Francesco Brigatti Vespolina Maria 2015

Francesco Brigatti Vespolina Maria 2015

Vespolina er ei drue som ein antar har sitt opphav i Gattinara – utan særleg meir vitenskapeleg tyngde enn at der er no stort sett der ho veks og få andre stader. Gjerne brukt for å runda av nebbiolo, men får i denne vinen frå Colline Novaresi lov å regjera heilt åleine.

Moreller, svart pepar, fiol på snuten – den parfymerte blomstardufta tar litt stor plass frå nyskjenka glas  – med tid lakris, sursøte kirsebær og litt mandel.

Juicy og friskt anslag, saftig midtparti med mykje plommefrukt – men blir litt spinkelt. Lang og syrleg avslutning med blomster og rips. Tanniner bygger seg nesten umerkeleg opp og merkast ikkje før i siste glaset.

Fine og reine smakar, fungerte greitt til hjortefilet og steinsopprisotto, men eg saknar litt meir ryggrad og konsentrasjon.

 

Musikkbonus: Paolo Vinaccia – Mystery Man. Eg minnast enno første gong eg høyrde om Paolo – eg var 16 år, på besøk på Toneheim Folkehøgskole der nokon snakka om eit band som heitte Heavy Gentlemen der ein skummel, italiensk trommeslagar styrte bandet med morske blikk. Når han i desse dagar feirar 64 år, kan eg ikkje tenkja på ein artist i Noreg som fortener ein gebursdagsboks meir enn Paolo Vinaccia.

Sumaren 2017 tok jazzskribent og journalist Tor Hammerø kontakt med Christer Falck og dei byrja å leika med tanken om å laga ein samleboks som ei hylling og oppmuntring til trommeslagaren. Kartlegginga var omfattande – han har spelt på mellom 300 og 400 norske album, inkludert røysta som Hummeren Humrebass hjå Blekkulf  – men til slutt ende dei opp med 64 låtar til 64-åringen. Siste cd er eit intervju (som jubilanten trudde var for radio) der han snakkar om mat, drikke, nordmenn og om musikk. Heile prosessen vart gjort utan at Vinaccia sjølv fekk nyss i noko.

Sjølv «oppdaga» eg Paolo på Pigs & Poetry-plata til Eberson/Endresen, og mest via Terje Rypdal på scena  – eg visste han var mykje nytta som studiomusikar, men omfanget har eg ikkje vore klar over. Her er Fin Frokost og Det Hainnle Om Å Leve, her er Ole Paus og KLM, folkemusikk med Arild Andersen og Kirsten Bråten Berg, Kari Bremnes, Jan Eggum, deLillos, Morten Harket, Alex Rosén, Bjørn Eidsvåg og Henry Kaiser. Og mange, mange fleire.  Ei unik samling – ikkje berre over ein av Noregs mest særprega musikarar, men av norsk musikk dei siste 35 åra.

Leave a Reply