Lamoresca Mascalisi 2015


Sånn ikkje særleg presist midt mellom Palermo og Catania ligg vesle San Micheli di Ganzaria der Lamoresca har 10 økologiske hektar å dyrka oliven og vindruer på. Det sicilianske innlandsklimaet på 400 meters høgde har varme og tørre dagar, og kjølege netter.

Økologisk drift, handplukka druer, tilsette som klappar husdyra med eit venleg ord, spontanfermentert på plastikktank(!), 4 veker på skalet, ufiltrert, minimalt med svovling, you know the drill…  Femti/femti nerello mascalese og frappato.

Lamoresca Mascalisi 2015

Kirsebær, lyng, modne moreller, litt fjøslukt utan at det skjemmer – tvert imot kjenner odelsguten seg heime… Svart pepar og litt anis, med tid bringebær. Sursøte toner kjem og går… Ein slags røff eleganse med reine duftar, som eg likte veldig godt. Det er sjeldan eg kommenterer utsjånad, men den tåkete rubinraude fargen er berre nydeleg.

Forsiktig smaksanslag, aukar i intensitet i eit juicy midtparti med syrlege moreller. Anstendig lengde med eit lite rosmarinbitt. Kul, leskande og skummelt lettdrikkeleg vin som eg skulle ønska hadde litt meir konsentrasjon. Lovar litt meir på snuten enn ein får i smak – likevel veldig bra til eit stykke grilla kjøt ein varm kveld.

Musikalsk bonus: Tin Hat Trio – Helium

This blinding kiss breathes helium into my heart
And erases the embraces of all other lovers
With this kiss

Ein liten godbit frå 2000 av San Francisco-bandet Tin Hat Trio, med ein gjestevokalist vi straks kjem attende til. Banjo, trekkspel og fiolin er ikkje akkurat verdas vanlegaste triobesetning, men så er ikkje musikken vanleg heller. Med klassisk bakgrunn og kun forakt for sjangerbåsar blir dette ei slags kammermusikk møter bluegrass på eit gatehjørne i Paris – ispedd litt Astor Piazzolla-tango, Django-jazz og musikk til filmar som ikkje er laga enno. Innimellom har dei skarpe kantar, men overraskande ofte er det både melodisk og vakkert. Heile plata er tilgjengeleg på Spotify.

Your ruby lips speak for themselves, they tell nothing but lies
I dissolve into the wax of a flickering candle
With this kiss

Ah! Gjestevokalisten, ja. På siste sporet – førestill deg eit fransk cafe-band som spelar Morricone – dukkar Tom Waits opp i ekstra sentimentalt humør og gjev eit nydeleg bidrag til Helium.

 

Kjelde:
agrimoresca.it

Leave a Reply