Ascension Deficit

«Mitt beger skal de drikka, men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har gjort i stand for.» (Evangeliet etter Matteus)

Det går mot Kristi Himmelferdsdag og – sjølv om det er lite dokumentert utanom Evangeliet etter Lukas – markeringa til minne om at Kristus vart teken vekk frå jorda. I høve dagen tenkjer eg det kan passa med ein vin frå Jesuitengarten i Forst, ei av dei mest omtykte parsellane i Pfalz, sju hektar der mellom anna Mosbacher og Eugen Müller hentar druer frå.

Vinen vi skal smaka i dag er resultatet av 300 års drift – først gjennom Magin-familien, som  var med å stifta VDP Pfalz – før Anton Acham gifta seg til gard i 1947. Målet i dag er å produsera økologisk, tørr vin med tydeleg adresse – og med biodynamiske prinsipp.

 

Acham-Magin Jesuitengarten Riesling GG 2014

Parfymerte blomstertoner, sylta sitron og tropisk juice på snuten frå nyopna flaske. Litt steinete, men ikkje så mineralsk som eg hadde venta meg. Helt over på karaffel og satt vekk i 4 timer. Stadig gjerrig på duft, litt lime, litt våt skifer, ørlite krydder – korianderfrø og muskat?

Smaken blir først distrahert med eit bittert kjørvelpreg som brukar litt tid på å bli lufta vekk, men som med tid vert erstatta med ei herleg sitronsyre. Fyldig anslag, konsentrert midtparti som vandrar mellom fersken, granny smith og lime/sitrus. Eit litt bittert urtebitt. Tropisk juice-avslutning som varer leenge…

Ikkje allverdas mest kompliserte greie, men herlege smakar som eg likte veldig godt. Med tid får vinen ei harmonisk eleganse der ein ikkje legg merke til 13 prosent alkohol anna enn som auka frekvens i skrivefeil. Kjennes litt ung ut – antakeleg vil vinen ha godt av å gå av seg valpefett med nokre år til i kjellaren. Fungerte veldig fint med laksekaker.


Skydive Trio – Sun Sparkle

Skydive-prosjektet til Mats Eilertsen har hatt mange format gjennom åra, men ser no ut til å funne formen som trio – Eilertsen er også komfortabel med å overlata frontrolla til gitartrollmann Thomas T Dahl (Krøyt, BMX, Ephemera, St. Satan) som ser ut til å ha ei utømmeleg evne til å komma opp med nye musikalske idear.

Mats Eilertsen sjølv er lyrikaren i kontrabassverda – stødig leitande etter neste melodiske linje, enten det er med eigne komposisjonar i tingingsverk til Vossa Jazz, i samspel med Tord Gustavsen eller med Solveig Slettahjell. Sistemann – finske Olavi Louhivuori – held trommekrakken hjå Tomasz Stanko, samt det meste av finsk jazz.

Oi! Launch er eit kontant statement om at Eilertsen har lytta til King Crimson og Hedvig Mollestad sidan sist. To minuttar med taktskeivt og groovy rytmespel under lange, melodiske gitarlinjer. Der Dahl på førre plate sto for brorparten av komposisjonane, slepp trommeslagar Olavi Louhivuori til med fem av ti spor her. Først ut er Convoy, roleg psykedelia som kan minna litt om dei melodiske delane frå Set The Controls For The Heart Of The Sun. Samspelet mellom basstromme og bass er så tett at det berre er endra tonehøgde som røper at det er to instrument samstundes.

Apollo er mørk surfmusikk – nært eit David Lynch-soundtrack, med ein hypnotisk groove som Thomas Dahl kastar intense melodiske linjer over, medan Engine Rest er ballade i melankolsk Bill Frisell-land der Eilertsen endeleg finn fram kontrabassen og verdas mest organiske basstone. Surface Stride avsluttar side A med den einaste Thomas Dahl-komposisjonen på plata gitaren pludrar melodiske idear nok til ei heil plateside over ein laus og langsam groove frå rytmeseksjonen.

Decending kunne vore henta frå eit Portishead-album. Fantastiske smådetaljer i trommespelet til Louhivuori. Spruce er trioen på sitt vakraste. Apokryfe kjelder vil ha det til at Mats Eilertsen spelte så vakkert på opptaksprøven til jazzlinja at nokre av tilhøyrarane byrja å gråte – den bogespelte kontrabassen tyder på at dette kan stemme. Ascending tar oss inn i Jeff Beck-land. Eventuelt ein jam der Cream framleis var på talefot og Ginger Baker framleis var i same dimensjon… Tittellåta Sun Sparkle har popkvalitetar, detaljert samspel mellom trommer og bass, og nydeleg gitar på toppen før Wish I was Who? (Camera Off) rundar det heile av med Bill Frisell-amerikana. Nydeleg plate!

Skydive Trio speler på Nattjazz i Bergen 25. mai.

Kjelder:

Hubromusic.com

https://www.acham-magin.de/

Bibelen

 

2 tankar på “Ascension Deficit

Leave a Reply