Batch! Ein god idé

Påska er over, og mange har vore ute på tur og utanfor komfortsona. Både på ski og sosialt.  Trykkjande timar inne i hytta med familie eller slekt. Ungane har brakkesjuka kombinert med eit usunt inntak av sjokolade frå eit overfylt påskeegg. Mor har nedlagt mobilforbod og far vil spele spel. Men kortstokken er mangelfull og det er ikkje lett å få yatzi med tre terningar. Så det blir quiz frå eit vekeblad. Eller frå ei spørjebok frå 1998.

For vininteresserte menneske er god vin i selskap med likesinna, eit høve til å finne fram spanande flasker frå kjellaren. Men det går ikkje mange minuttane før det kan utarte til ein konkurranse. Ein har teke med ein blind vin. Ei flaske som er tildekka, eller skjenka i glaset i skjul, slik at dei andre skal gjette kva som er i glaset. Den vanskelegaste og mest smakfulle formen for vin-quiz. I denne situasjonen er det ein som sit med fasiten og dei andre må forsøke å lukte, smake og erindre seg fram til kva det kan vere i glaset. Quiz-masteren kan svare på spørsmål eller gje hint undervegs. Kva om du ikkje har ein vinven som stiller med blinde vinar? Kva om alle rundt bordet kunne vere like uvitande om kva som er i flaska?

Det finst ein blind vin på polet! No er raudvinen Batch #2 tilgjengelig i bestillingsutvalet, og innhaldet er hemmelig. Kva drue han er laga på og kvar vinen kjem frå vert ikkje avslørt før heile batch-en er seld. Ein morosam idé, og ei gåte og ei utfordring for alle vinkjennarar som ikkje har høve til å stille i vinkelnerkonkurransar. Dette er andre utgåve av eksperimentet, og det som er opplyst på etiketten er; det er ein raudvin med druer frå EU, 13,5% alkohol og frå årgang 2016. Vinen kostar 199,90

Med meg rundt flaska, og med sansane skjerpa, sat ein ung (S) og ein vaksen (A) mann. Begge er utdanna vinkelner, og difor meir kompetente enn meg. Det er mange år med vinsmakingskompetanse rundt bordet. Men er det betre med tre syn på saka, eller vil vi bli farga av kva dei andre seier?

Det er ein mørk vin. Vi luktar og smakar. A og eg har smakt denne før. Vi var fyrst inne på syrah frå nordlege Rhône, mest på grunn av farge og tanninstruktur. Sidan har vi begge slått dette frå oss. Ganske tett og massiv tanninstruktur. Fargen gjer at det er mange vinområde og druer som ikkje er aktuelle. Ung cabernet, merlot og syrah er kandidatar i så måte. S ymptar frampå om blaufränkisch. Den kan vere mørk. Primitivo er mørk, men ikkje så strukturert, så den er ikkje aktuell. Hmm.. er det fleire italienske druer som gjev så mørk vin? Dolcetto, lagrein men ikkje sangiovese. Dei to fyrste har eg ikkje så mykje røynsle med, men blir det så mykje tannin i dei? Nei, skal vi lengre vest, kanskje. S nemner baga. Ja, ung Bairrada har godt med farge og tannin. Men på smak er eg ikkje heilt sikker på om eg finn att baga her. Det er vel litt søtare fruktpreg og gjerne meir jordlig smak.

A meiner vi må tilbake til Frankrike. Eg nemner mourvedre, Bandol til dømes. A er ikkje samd. Har ikkje trua på Bandol. Ok, kva med noko i retning Sørvest-Frankrike? Cahors eller Madiran. Vi snakkar altså druesortar som malbec og tannat, gjerne med ein dæsj cabernet sauvignon eller merlot i miksen. Jau, det kan vere mørke og tanninrike vinar. A trur det er det næraste han kjem. Eg stiller meg bak det.

Natural Selection Batch Rød

Tett, mørk lillaraud med mørk rosa kant. Fyldig, tettpakka lukt med god intensitet. Reint fruktpreg. Sursøte mørke bær og litt blyantspiss. God frukt, god syre og faste tanniner. Smak av mørke bær. Lang og fast ettersmak. Finn ikkje noko eik på denne. Hmm… kva kan dette vere? Er det noko cabernet i denne? Blyantspiss ja, men det er lite solbær. Ok, eg held ein knapp på Cahors med 90% malbec og 10% cabernet sauvignon. Kva trur du?

Testa 29.03.18 heime, i Riedel Vinum Bordeaux-glas.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *