Lyrarakis Vilana 2017

Det ser ut til at Kreta er staden for obskure druer. Vilana har eg korkje smakt eller høyrd om før eg fekk denne flaska i labbane. Visstnok ofte blanda med malvasia, men denne gongen heilt åleine…

Lyrarakis Vilana 2017

Våt stein og honning frå nyopna flaske. Gule eple, litt parfymert blomsterduft. Gjer ikkje så mykje av seg på snuten, men har ein enkel og stillferdig eleganse. Med tid i glaset kjem ei behageleg sitrusduft

Juicy anslag – meir trøkk i vinen enn duften indikerar. Slankt midtparti med sitron og pærer, antydning til bitre urter. Eg saknar litt syre i avslutninga, men vinen har anstendig lengde.

Leskande og rett-fram vin. Ikkje kompleks, men reine smakar og fin balanse, og for 140 kroner eit supert kjøp til varme sumardager på terrassen.

Fleire koko druer frå Lyrarakis her

David Bowie – No Plan EP

Siste slepp frå David Bowie, og gjeve ut på det som ville vore 70årsdagen hans. Så vidt vi veit er desse 3 låtane – skrivne for musikalen Lazarus og innspelt på same tida og med dei same musikarane som var med på Blackstar – det siste han gjorde før han døydde.

Stilen er ganske lik musikken på Blackstar- plata, musikarane er i praksis Donny McCaslin Band, og med det vi i etterkant veit om kor sjuk Bowie var, er det lett å sjå på dette som konklusjonen i eit rekviem han skreiv til seg sjølv.

Look up here, I’m in heaven

Plata startar med singelen Lazarus frå «moderplata», noko som gjer sambandet og overgongen mellom dei enno meir naturleg. Sorgtung saksofon frå McCaslin, ditto vokal frå Bowie som reflekterer tilbake på livet. No Plan er drøymande, med ein vakker melodi over ein minimalistisk trip hop-groove.

Here, there’s no music here
I’m lost in streams of sound
Here, am I nowhere now?

Med Killing a Little Time er intensiteten attende – jazzrock møter post-punk over ein heftig trommegroove frå Mark Guiliana. Aggressiv og rasande overfor  sjukdommen som et han opp innanfrå sjølv om han har mykje ugjort – sterk kontrast mellom ønsket om å skapa –I’ve got a handful of songs to sing to sting your soul-  og røynda han opplever –I’m falling, man,  I’m choking, man, I’m fading, man…  Kontrasten er stor til avslutninga When I Met You med funky bass, melodilinjer meir i stil med klassisk pop-Bowie – denne kunne vore henta frå Station To Station eller Low, og ei etter kvart forsonande kjærleikserklæring til ho som er igjen.
Om du likte Blackstar, så er denne vesle plata eit fint, bittersøtt og komprimert etterord for ein fantastisk artist.

Kjelder:
www.lyrarakis.com

7 tankar på “Lyrarakis Vilana 2017

Leave a Reply