Blood Sugar Sec Magik

I ein region der det har vore dyrka chenin blanc sidan 800-talet, er Domaine Hüet med sine 90 år ein slags nykomar. I 1928 var det nettopp Le Haut-Lieu Victor Hüet kjøpte då vinhuset vart fødd. Sidan 1988 har garden vore driven biodynamisk. At chenin blanc er verdsstjerne i Loire, men arbeidshest i resten av verda seier antakeleg noko om kor allsidig drua er. Alt etter vekststad kan chenin blanc bli til frå den spissaste musserande til den søtaste dessertvin. I Loire brukar drua lang tid på å mognast – elver på kryss og tvers skapar store skilnader i fuktnivå frå ei vinmark til ei annan. Skoddefylte sidedalar legg til rette for botrytis om då ikkje heile greia rotnar vekk… I tillegg er drua så vekstvillig at ho bør tynnast midtsumars for å halda avkastninga nede og  konsentrasjonen oppe. Enkelte produsentar sår til og med gras mellom rankene for å redusera vekstkrafta.

Dom. Huet Vouvray Le Haut-Lieu Sec 2011

Intens duft av eple og våt stein følgjer med korken ved opning, dempar seg fort i karaffel. Roer ned med fersken, friskt gras og gule eple på snuten, saman med litt lime, litt sjø, litt knust stein, honning og bivoks. Behagelege duftar, chenin blanc minutt-for-minutt, er i stadig endring.

Powerhouse anslag inn i eit litt kantete midtparti med mykje eplesmakar som etter kvart får ei sexylubben og litt oljete munnkjensle. Litt fruktsødme med antydning til honning, pluss eit saltpreg. Vin på vandring – innimellom bitter grapefrukt, etter kvart sylta sitron. Lang avslutning med fyldig eplenektar. Kul vin med litt røffe kantar.

Ceramic Dog –YRU Still Here?

Då eg møtte Marc Ribot (Tom Waits, Elvis Costello, John Zorn, Diana Krall(!), +++) for første gong i 2003 var han sint. Sint på George W Bush som prøvde å lura verda inn i ein krig mot Irak og i same slengen hadde strama inn lovane heime i ei autoritær retning. Som aktivist hadde han i åra før blitt arrestert tallause gongar framfor den Sørafrikanske ambassaden i kampen mot apartheid – i den tida slapp du ut igjen etter ein halvtime og saka vart henlagt. No kunne du risikera å bli arrestert i ein antikrigsdemonstrasjon, sitja i varetekt over natta og måtta møte i retten etterpå. Når ein ser på situasjonen i USA i dag, har eg innimellom lurt på korleis Ribot tar det, og svaret kom i posten for nokre dagar sidan i vinylform: Han er kvitglødande av raseri…

After all the playing I’ve done, there’s just something about this group that still manages to shock me.

Verdas mest presise jazzpunkband, Ceramic Dog, har eksistert i ti år no, men det er heile fem år sidan førre trioplate saman med Shahzad Ismaily (2 Foot Yard, Bonnie ‘Prince’ Billy, Sam Amidon, Secret Chiefs 3) og Ches Smith, rehabilitert metalltrommis på veg inn i stallen til ECM. Med tekstane på YRU Still Here? blir Tung, Tung Politisk Rock ei ny vekteining. Musikalsk er dei meir presise enn nokon gong – spesielt trommer og bass (vi veit liksom at Marc Ribot kan spela gitar) lét telepatisk tett.

Personal Nancy er resistance i form av snerrande åttitalspunk  medan Pennsylvania 6 6666 er barndomsminna til Ismaily som barn av pakistanske immigrantar – At first they hung me out the window  Threw my cake out in the rain  Called me ugly and disgusting… – musikalsk ein ganske smooth latinjazzgreie som syner dei kubanske linjene i Ribot sitt univers og lagar ein grotesk kontrast til mobbehistoriane i teksten. Bluespunken i Agnes er ikkje så interessant forutan eit funky moogbass-parti som får golvet til å riste. Oral Sidney… er sabotasjefunk i verdsklasse. Førestill deg at I Am The Slime frå Zappa og ei funky Prince-låt blir spelt samstundes. Og litt ute av tempo med kvarandre… Tittellåta avsluttar side A med dempa, nesten capoeira-aktig droning, og ein ettertenksom Ribot på vokal.

Side B startar i protestsong-modus med Muslim Jewish Resistance der mantraet bokstavleg talt er Never Again og angrepsmåla mellom anna er nazisme, fascisme, Steve Bannon og Donald Trump. Orthodoxy er raga ‘n’ roll i samspel med Neel Murgai som gjest på sitar – kul Mahavishnu-ish låt med flotte melodilinjer. Fuck La Migra er bandet på sitt sintaste, der dei går rett i strupen på immigrasjonsmyndigheitene som raider nabolaga deira. «Protect DACA. Stop The Raids. Fuck La Migra!» Siste låt Frek Freak Freak… er Princefunk og syner at dei kan groove også. (Rawhide er kun tilgjengeleg på cd/nedlasting sjølv om det er påfallande god plass igjen på vinylen…)

Kjelder:

domainehuet.com/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
marcribot.com

2 tankar på “Blood Sugar Sec Magik

Leave a Reply