Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016

«Selv om det er rustikt, skal det være pent», sa Morten med restaurantsjef-røyst. Eg var henta inn som kokkeslask på choucroute-middag – han hadde spotta ein oversett potetskalflekk etter skrellinga, og gav meg ei påminning om at også det enkle skal gjerast ordentleg.

Etter to dagar med sol og temperaturar over 10 grader går eg sjølv inn i ei årstid der eg søkjer det enkle og reine, det landlege og friske – der eg syns komplekse vinar verkar distraherande på sanseinntrykka. Dette er tida eg snuser rundt etter alvarinho, loueiro og txakoli, ei tid der det nær går sport i å finna dei rimelege og leskande vinane. Og så er eg svak for riesling frå Nahe…

I Nahe – med namn frå elva som møter Rhinen, og eit litt oversett distrikt aust for Mosel, tett opptil Rheingau og Rheinhessen – får vinen sødme frå varme dagar og syre frå kalde netter – og alle produsentane har dritkule namn som Dönnhof, Kruger-Rumpf og Schäfer. Og Hexamer… Harald Hexamer har frå han overtok garden i 1999 blitt kjend for å laga eiswein og andre søte vinar med konsentrasjon i verdsklasse. Kan han også levera tørre vinar i budsjettklassen?

Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016

Gjerrig på duft frå nyopna flaske – litt steinete, litt grøne eple. Karaffeltid får fram litt meir sitrus, men blir aldri noko duftbombe.

Desto meir umiddelbar i munn – som å bita i eit saftig Granny Smith-eple, konsentrert midtparti, antydning til honning før ei lang avslutning med mykje sitron.

Herleg og leskande vin som fungerte veldig fint til grilla laks. Kjempekvalitet til prisen – for 175 kroner og plass i basisutvalet kan dette fort bli go-to vinen for solrike kvardagar utover året.

Men vent! Hexamer har ein endå billigare riesling tilgjengeleg:

Hexamer Riesling Trocken 2016

Intens snute samanlikna med forgjengaren.. Våt stein, eplekart og sitron, ørlite flintrøyk. Behagelege duftar umiddelbart frå nyopna flaske.

Syrleg anslag, midtparti med syrlege, grøne epler og sitrondrops. Litt spiss sitronprega avslutning med anstendig lengde. Super vin til 143 kroner – syra ikkje like elegant integrert som storebror, men skummelt lettdrikkeleg og leskande riesling. Fungerte veldig bra til jacuzzi, eller kva det no heiter…

Phil Collins – No Jacket Required

No one expected that album to be as big as it became. We thought it was a good album, but who knew if other people would accept it the way we did. (Daryl Stuermer)

Eg likte nok dette albumet betre på kassettspelaren min i 1985 enn eg gjer i dag. Tredjeplata tok Phil Collins frå artist med samlivsbrot-issues til superstjerne med 4 Topp 10-singlar på Billboard og eit album som selde over 25 millionar eksemplar på verdsbasis.

Over the course of 1984, I’ll work through ideas and record my little demos. I have a notion of what I want do do: break out of this «love song» box that I’ve found myself in. I’ll make a dance album.

R’n’B møter hockeysveis og åttitalspop – litt utdatert lydbilete i dag, men ein sensasjonell kombinasjon for snart 35 år sidan. The usual suspects er med i studio, her er Phenix Horns frå Earth, Wind & Fire; Lee Sklar, som framleis er med han på turne, og nokre kjendisgjestar vi skal komma attende til seinare. Antakeleg har han høyrd mykje på Prince i denne perioden. Både superhiten Sussudio og Who Said I Would verkar direkte inspirert. Long Long Way To Go kunne vore førd i pennen av Peter Gabriel, draumande og dømmande mediekritisk vokal om korleis vi blir immune mot og vender oss bort frå ubehagelege sanningar.  I Don’t Wanna Know er lystig stadionrock med dyster tekst, medan sistelåt på side 1, One More Night, er ikonisert som ei av balladane som definerte åttitalet.

Don’t Lose My Number er melodramatisk og rocka – med eit catchy refreng og suksess som tredjesingel, medan Doesn’t Anybody Stay Together Anymore observerar alle skilsmissene rundt han og gjer god plass til signaturtrommelyden hans. Inside Out er meir stadionrock før det runder av med Take Me Home, tett flankert av Sting, Peter Gabriel og Helen Terry. Nydeleg avslutning inspirert av Gjøkeredet.

 

Kjelder:

Phil Collins – Not Dead Yet
http://weingut-hexamer.com
webhotel. dcode.no/recordvin/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *