Wind Gap Trousseau Gris 2015

Polet seier rosévin, augene mine observerer gyllen oransje. Polet seier trousseau (synonym: merenzao) medan produsenten (og etiketten) seier at det er den kvite hybriden trousseau gris (innimellom omtalt som grey riesling i USA). Det skal ikkje vera enkelt…  Druesorten trousseau gris er uansett ikkje daglegdags – i California ser det ut til kun å vera hjå Fannuchi-Wood Road Vineyard i Russian Valley at drua har 4 hektar for seg sjølv – resten er tilfeldige restar som enno ikkje er konkurrert ut av chardonnay.

Bio-hipstarane hjå Wind Gap har gjeninnført fottrakking av druene. Forøvrig det vanlege: spontanfermentering, villgjær, manuell sortering, vin som skal spegla autentisitet, årgang og eigenart utan innblanding…

Wind Gap Trousseau Gris 2015

Sursøt naturvinfruktsnute kombinert med modne – litt oksiderte – eple og etter kvart bringebær og rabarbra. Duft på vandring – frå sursøte bær til blomstereng til nybakt eplepai.

Saftig anslag med gule eple og epleskrell. Fyldig midtparti med meir eple, hermetiske pærer, litt yoghurt naturell-preg i bakgrunnen, litt tørka krydder. Rund avslutning med litt bitter grapefrukt.

Kul vin på den moderate naturvinsida – godt kjøp nedsett til 200 og tilgjengeleg på over hundre pol.

 

Musikkbonus: The Ditty Bops  

Why can’t little kids tie their shoes?
Why can’t the white people play the blues?
Why can’t I fall in love with you?
It must be because of the seasons…

Verdas beste ragtime-vokaljazz-bluegrass-band? Jaffal mest sjarmerande med ei slags Andrew Sisters møter indierock på revy. Både Abby DeWald og Amanda Barret er sterke vokalistar kvar for seg – saman knuser dei det meste både musikalsk og tekstleg. Lyrisk observerer dei i Seinfeldsk stil – med tema både om miljøvern og medmenneskelege forhold, ofte veldig morosamt.

Eg er usikker på om bandet eksisterer framleis – etter dei hoppa av frå Warner Bros og ga ut musikken sin sjølv på nettet vart platesleppene meir sporadiske, men samstundes meir personlege. Det dukka gjerne opp platecover med pop-opp-motiv, eller handteikna framsider i posten. Uansett super sumarmusikk med garantert smilefaktor…

 

Kjelder:
+http://www.windgapwines.com
Div Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner

Ein tanke på “Wind Gap Trousseau Gris 2015

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *