Lyrarakis Plyto Psarades 2017

Lyrarakis Plyto Psarades 2017

Opp med handa dei som har høyrd om vindrua plyto før. Opphav på Kreta og nær utrydda, men redda av folka hjå Lyrarakis som nesten har gjort det til eit kall å rekultivera opprinnelege druesortar – Vidiano, Plyto, Mandilari, Vilana, Thrapsathiri og Kotsifali – noko som enkeltdruevinar, andre i blanding med Assyrtiko, Syrah og Merlot. I tillegg verkar dei ekstra stolte over å ivareta den greske Malvasia-tradisjonen for søtvin. Vinen vi skal kikka på i kveld er derimot knusktørr og antakeleg den einaste kommersielle vinen i verda som er laga på 100 prosent plyto.

Tutti-frutti, parfymert blomsterduft, pærer,  appelsin, litt våt stein langt baki, antydning til noko treaktig, men har antakeleg noko med drua å gjere – trur ikkje vinen har vore på fat.

Leskande og friskt anslag,  ganske elegant midtparti  som med litt karaffeltid får antydning til eit sexylubbent smørpreg, litt melon –  mykje sitron, litt bitre urter, knusktørr avslutning.

Enkel, leskande og lettdrikkeleg vin med høg conversation piece-faktor og nok substans til å vera interessant – dette kan fort bli ein terrassefavoritt til sumaren…

 

Kronos Quartet – Pieces of Africa

Pussig at det mest tilgjengelege av alle Kronoskvartett-albuma også skulle bli det mest kontroversielle. The Fab Four of Classical Music hadde allereie etablert seg som rebellar, og hadde Jimi Hendrix like sjølvsagt på repertoaret som vill samtidsmusikk. Skulle dei no vera kulturelle imperialistar og utnytta afrikanske komponistar til eiga vinning? Heldigvis vart det tidleg klart at dette var eit prosjekt der kvartetten lot komponistane og medmusikantane vera hovudfokus. (Historia har også vist at Kronos har eit gjennomført filantropisk lynne – Kvartetten er registrert som ei stifting, og alt overskot går ut igjen til støtte for unge komponisttalent.).

Komposisjonane er i hovudsak korte og konkrete tonemaleri, ofte med fokus på det  rytmiske. Dei har invitert inn lokale musikarar, som utvidar kvartetten gjennom plata. Ofte er komponisten med sjølv som instrumentalist eller på vokal. Dumisami Maraire frå Zimbabwe opnar med Mai Nozipo, ei hylling til si avlidne mor der han sjølv bidrar med perkusjon. Livlige rytmar og eit fanfarepreg blir avløyst av eit nydeleg og sentimentalt stille strekk før rytmane returnerer.

Hassan Hakmoun frå Marokko tar religiøs seremonimusikk i Saade (I’m Happy) inn i sufismen med vokal, oud og andre eksotiske strengeinstrument – livlig, arabiskinspirert med mikrointervall og mykje vokalimpro. Foday Musa Suso bidreg sjølv på kora i Tilliboyo, eit stemningsfullt og ambient tonemaleri over solnedgongen – enkel, men uhyre effektiv og vakker fiolinsolo. Nydeleg arrangement. Justinian Tamusuza frå Uganda står for den første «reine» strykekvartetten, ein livlig og vill sats der han har latt seg inspirera av musikken han vaks opp med, arrangert inn i eit klassisk format. På  Escalay  gjer sudanske Hamza El Din sorgen over å ha mista heimbyen sin til utbygginga av Aswan-demninga om til musikk. Terry Riley-aktig minimalisme med hypnotiske melodilinjer…

Obo Addy  med Wawshishijay tar kvartetten med seg i ein intens, men samstundes tradisjonell ghanesisk  rytmefest, medan Dumisani Maraira sin Kutambarara høyrest ut som fingerpiano spelt på strykekvartett, saman med opptaka frå Manfred Mann – Somewhere in Africa, herleg kaotisk, men personleg får eg ikkje heilt hovud og hale på komposisjonen. På side D får endeleg konserthuspublikumet sitt. White Man Sleeps  av sørafrikanske Kevin Volans tar heile platesida, har nummererte satsar og er eit tingingsverk frå Kronoskvartetten sjølv. Sjølv om det er det mest abstrakte stykket på plata, så er det framleis melodiøst og tilgjengeleg.

Frå Salif Keita til Mory Kante til Youssou N’Dour, frå Brenda Fassie til Miriam Makeba til Angelique Kidjo, frå  ethio jazz til afrobeat til ørkenblues – afrikansk musikk har alltid vore ein relevant og viktig premissleverandør. Derfor er det ekstra kjekt å sensa både alvoret og spelegleda frå Kronos Quartet i desse prosjekta.

 

https://www.lyrarakis.com/en/home

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *