Bogdan Riesling Italico 2015

Riesling Italico, Welschriesling, Laški Rizling, Olasz Riesling, eller Ryzlink om du vil…

Ei kvit vindrue som ikkje har noko med det vi kjenner som riesling å gjere. Ei utskjelt drue som kommunist-jugoslavia pøste ut på marknaden i nær udrikkelege industrielle vinar. Ikkje rart at tyskarane vart sure – enkelte hevdar at namnelikskapen har vore medskuldig i det dårlege ryktet «vanleg» riesling i periodar har hatt. Welschriesling – framandriesling – eller oppkalt etter Wallachia (Vlaska) i Romania? Etymologien er uklar for ei drue med dårleg rykte og stor avkastning.

I Dobrogea (Murfatlar D.O.C.) planta Bogdan druer så seint som i 2011, og vart sertifisert biodynamisk i 2016 som den første vingarden i Romania. Her er det full antroposofi-pakke, inkludert myten om at reine vinar ikkje gjev hangover. Såh – dei er glade i dyr, månekalendrar og natur generelt – men kan dei laga god vin av ei utskjelt drue?

Bogdan Riesling Italico 2015

Behageleg snute frå nyopna flaske. Blomstereng, gule eple, epleskrell, våt stein, litt røyk/flint, litt moden pære, etter kvart litt nøttepreg. Rein og pen, men gjerrig på duft.

Friskt anslag, sexylubbent midtparti med pæresødme, lime, fersken og eple. Litt bitre urter. Fyldig avslutning med ei anstendig lengde og – med litt tålmod – ei fin granny smith-syre.

Rein og pen vin utan den heilt store wow-faktoren. Både duft og smak er fine og «riktige», men veldig forsiktige. Berre litt meir konsentrasjon i vinen hadde nok gjort meg meir entusiastisk. Uansett eit fint kjøp til 175,- som fungerte heilt greit til rekecocktail, men som eg trur høver betre til kyllingsalat eller ein lett pastarett.

Meshell Ndegeocello – Ventriloquism

«The year around the recording of this album was so disorienting and dispiriting for me personally and for so many people I know and spoke to all the time. I looked for a way to make something that was light while things around me were so dark, a musical place to go that reminded me of another, brighter time.»

Ho har spelt bass for Rolling Stones, Herbie Hancock og Madonna, og hadde ein kjempehit i 1994 i duett med John Mellencamp. Sjølv har ho sloppe 12 soloalbum. Litt flau har eg i over 20 år tenkt at eg må sjekka ut Meshell Ndegeocello utan at det har blitt noko av. Og når eg først somlar meg til det, så er det med eit coveralbum! Med r’n’b frå 80-talet!!

Det syner seg at det gjer ingenting – eit røft, men supertight band og røysta hennar friskar opp og fornyar både kjende og gløymde perler (og guilty pleasures) frå 30 år sidan.

«Early on in my career, I was told to make the same kind of album again and again, and when I didn’t do that, I lost support. There isn’t much diversity within genres, which are ghettoizing themselves, and I liked the idea of turning hits I loved into something even just a little less familiar or formulaic. It was an opportunity to pay a new kind of tribute.»

Plata opnar med Lisa Lisa/Cult Jam sin I Wonder If I Take You Home i eit leikent groovy, Prince-aktig arrangement før slicke Nite and Day  frå slicke Al B Sure blir tatt dramatisk ned i tempo, og med den magiske røysta til Ndegeocello går låta frå glatt og småcreepy til ei nydeleg kjærleikserklæring. Ho er ganske trufast mot Sometimes it Snows in April, pianoet til Prince er bytta ut med barytongitar og gitar, formidlinga gjer låta enno tristare… Nytt høgdepunkt: Waterfalls er kraftig strippa ned i tempo og instrument – med eit heilt anna fokus på den såre teksten.

George Clinton sitt 80-talscomeback Atomic Dog blir eit slags spark til alle plateselskapsfolka som meinte Ndegeocello burde bli meir funky. Hennar variant er også ganske fjollete, men meir i ein slags afro-beat møter folk-variant. Humoren heldt fram i Sensitivity (Ralph Tresvant) der den litt pinleg glatte originalen får ein slags lystspill-med-Tanita-Tikaram-preg, medan Janet Jackson sin Funny How Time Flies (When You’re Having Fun) blir introvert og dronete. For meg dei to svakaste spora på plata.

Vokalgruppa Force MD’s hadde vel ikkje så mykje meir å fara med enn Tender Love frå 1986. Originalen er i overkant glatt åttitalspop – Meshell tilnærmer seg med ein folk-versjon, inkludert munnspel og ei nerve i røysta si, og ender opp med eit vakkert lite høgdepunkt på plata. Don’t Disturb This Groove (The System) er igjen ei neddempa åttitalslåt. Fin popteft og stilige vokalarrangement, men ikkje det mest minneverdige (Dette seier antakeleg mest om kor gode dei sterkaste spora er.). Opptur igjen mot slutten: Dire Straits/Tina Turner sin Private Dancer er mørk. Veldig mørk. For meg som hadde denne på kassett i 1985 er det litt pinleg å oppdaga desperasjonen i teksten så lenge etterpå. Langsom vals med lagvise gitarar som minner mykje om Daniel Lanois. Siste låt, Smooth Operator, blir ei blanding av Grace Jones og King Crimson i eit knalltøft, taktskeivt 5/4-arrangement.

Enn så lenge mi favorittplate frå 2018. Forøvrig har ikkje Meshell Ndegeocello gløymd aktivisten i seg. Deler av inntekta frå plata går til American Civil Liberties Union.

Kjelder:

Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Meshell.com
domeniulbogdan.ro
Div. Wikipedia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *