Zind-Humbrecht Riesling Brand Grand Cru 2015

Zind-Humbrecht Riesling Brand Grand Cru 2015

Det er ikkje kvar dag at vinar i basisutvalet blir kvoterte, men før mars-sleppet fekk Zind-Humbrecht så mykje merksemd at Vinmonopolet såg seg nøydt til å setja ei grense på maks 3 flasker per bestilling. Vekkerklokke og geografi var til stor hjelp, men kva no..?

Umiddelbar tilgjengeleg duft frå nyopna flaske; sylta sitron, noko som enten er søte eple eller syrlege pærer, våt stein, litt smør, litt honning. Ein time på karaffel spissar sitruspreget med syrleg sitron. Veldig rein og presis snute. Etter to timar lukkar vinen seg og det meste lukter av flintstein…

Jeg banker på steinens dør.
– Det er meg, slipp meg inn.
Jeg vil inn i ditt indre,
se meg rundt,
trekke deg inn som åndedrettet.

Fyldig anslag, sitron, gule eple, lett honningsødme. Lubbent midtparti med mykje frukt, men dette er smakar som forsvinn bak røykfylt flint.

– Gå din vei, sier steinen.
Jeg er hermetisk lukket.
Selv når vi smuldres til grus,
slipper vi ingen inn.

Min supercunning masterplan som innebar – basert på andre sine notat – å la vinen få mykje luft før første smak har fått ein ubehageleg rekyl. Det er kolossalt med fine nyansar her, men alt ligg bak ei kjensle av å tygga på ein munnfull med grus. Lite anna å gjere enn å venta ei stund til og håpe det beste…

Jeg banker på steinens dør.
– Det er meg, slipp meg inn.
Jeg har hørt at i deg er det store tomme saler,
usette,  vakre til ingen nytte,
stille, uten gjenlyd av noens skritt.
Innrøm at du selv vet lite om dette.

– Store tomme saler, sier steinen,
men det er ikke plass i dem.
Vakre kan hende, men hinsides
dine fattige sansers smak.

Takk for den, Wislawa… Etter nesten fem timar på karaffel løsnar det – stein slepp taket, frukten slepp til, og eg er lukkeleg, men sverger på å ikkje opna neste flaske før om fem år*. Klarte seg fint i møte med dampa kveite.

*The author assumes no responsibility or liability for any errors or omissions in the content of this statement. The information contained in this site is provided on a “drink as is” basis with no guarantees of completeness, accuracy, usefulness or timeliness…

Musikkbonus: Etter fire år er endeleg Kristin Asbjørnsen ute med ny plate – og ho har brukt tida godt.  På Traces of You (opprinneleg ein tingingskonsert frå Global Oslo Music) er ho på mange måter i mål med dei siste tjue åra. Her finn ein afrikanske spor av Dadafon, tydeleg inspirasjon frå spirituals ho utforska på Wayfaring Stranger og I’ll Meet You in The Morning, samt den melodiske popteften frå The Night Shines Like The Day samla på eitt album.

Saman med Olav Torget på gitar og konting (ein slags vestafrikansk lutt) og Suntou Susso på vokal og kora, fyller trioen seg ut på ein utradisjonell men effektiv måte, med nydeleg og detaljert lyd frå Ulf Holand. Frå Kvitretten og Krøyt veit vi kva for teknisk akrobatikk som bur i røysta hennar – her er ho disiplinert, men gjentatte vokalsoloar i høgt register syner litt av potensialet.

Tekstane handlar om kor komplisert det kan vere å gje slepp på andre, sjølv om eigentleg veit det er det rette. Små detaljar som til dømes at den gjentakande og nærast anklagande «You Hold Me while Leaving Me, Love», nærast som ein freudian slip blir til «You Hold Me, Don’t Leave Me, Love» i ein kort frase skapar meining.  Det same gjer vokalbidrag frå Susso, samt nydelege soloar frå Torget. Enn så lenge den vakraste plata i 2018…

Kjelder:

zindhumbrecht.fr/

kristinasbjornsen.com/

Wislawa Szymborska – Utsikt med et sandkorn

Ein tanke på “Zind-Humbrecht Riesling Brand Grand Cru 2015

Leave a Reply