Vår: asparges og kvitt

Våren er over oss, og eg forsøker meg på kvit asparges med hollandaise, eller var det hin vegen? Er kvit asparges berre eit påskot for å lage seg ein feit og deilig saus? Det er vel litt for ekstravagant å lage seg hollandaise berre fordi ein har lyst på hollandaise. I allefall på vestlandet. Men kanskje andre stader i verda. Kanskje på austlandet. Kanskje i Vestby, Skedsmokorset eller i Asker, kan ein høyre ein samtale om lag som denne: «Kjære? Vet du hva, jeg fikk bare SÅ lyst på hollandaise. Jeg laget en stor porsjon. Den står her i sous vide-badet på benken. Bare forsyn deg!» «Ok, fint det, jeg må bare stikke å hente pjokken på fotballtrening først. Gleder meg til sævs!»

Eg såg til mi undring at dei hadde kvit asparges i min lokale butikk, og slo til. Utan vidare planar for bruken. Samtidig fekk eg sms med invitasjon til kveldsbesøk hjå min kokkeven, til asparges etc. Ta med vin! Min grytekompis stilte med både spekeskinke og espumafisert hollandaise. Min eigen variant på kjøkenet dagen etter, var litt meir ordinær og lærebokaktig. Godt var det, begge deler.

Eg hadde både sauvignon blanc og vin frå Franken i hus. Ikkje silvaner, men riesling funka bra det og. Silvaner får eg teste til neste år. Sesongen er kort, og snart over. Nye prosjekt pressar seg på.

Graham Norton´s Own Sauvignon Blanc 2016

Nesten heilt klar på farge. Typeriktig sauvignon blanc med frisk og lett lukt av stikkelsbær, litt sitrus og steinfrukt. Frisk og lett vin med sitrussyre, smak av stikkelsbær og litt tropisk frukt. Enkel og grei. Druer frå Wairau valley, Marlborough på New Zealand. UK showman Graham Norton har visst hatt pølsefingrane sine med i denne, men truleg har vinmakar Rob Cameron gjort mesteparten av jobben. Vinen er heilt ok, men for spinkel for ekte hollandaise.

Horst Sauer Escherndorfer Lump Riesling Kabinett Trocken 2012

Strågul på farge. Luktar noko utvikla riesling, med friske raude Sogne-eple og litt rural bensinstasjon. Frisk og god tørr riesling på smak. Lett og syrlig, med smak av steinfrukt, kalk og gode eple. Smal, men med lekker utvikla smak. Legg på seg meir frukt med tid i glaset. Denne har tålt litt lagring fint, men er nok ikkje noko langtidsprosjekt. God til asparges med fluffy hollandaise. Kostar no desverre 120 kroner meir enn då eg kjøpte han for om lag eitt år sidan.

Bickel Stumpf Thüngersheimer Riesling Trocken 2015

Strågul. Rein, frisk og noko utvikla på lukt, med gule eple, kvit fersken og sitrus. Fin middels fylde, god trøkk i frukta. Slank, epleprega riesling på smak, krydra med underjordisk støv (er det kalk og leire?). God syre. Lang ettersmak med steinfrukt og litt grapefruktbitterheit. Ein god, tørr og ganske rimeleg riesling frå det-beste-riesling-distriktet-i-tyskland-du-ikkje-kjem-på-i-farten. Gjekk vel av med sigeren i ei smaking av alle tyske tørre rieslingar under 200 kr, i fjor. Fungerte også greit til dei kvite stilkane og sausen, men Horst Sauer sin vin var hakket betre match.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *