Jean-Paul Thévenet Morgon Vieilles Vignes 2015

I Morgon (men ikkje i dag) har vinane frå gamay-drua ein tendens til å bli meir intense enn i resten av Beaujolais – og det var her Jean-Paul Thévenet – tredje generasjons odelsgut på bruket – bestemte seg for å gjeninnføra meir tradisjonell praksis, og å laga ein annan stil enn masseprodusert, kommersiell vin. Som ein firedel av Gang of Four etablerte han biodynamiske prinsipp på garden, og er mest opptatt av å laga god vin, enn av mengden han produserer.

Jean-Paul Thévenet Morgon Vieilles Vignes 2015

Kraftig duft, moreller, nellik, svart pepar, litt animalsk, litt kamferkiste. Med tid kirsebær og lysare tonar. Med enno meir tid: eit tydeleg jordbærpreg.

Friskbittert anslag med urter og plommestein som glir over i eit konsentrert midtparti med modne blåplommer og pepartonar. Anstendig lengde utan å kjennast spesielt syrleg.

Ikkje veldig kompleks, men ein herleg vin med ein slags brutal eleganse som fungerte fint til hjorteburger.

Portishead – Dummy

For 24 år sidan klarte Bristol ei stund å vera verdas musikksentrum med sin eigen sjanger. I trip-hopen tok Massive Attack dansegolvet, men det var Portishead som knuste hjarta våre…  Debutplata deira er snart 25 år gamal og lét framleis heilt fantastisk. Kombinasjonen av hip hop-beats, sampling av mørk filmmusikk og sjelfull vokal førde kjende element saman til noko som i andre enden var heilt unikt og umiskjenneleg Portishead.

Dei var langt frå aleine om å skriva dyster musikk på tidleg 90-tal – grunge pøste på med desperasjon og samanbrot – men Portishead sitt mørke var elegant, vakkert og romantisk. Og frislept frå tida, ikkje minst – samples frå 60talet vart lagt oppå scratching og moderne trommemaskiner, medan Beth Gibbons på kjøleg vis vrengte kjenslene sine med superb vokal.

Mysterons sit stemninga rett frå starten av plata – film noir-stemning i sonisk form, vokalist som prøver å halda underbevisste kjensler i sjakk. Forøvrig eit sjeldan døme på bruk av theremin i popmusikk. Sour Times er den alle har høyrd med ikonisk basslinje komponert av Lalo Schifrin og brukt i Mission Impossible (tv-serien). Kjend saksofon frå Wayne Shorter lurer oss eit sekund før grooven tar over på Strangers, medan It Could Be Sweet handlar om kva-om-vi –berre-turde-å-ta-sjansen og har eit avhengighetsskapande refreng over røykfylte jazztema og tunge beats. Side A avsluttar med Wandering Star, insisterande bass understrekar den monotone depresjonen i teksten.

Please could you stay awhile to share my grief
For it’s such a lovely day to have to always feel this way

Side B startar med Numb som utforskar isolasjon og einsemd. Organisk hammondorgel, tunge beats, men ikkje Beth Gibbons på sitt beste. Roads er rhodes på sitt beste – Neil Solman på Fender Rhodes lagar eit fabelaktig teppe medan Gibbons vrenger sjela si. Den såraste og vakraste vokalprestasjonen på plata. Sjølv om Pedestal  har sin del av knust kjærleik, så er det mest grooven som fortener merksemd her, sjølv om ein del break lét litt utdaterte. Pluss for jazzy trompetsolo frå Andy Hague. Biscuit er laaaaangsomme beats under organisk orgel og tungsindig vokal (igjen), medan fjellvettreglane blir påminna nordmenn i samplingane til Glory Box – forutan denne nasjonale særeigne assosiasjonen så er vi no komen frå mørk ennui i psykoanalysesofaen og inn i ein røykfylt nattklubb der vokalisten har bestemt seg for å forføra deg.

Om nokon født i 1995-96 les dette, bør dei merka seg at denne songen kanskje er grunnen til at dei eksisterer. Sjeldan har mørk melankoli gjort nokon lukkeligare enn med denne plata.

 

Kjelder:

Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *