. Men som det er med gamle grisar – dei legg seg oppi alt. Kanskje må Maria Teresa Mascarello leite fram dei gamle handskrivne etikettane etter far hennar allikevel…

One thought on “Protest!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *