Uventa eleganse

Somme gonger kan fordomar gje spanande overraskingar. Dette gjeld både vin og livet elles. I det minste om ein er villig til å sjå på det positive, om ein fordom skulle vise seg å ikkje stemme. Her ein dag skulle eg smake ein vin (2007-utgåva), og eg hadde nokre klare tankar om korleis han ville smake.

Fyrsteinntrykket av flaska er at dette er ein prestisjevin, ein vin med mykje av alt, og kanskje for mykje av alt. Larger than life, som dei seier. Manso de Velsco er ein raudvin på cabernet sauvignon frå Miguel Torres sin eigedom i Curicó i Chile. Vidare ser eg at alkoholprosenten er 14, noko som kan tyde på godt mogne druer, ja kanskje for mogne. Då er det lett at vinen vert søtladen, med preg av syltetøy, og med tam syre. Flaska ser stor ut, med breie skuldre, som smalnar nedover. Etter at innhaldet var konsumert av underteikna og gjester, måtte den tomme flaska på vekta. Og dette er ikkje ein miljøvinnar! 1079g er mykje, og meir enn innhaldet veg. Om innhaldet er bra, så treng vel ikkje innpakkinga vere så påtrengande? Denne type “SUV”-flasker trudde eg var passé. Eg rota fram nokre andre tomflasker for å sjå kor stor vektskilnaden var. Ei flaske som hadde innehalde raud Hermitage var 592g, ei lang og smal Mosel-flaske var 527g, medan ei Albeisa-flaske, ein flasketype som blir nytta til mykje forskjellig vin i Piemonte, vog 575g. 

Og Torres er særskild oppteken av miljøprofilen. Konsernet har ein overordna plan for å redusere miljøpåverking lokalt og utslepp av klimagassar. Målet har vore å redusere CO2-utslepp med 30% frå 2008 til 2020. I 2016 hadde dei klart å redusere eigne utslepp med 40%. Dersom vi tek med heile verdikjeda og inkluderer leverandørar, har dei redusert CO2 med 15,6% pr flaske vin produsert. Mellom anna har dei redusert vekta på mange av flaskene, men altså ikkje denne. I ein studie om miljøpåverking frå vin, brennevin og øl, som vinmonopola i Norden har bestilt, og som ligg på vinmonopolet.no, kjem det fram at produksjon av emballasje, hovudsakleg glasflasker, er den klart største miljøfaktoren i vinproduksjon. Sidan nordiske land er gode på resirkulering av glas, vert litt av den negative miljøpåverkinga redusert. Sjølve transporten av vin internasjonalt gjev, kanskje overraskande, mindre negativ miljøeffekt. Betyr det at ei lettvektsflaske eller PET-flaske frakta frå New Zealand gjev mindre CO2-utslepp enn ei tung glasflaske frå til dømes England? 

Chile er eit veldig langt og smalt land. Vindistrikta finn vi i sentrale delar av landet, nord og sør for hovudstaden Santiago. Det er varmast og tørrast mot nord, og så vert det kjøligare og meir nedbør til lengre sør ein kjem. I vest ligg Stillehavet og Humboldtstraumen kjem med kaldt vatn og kjøler ned vinmarkene som ligg nærast kysten. Litt lengre inn i landet ligg ein åsrygg som strekkjer seg over fleire vindistrikt. Innanfor denne er det varmare enn ved kysten, og andre meir varmekjære druesortar trivst her. Kjem vi endå lengre inn i landet, er det kalde vindar frå Andesfjella som kjøler ned vinmarkene. Druene til Manso de Velaso kjem frå Curicó, som er ein av fire elvedalar i det vert kalla Central Valley. Klimaet er varmt og tørt om sommaren, og mildt og meir fuktig på vinterstid. Om natta vert kaldt, og det skuldast nærleiken til Andesfjella.

Den moderne vinproduksjonen i Curicó byrjar faktisk med at Miguel Torres kjøpte ein eigedom i 1979. Sidan har han ekspandert, men hjartet av produksjonen er eigedomen med vinmarka Manso de Velasco, som har 100 år gamle vinstokkar med cabernet sauvignon. Jordsmonnet er sand over vulkanske bergartar, og med ein del større steinar som rennande vatn har teke med ned frå fjella i tidlegare tider. Her har vore mykje seismisk aktivitet både før og no. I 2015 var det jordskjelv utanfor kysten av byen Coquimbo, litt lengre nord i landet.

Manso de Velasco Cabernet Sauvignon Viejas Viñhas 2007, Miguel Torres

Fargen er mørk rubin og ugjennomtrengelig, med litt alderspreg. Vinen er frå 2007, og det er litt bruning på farge, slik det er på mogen vin. På lukt er det mykje mørke bær. Det er ei rik og fyldig lukt. Ja, her kan det sjå ut som fordommane mine sler til. Smaken byrjar med fin frukt og noko eikepreg. God fylde og konsentrasjon i vinen. Tanninane er store, men mogne og ikkje til bry. Her er også syre nok til å gjere dette til ein ganske så elegant vin. Kanskje litt mykje eikepreg, vinen har fått 18 månader lagring på franske fat som stort sett er heilt nye. Då må det seriøse druer til for å klare det.

Notat frå hausten 2015. Denne var å få på polet i 2015 til kr 275,-

Manso de Velasco Cabernet Sauvignon Viejas Viñhas 2012, Miguel Torres

Rubinfarga med mørk rosa kant i glaset. Tett. Intens, rik og svær lukt hoppar ut av glaset. Søte mørke bær, varme solbær. Litt animalske tonar i reting lær og stall. Fruktig vin i munnen. Søte gode bær, fin syre og faste men finkorna tannin som kjem utover i smaken. Diskret eik. Fast vin, som på noverande tidspunkt treng skikkeleg kjøtmat. Litt meir sylta frukt og alkoholstikk på dag to. God og litt svær vin. Var meir begeistra for 2007. Der var meir eleganse. Men så var vinen to år eldre ved konsum. Er allikevel verd å forsøke å lagre dette. Tenkjer at det nesten kan måle seg med ein Bordeaux-cabernet i same prisklasse.

Notat frå 21.04.18. Kjøpt på polet våren 2018 til 339,90. 13,5% alkohol. Denne tomflaska vog 1089g…

 

Leave a Reply