Lock & Worth Merlot 2017

Kanadisk merlot, eh? For rundtom eit år sidan hadde eg ein liten snorkeltur i vinar frå British Columbia, der eg tykte godt om både mooserande frå Blue Mountain og pinot noir frå Meyer.

Lock & Worth sin Sauvignon Blanc & Semillon strevde eg derimot meir med, der sat eg meir pris på duft enn det syrlege emaljeskrellet. No har dei sendt eit nytt parti av den vesle produksjonen til Noreg, og denne gongen prøver eg meg på merloten deira.

I Okanagan Valley bedriv Matthew SherLOCK & Ross HackWORTH naturvinminimalisme både undervegs – vinen får stort sett utvikla sitt eige særpreg utan innblanding – og i mengde – dei produserar knapt 14 000 flasker i året fordelt på to kvite, to raude og ein rosé.

Winemaking wise we are really trying to push the envelope with hands-off winemaking. Like doing nothing…

Lock & Worth Merlot 2017

Blåplommer, modne jordbær, hengt vilt som rusker litt i duftbildet, mjølkesjokolade, litt krydder –  svart pepar, antydning til kanel og mynte. Litt kaotisk og overveldande frå nyopna flaske. Profiterar på lufting og samlar seg etter kvart om ei behageleg krydra plommeduft.

Friskt anslag – sursøte kirsebær, smooth midtparti med plommer og nellik, syrleg avslutning med mykje rips. Litt luftetid gjev ryddigare plommesmak og litt bitre urter. Slank og lett vin som samstundes er ganske så kul i ein slags lågmælt kompleksitet, og som eg likte veldig godt. Fungerte heilt greitt til eit stykke hjort med smørsteikt traktkantarell.

Joni Mitchell – A Woman In The East (The 1983 Tokyo Broadcast)

I 1982 slapp Joni Mitchell sitt 11. studioalbum og markerte ein overgang frå det jazzorienterte 70-talet, og over i eit meir popete lydbilete. Året etter var ho på verdsturne og eit av minna er denne halvoffisielle innspelinga frå Tokyo. Plata er henta frå ei radiosending av konserten og ber lydmessig preg av å vera komprimert i både bass og diskant, men lét elles detaljert og balansert.

Ho har tatt farvel med superstjernene – her er korkje Pat Metheny, Jaco Pastorius eller Wayne Shorter. Til gjengjeld får vi mellom anna Larry Klein og Vinnie Colaiuta (her også!) i ein kompakt kvintett der arrangementa er mykje meir røffe. På plata blandar ho nye ting frå Wild Things Run Fast med klassikarar frå Blue, Hissing of Summer Lawns, Hejira  og Mingus. For meg som har slitt ut dei fleste av desse platene, er det litt rart å høyre låtane i omarbeidde versjonar, og kanskje fell eg mest for versjonane der det berre er Joni og gitaren hennar.

Høgdepunkta er uansett mange over fire platesider. Vi får nakne og sårbare versjonar av Both Sides Now og A Case Of You,  medan Solid Love og Chinese Cafe syner eit band i storform saman med Joni som historieforteljar. Refuge Of The Roads har eit leikande ska-preg med Vinnie Colaiuta i spissen, medan Buddy Holly sin You’re So Square  høyrest ut som Chrissie Hynde og The Pretenders.

Ikkje ei viktig plate i katalogen – men konsertplater er alltid kjekt, og det er gøy å høyre Joni Mitchell med rockeband!

 

Kjelde:

www.lockandworth.com

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *