Vind i håret, Windsbuhl

Når vi tenkjer på omgrepet terroir, er det kanskje det som er i og under jorda vi fyrst tenkjer på. Geologien, dei ulike tidsepokane som har størkna, avsett eller omforma massar til nye lag med granitt, basalt, kalkstein, skifer eller leire. Og korleis desse sjikta under det øverste topplaget kan påverke smak og struktur på den ferdige vinen. Dei lærde stridast om korleis Chablis kan smake østers, når vinstokken ikkje tek opp mineral frå det kalkrike kimmerigde-laget som røtene vitterleg står i. Det er godt det finst gåter å løyse for komande generasjonar. Men om vi løftar blikket, og kjenner på vinden i håret, så er det ein annan ting som også betyr mykje for terroir. Høgde over havet. Eit godt eksempel er vin frå Etna på Sicilia. Der ligg vinmarkene frå 350-1000 meter over havet og vinen er frisk og elegant, medan vindistrikt andre stader på Sicilia er merkte av å vere plassert langt sør, eit varmt middelhavsklima, og dermed heilt andre vinstilar.

Vinmarkene i Alsace nyt godt av Vosges-fjella, som tek av for regnbygene frå vest. Det gjer at den smale stripa som appellasjonen Alsace er, frå Thann i sør til grensa mot Pfalz og Tyskland i nord, har like lite nedbør som Sacramento i California. Her er også like mange soltimar som Côte-Rôtie, så mogne druer burde vere grei skuring.

Vinmarka Clos Windsbuhl ligg sørvest for Hunawihr, og er i dag heileigd av Domaine Zind-Humbrecht. 5,5 hektar er planta med vinstokkar. Ein del vender mot sør, resten mot søraust. Vinmarka var tidlegare kjend under namnet Erlach. Det var presten Joachim Stoll, som i 1668 gav området namnet Windsbuhl, den vindfulle høgda. Det var Cave Coopérative de Hunawihr som laga vinen frå Clos Windsbuhl på 1970- og 80-talet, då arbeidet byrja med å få på plass ein “Appellation Grand Cru” for dei beste vinmarkene i Alsace. Det kan ha vore noko av grunnen til at vinmarka ikkje fekk Grand Cru-status. På 17- og 1800-talet var vinen frå Clos Windsbuhl høgt prisa. Ein foretakssom industribyggjar og gourmet, Georges Spetz, lista Clos Windsbuhl saman med Geisberg, Schoenenbourg, Hengst og Rangen som dei beste vinmarkene på bloggen sin alt i 1914, og han blir framleis retweeta av framståande vinbønder i området. Léonard Humbrecht kjøpte vinmarka i 1988 av enkefru Bérengère Meyer, og hausta druer til fyrste vin same år. 0,9 hektar, ein sørvend parsell, er planta med riesling, medan største delen har pinot gris. Det er også ein del gewurztraminer, medan litt chardonnay og auxerrois går inn i blandingsvinen Zind. Vinmarka ligg altså høgt til, i Alsace-målestokk, 350 meter over havet. Dette gjer at her er det litt kjøligare enn mange andre stader i Alsace. Knoppskyting og bløming er 15-20 dagar seinare og vinmarka er ofte den siste som Zind-Humbrecht haustar. Under eit til dels svært tynt topplag med jord, ligg Clos Windsbuhl på kalkstein med mykje fossile skjel. Det er både steinete og innslag av leire. Zind-Humbrecht har eit eige arbeidslag som har ansvar for Clos Windsbuhl. Vinstokkane er planta i rader som går parallelt med skråninga med 1,1 meter mellom kvar rad. Dette gjer at hesten må til for å pløye, her er ikkje plass til traktor.

Når druene er i hus, har Zind-Humbrecht ei Bucher-presse, som jobbar sakte og forsiktig. Heile klasar blir pressa i 12-24 timar. Olivier Humbrecht er også tolmodig når det kjem til gjæringa. Etter ei kaldstabilisering der det grove botnfallet blir fjerna, går mosten til store eikefat for gjæring. Ingen gjær blir tilsett, og prosessen får ta den tida han treng. Olivier likar at riesling får bruke god tid, så kjellaren vert gjerne kjølt ned for at ikkje det skal gå for fort. Somme tider kan gjæringa ta opp til eitt år. Malolaktisk omdanning er vanlig. Olivier tykkjer at riesling viser best fram sitt terroir dersom det er mellom 1-7 g/l restsukker, men det hender at nokre årgangar gjev vinar med meir. Før tapping vert vinen filtrert for å vere sikker på at ikkje det skal vere med restar av gjær.

Det er vanskeleg å ikkje la seg “omvende”, når ein “sit ved føtene åt meisteren og lyttar.” Olivier Humbrecht er ein svært kunnskapsrik vinbonde og vinmakar, som nyttar røynsle, forsking, og vilje til å prøve nye ting for å forbetre vinen. Samtidig er han audmjuk nok til å innrømme at det er moment ved prosessen han ikkje fullt ut forstår. Til dømes meiner han at måten botnfallet i fatet påverkar vinen, framleis er eit lerret som har behov for utfyllande penselstrøk. Eg har ikkje smakt så veldig gamle Zind-Humbrecht-vinar men dei vinn heilt klart på lagring. Kanskje spesielt dei litt rikare vinane og årgangane. Av yngre vinar har eg opplevd at kjøligare og friskare årgangar som 2010, 2012 og 2014 er betre i sin ungdom, enn rikare år som 2007 og 2015. Men i framtida? No ser vi i ein spegel, i ei gåte..

Zind-Humbrecht Clos Windsbuhl Riesling 2011

Djup strågul med grønskjær. Lekkert kjølig preg av mogen sitron, og stein. Stram som ei springfjør, skarp som ein kveld i Bergen tidleg i juni. Frisk og balansert i munnen. Smak av grøne og raude eple. Fint og noko utvikla rieslingpreg. Ein god kombinasjon av kontinental katolsk hedonisme og streng nordisk Luther-syre. Ørlite tilknappa, truleg vil nokre få år til med lagring kunne opne opp nye element og gje eit litt anna og rundare preg. 450 kroner er mykje, men riesling blir ikkje betre enn dette, berre anleis. 13% alkohol, 4,3 g/l restsukker, 4,4 g/l syre. Indice 1 på Zind-Humbrecht sin eigen sødmeskala, der 1 er knusttørr og 5 er relativt søt vin, nesten som ein Vendange Tardive, men utan druer med botrytis.

Notat frå 27.04.18. Vinen er smakt frå Riedel Vinum Riesling-glas, heime.

Ein tanke på “Vind i håret, Windsbuhl

Leave a Reply