Knightor Classic Cuvée Brut

What’s all the fizz about?

Etter første brexit då Storbritannia sa farvel til Frankrike for 450 000 år sidan, tok dei med seg geologien frå Champagne. Klimaendringane er i ferd å leggja til rette for perfekte temperaturar i Sør-England, og sjølvtilliten er stor nok til å yppe seg mot storebror i sør.

Sjølv har eg hatt glede av Ridgeview Cavendish og rosa Fitzrovia, samt eit glas Hambledon Classic Cuvée med så delikat duft at eg kunne ha lukta på den i dagevis. Felles i mi oppleving av engelsk musserande har vore ein veldig tiltalande snute, kompleks frukt, men litt kantete syre i avslutninga som eg ikkje opplevde som heilt integrert. Med prisar mellom 350 og 400 har det rett og slett vore høgare kvalitet hjå vinane frå Champagne.

Denne veka er det Brit Fizz-slepp på Spesialpola med mykje godt (og dyrt). Min indre gnitne stril går heller andre vegen og sjekkar om britiske bobler under 300,- har noko å fara med…

Knightor Classic Cuvée Brut

Polet seier Pinot Gris 14%, Chardonnay 26%, Auxerrois 20%, Reichensteiner 20%, Pinot Noir 20%. Produsenten si heimeside seier Reichensteiner, Huxelrebe, Kerner, Pinot Noir, Pinot Gris, Seyval Blanc… Dei ‘ukjende’ drueslaga har mykje til felles med sjampanjedruene, men er meir kulderesistente.

«Veldig sjampanje» frå nyopna flaske, nybakt brød, gule eple; med tid i glaset glir duftane over i hyllebær og sitrondrops.

Lett anslag med reine sitronsmakar, eit noko fyldigare midtparti med eple og litt søtleg frukt, saumlaus overgang til ei sitronfylt avslutning med anstendig lengde. Enkel, leskande og lettdrikkeleg vin som fint måler seg med storebror i same prisklasse.

Jaco Pastorius – Invitation

Når du sjølv går rundt og omtalar deg som «the greatest bass player in the world» og bassgitarens svar på Jimi Hendrix, må du nesten vera Jaco Pastorius for å sleppa unna med det. Mytane om den lidande kunstnaren som må kunstne for å halda galskapen unna er seigliva, men sjeldan så tydeleg som her. Bipolar diagnose kombinert med høgt rusmisbruk er ein dårleg kombinasjon. På sitt beste var han ein kjærleg familiemann som sov hjå kjente (eller på stranda) under turnear for å kunne senda meir penger heim, på sitt mest maniske var han verdas beste musikar og yppa bokstavleg talt på seg juling, medan depresjonane førte han inn i eit mørke ikkje eingong musikken kunne henta han ut frå.

Sjølv signaturtonen til Pastorius kom gjennom destruktiv kraft – ta ein 1962 Fender Precision, riv ut banda nedover halsen med tang, fyll igjen hola med treflis, mal over halsen med epoxy og start ei unik karriere… Det finns bassistar i dag som kan prestera betre teknisk (som i ‘spela fortare’), men ingen har kunna matche kombinasjonen med groove og tonekvalitet. I 2014 kom dokumentaren Jaco, produsert av Robert Trujillo frå Metallica.

Den sjølvtitulerte førsteplata viste fram basshelten Pastorius, nummer to – Word of Mouth – komponisten og låtskrivaren. Tredjeplata frå 1983 som vi skal kikka på i kveld er på Japanturne med eit superstorband, og viser det beste frå komponisten, arrangøren og bassisten Jaco Pastorius.

Som hør og bør startar plata med eit råkjør av ein versjon av Kaper-låta Invitation. Intens solo frå Randy Brecker og manisk perkusjon frå Don Alias. Utprøvande bassolo som kanskje vil litt mykje på ein gong.  Amerika er nasjonalhymnen for solobass som vi unge bassistar strevde med på seint åttital før Pee Wee Ellis-låta The Chicken får fram din indre James Brown i eit funky fyrverkeri. Verdas mest groovy basslinje, saftig saksofon frå Bobby Mintzer og – dette er antakeleg Pastorius si greie for karibisk musikk – steel drum solo. Continuum er lyrisk solo med nerve for meir enn bassist-kyrkjelyden.

Side to opnar med eigenkomponerte Liberty City, moderne og melodisk storbandmusikk før Duke Ellington sin Sophisticated Lady blir ein nydeleg duett mellom Toots Thielemans på munnspel og Jaco på bass. Enkelte vil kanskje kjenna lettelse når Pastorius spelar ein liten feil rundt 2:50, for meg får bassguden menneskelege eigenskapar og veks i vørdnad. Anyways, Reza/Giant Steps/Reza kombinerer sjølvlaga musikk med John Coltrane sin klassikar. Ubeskriveleg trompetsolo frå Jon Faddis før kumpanen frå Weather Report, Peter Erskine, syner cymbalskillsa sine. R&B-låta Fannie Mae frå 1960 blir superfunky i dette arrangementet før Eleven (Miles Davis/Gil Evans) blir verdas kortaste ekstranummer.

 

Kjelder:
www.knightor.com
Div. Wikipedia
Bill Milkowski – Jaco

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *