Il Palagio Message in a Bottle Bianco 2016

At musikarar interesserar seg for vinproduksjon har liksom blitt ei sedvane – i Noreg har vi Wongraven, Sambandsstatane har Les Claypool, og Storbritannia har… Sting? Jauda, Trudie Styler og ektefelle Gordon Sumner – novocastrianaren som ikkje hadde smakt vin før han nærma seg 30 – kjøpte og fekk restaurert Il Palagio i Firenze, der det i dag vert produsert olivenolje, honning og diverse frukt, i tillegg til serien med vinar. Av vinane eg har smakt tidlegare har Sister Moon for mykje arboreale innslag for tunga mi og var for dyr, medan When We Dance var ein ærleg og sjarmerande kvardags-chianti som eg likte veldig godt. I mi jakt på ukompliserte vårvinar skal vi denne gongen kikka på den kvite vinen i sortimentet deira:

Il Palagio Message in a Bottle Bianco 2016

Vermentino (84%),Sauvignon (14%) og litt Trebbiano, biodynamisk.

Parfymert blomsterduft og pære, appelsin og urter lurer bakom. Sitrustoner som glir mellom lime og søt sitron. Enkel og behageleg snute.

Friskt og leskande anslag, markert og juicy midtparti med søt lime og ananas. Syrleg avslutning med anstendig lengde og fine sitrontonar.

Lettdrikkeleg og ukomplisert med reine smakar og fin balanse. Fungerte fint til steikt salmalaks. Heilt ålreit kjøp til 175,- Ekstra kudos for referanseordspel rundtom i flaskedesignet…

Sting – Ten Summoner’s Tale

Då Sting ga seg i Police og gjekk solo med The Dream of The Blue Turtles ville han verkeleg visa at han kunne stå på eigne bein – ikkje misforstå – både debuten og studio-oppfølgjaren Nothing Like The Sun er fantastiske plater, men han prøver kanskje litt for hardt. Tredjeplata Soul Cages vart ei introspektiv og terapeutisk bearbeiding av sorga etter tapet av foreldra. I mine øyre er det med Ten Summoner’s Tales frå 1993 Sting verkeleg får senka skuldrane og vist fram kombinasjonen av musikar, låtskrivar, tekstforfattar og funny guy i ei rekkje frittståande og sofistikerte popsongar. Med seg har han som vanleg Dominic Miller som gitarmagikar, og Vinnie Colaiuta (Zappa + 1 million andre jazz- og rockplater) på trommer. Forøvrig er det ein kjend bransjeløyndom at Sting er ein mykje meir kapabel bassist enn det han syner fram på platene sine…

The title was a mischievous conceit linking my surname, Sumner, with the scurrilous character in Geofffrey Chaucer’s Canterbury Tales. There was nothing more to it than that, and subtitling the first and last songs ‘Prologue’ and ‘Epilogue’ was just further mischief. The album artwork does include the first picture of me with a lute, something that would become significant to me in the years to follow.

Prologue (If I Ever Lose My Faith in You)  opnar plata – om karakterane til Sting etter kvart røper at dei strever litt med damene – så er dette ei beinvegs hylling til kor mykje ho eine betyr for han. Rett fram pop-genialitet med fine detaljar i bass og resten av bandet. At popmusikk skal gå i 4/4 har Sting aldri brydd seg om. Med Love Is Stronger Than Justice (The Munificent Seven) får vi country-jazz i 7/8, og det høyrest likevel uanstrengt ut, sjølv i ei skeiv taktart. Flott pianosolo frå David Sancious i tett samspel med hi-haten til Vinnie Colaiuta. Fields of Gold er p4-gjennombrotet til Sting, men likevel ei låt som er for bra til å overlatast til vaksenpop-segmentet. Nydelege detaljar frå Miller på akustisk gitar. Heavy Cloud No Rain er Oscar Wilde møter Donald Duck møter Lemony Snicket – dei treng på kvart vis nedbør, men skyene passerer utan å sleppa noko frå seg. She’s Too Good For Me er rockabilly-låten på plata før høgdepunktet avsluttar side 1 i Seven Days – ultimatumet frå kjærasten blir eit hysterisk morosamt intermesso i 5/4-takt med den unnvikande mannlege eg-figuren.

Does it bother me at all
My rival is Neanderthal
It makes me think
Perhaps I need a drink
IQ is no problem here
We won’t be playing
Scrabble for her hand I fear
I need that beer

Side 2 kjører på med tung jazzrock og implikasjonane ved å forelska seg i kjærasten til bestevenen i 7/8-takt, med eit Hammondorgel som hadde gjort Deep Purple grøne av misunning – gjesteopptreden av David Foxxe som djevel. (Obskur referanse: Sting er Zappa-fan. Når Sting gjorde denne låta live var det Vinnie Colaiuta som fylte rolla som Satan, på same måte som Terry Bozzio gjorde det i Frank Zappa sitt band.).

It’s Probably Me er den nydelege buddy-macho balladen frå Dødelig Våpen 3, her i eit arrangement utan Eric Clapton og Michael Kamen. Nytt høgdepunkt i Shape of my Heart. Fantastisk gitararrangement frå Dominic Miller kombinert med ein Sting som hentar ut kvar moglege metafor frå ein kortstokk for å sei noko om kjenslene sine. Something The Boy Said framstår som det svakaste sporet på plata, både melodisk og tekstleg – western-theme, nokon er på eit oppdrag, men kva? Kva motiverer dei? Du snakkar i gåter, Sting, og eg ville mykje heller hatt med Everybody Laughed But You som er bonus på cd-plata. Anyways – Epilogue (Nothing ‘Bout Me) er eit herleg oppgjer med kjendishysteri og tvilsame journalistiske metodar. Plata lét framleis friskt etter 25 år.

 

 

 

 

 Kjelder:

il-palagio.com 
sting.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *