Domaine de Sahari Guerrouane 2016

At Marokko har ein lang vintradisjon burde knapt vera ei overrasking med tanke på at dei har vore under både romersk og fransk herredømme gjennom historia. Etter lausrivinga frå Frankrike i 1956 svann produksjonen, men Kong Hassan II – utdanna ved universitetet i Bordeaux – fekk entusiasmen tilbake, og Marokko tapper i dag meir enn 40 millionar flasker i året. Ved foten av Atlasfjella ligg Guerrouane med AOG-status.

Domaine de Sahari  Guerrouane 2016

Bestilte 2015, fekk tilsendt 2016. Carignan 50%, Cinsault 20%, Alicante Bouschet 10%, Grenache 20%

Blåplommer, grøn paprika, trelist, litt solbær i bakgrunnen. Grei snute, men i overkant mykje vegetalt preg.

Lett anslag. Søtlege plommer, treverk, litt nellik, meir av det grøne preget i ei ganske kort avslutning. Med litt velvilje kjem det antydning til fiken etter ei stund i glaset. Eit tanninbitt byggjer seg forsiktig opp. Enkel og litt kjedeleg vin. Heilt greitt følgje til Morten sin grytekylling i Ras el Hanout-variant, men vinen løfta seg heller ikkje i møte med mat.

Peter Gabriel – Birdy

Etter Pink Floyd – The Wall gjekk Alan Parker i gong med Birdy – om ein traumatisert Vietnamveteran som forsvinn inn i si eiga verd, der han gjenopplever barndommens fascinasjon for fuglar og flyging  gjennom flashbacks, samstundes som terapeutane prøver å nå gjennom til han.

For filmmusikken oppsøkte han Peter Gabriel med ei klar bestilling. Ei liste over tidlegare utgjevingar han ville ha innspelt på nytt som omarbeidde instrumentalar, pluss stemningar han ville ha tonesatt.

I 1985 var dette Peter Gabriel sitt første møte med filmmusikk – på laget har han produsenthjelp frå Daniel Lanois, og mange av the usual suspects frå bandet sitt, mellom anna Tony Levin og David Rhodes. Det du har høyrd før er i hovudsak frå Security-plata.

Remastra i 2017 og er på 4 lp-sider i 45 rpm, noko som – i alle fall i teorien – skal gje betre lydkvalitet. I praksis blir det litt frustrerande å måtte stadig skifte plateside.

Side 1 består kun av originalar og startar vakkert vemodig med At Night– nydeleg trompetspel frå Jon Hassel – før det blir dystrare med Floating Dogs og Quiet and Alone.

Side 2 startar med det vakre meloditemaet frå Family Snapshot som glir over i bassdroner med langsam puls på Slow Water. Dressing the Wounds gjev oss for første gong røysta til Peter Gabriel, men kun som nynning.

Side 3 opnar groovy og røft med Birdy’s Flight – kanskje den minst typiske låta på plata – før Slow Marimbas, ei låt som seinare vart brukt mykje live tar oss attende i ei meir meditativ og minimalistisk retning. (The Rythm of) The Heat avslutter sida med tunge, dramatiske rytmer i ei slags liksom-verdsmusikk som er umiskjenneleg Peter Gabrielsk…

Siste side opnar med tunge hjarteslag og luftig trompet i tett samspel med røysta til Gabriel før vi er innom både Wallflower og San Jacinto.

Mørk meditasjonsmusikk for eventyrlystne i eit slags luftig Brian Eno-landskap…

Kjelder:

Realworld.com
Div. Wikipedia

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *