Josef Chromy Non Vintage Tasmanian Sparkling Cuvee

Det vesle eg veit om antipodane i Tasmania er at ei av dei gifta seg med den danske kronprinsen, og ein annan har ved fleire høve prøvd å eta Snurre Sprett. Dette har likevel ikkje hindra den australske delstaten å ha ein vinindustri som nyttar eit kjøligare klima til å laga ein annan stil enn …øh… fastlandsaustralia, og den langsame mogninga er i tillegg er ekstra eigna for musserande.

Josef Chromy overlevde både  nazi-okkupasjon og ditto sovjetisk, før han med enorm risiko rømde frå Tsjekkoslovakia i 1950 – no er han snart 90, og kan sjå tilbake som eit liv som premissleverandør i tasmansk vinproduksjon.

Josef Chromy Non Vintage Tasmanian Sparkling Cuvee

Pinot Noir 58%, Chardonnay 41%, Pinot Meunier 1%, handplukka druer, sjampanjemetode, 18 månader på bunnfallet.

Potent kork som måtte haldast igjen av alle krefter. Mykje bobler. Gule eple, rista brød, smørkjeks, nyslått gras og raud fisk-smågodt. Ørlite gjærpreg som rusker litt, men alt i alt ein delikat snute.

Crispt anslag og kremete munnkjensle. Litt forsiktig – likevel fyldig med eit modent preg – midtparti med mykje eple og litt kjørvel. Rund avslutning med sitron og sitronskal. Rein og pen utan det heilt store særpreget – uansett verd sine 200 kroner etter å ha reist halve verda hit. Fungerte veldig fint med ein you’re overdoing it-versjon av Cæsarsalat…

Prince – Nothing Compares 2 U

«I spotted the two-inch multitrack reel in the Vault some weeks back while doing a 1984-era inventory. After retrieving my jaw from the floor, we took the reel upstairs, analysed it, put it up on the Studer 24 track machine, and digitised it to 24/192. Even our ‘faders up’ rough mix was compelling enough to indicate that this was something very special indeed.» (Michael Howe, Prince Estate’s official Vault Archivist)

Arkivet Prince etterlot seg er gigantisk, og vaultmeister Howe har ei diger oppgåve framfor seg med å kartleggja kva som finns av innspelingar. I juli kjem eit heimeopptak med Prince & piano, der han mellom anna speler Joni Mitchell. Her byrjar vi roleg med ein god gamaldags sjutommar – eg måtte til og med på loftet for å finna ein sånn rund dings å ha i midten på singelen – med det originale opptaket av Nothing Compares 2 U frå 1984, seks år før Sinead O’Connor ga ut sin versjon.

Det finns ein picture-disc av plata, men den kjem i ein overprisa bundle med ei t-skjorte kun frå eige heimeside. Den «vanlege» svarte singelen har ei a-side med ein stram edit som lét klar til radiospeling. Side b er eit halvt minutt lenger og har meir plass til ein slags jam-stemning mellom saksofonen til Eric Leeds og Prince sin gitar som verkar meir spontan og leikent. Sjølv tar han ikkje sats før på «All the flowers in the backyard»-verset, der han verkeleg syner kor intens røysta er.

Personleg syns eg dette er meir historisk interessant enn viktig, og sånn sett vil eg heller gå for live-opptaket i duett med Rosie Gaines på Prince 4Ever-samleplata.

Kjelder:
https://www.officialprincemusic.com/
https://www.josefchromy.com.au/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *