Nysgjerrig på ny sherry

Dei fleste sherrybodegaene har vore i drift sidan seglskuter og hest var dei vanligaste transportmidla. Det har vore ein kamp for å overleve og dei har vore i krigen. Maurarane kosta over Gibraltarstredet i 711 og omskapte Andalucia, før resten av Iberia vart hærteke. Det kristne kongedømet i nord starta motstandskampen og sidan bølgja det att og fram i hundrevis av år. Engelskmenn var tørste på Sack, og sende sine handelsfolk til Jerez og Sanlúcar. Kva slags vin var det dei skipa heim til det britiske imperiet? Dei lærde, som til dømes Julian Jeffs og Hugh Johnson stridest, men vinen kan ha vore tørr eller søt. Truleg vart druene tørka ute i sola nokre dagar før pressing, ein prosess kalla soleo. Vinen kan ha vore forsterka med brennevin, men det er ikkje sikkert. På 1700-talet vart fleire av sherry-husa etablerte, og praksisen med å blande fleire årgangar saman, solera-vin, fann også sin plass. På slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet kom flor-lagra vin som fino, manzanilla og amontillado til, truleg mest for lokal konsum. Eksportkvalitetane vart blanda og søta med most og søtare vintypar. Eksporttoppen vart nådd i 1940. På 1960-70-talet gjekk vinproduksjonen i Jerez gjennom ein modernisering. Til dels var det overproduksjon, og sidan 1979 har det gått nedover med salet. Frå ein eksport på 150 millionar liter i året, til om lag 30 millionar liter dei siste åra.

Men som i alle forteljingar er det heltar som tør der andre berre ser nedgang. Ein av dei er norske Jan Pettersen, som har løfta Bodega Rey Fernando de Castilla til kultstatus. El Maestro Sierra og Bodegas Tradicion satsar på høg kvalitet og sel gamal sherry til høge prisar. Mini-negcianten Equipo Navazos starta opp i 2005. Jesús Barquín og Edurardo Ojeda leitar opp gode fat i soleraer i Jerez og Montilla, og tappar små opplag. Desse vinane får gode skussmål og er blitt samleobjekt. Dei siste ti åra har det også dukka opp tappingar av fino og manzanilla en rama. Dette er vinar som har gjennomgått minimal filtrering og difor framstår som friskare, livligare og meir elegante enn sine standardutgåver. Desse vert tappa to til fire gonger i året, og får dato eller månad og årgang for tapping på etiketten.

I mai kom det tre vinar frå ein anna nykommar på sherry-scena, kalla Callejuela. Desse er så nye på marknaden at dei ikkje står nemt i nokon av mine tre bøker om sherry. Familien har faktisk sysla med vindruer og vin i tre generasjonar. Det var Fransisco Blanco Martínez som etablerte Callejuela i 1980. Han hadde jobba i vinmarkene i 20 år, og hadde no spart opp pengar til å kjøpe sine eigne. Framover selde han most og halvferdig vin til større aktørar, før sønen Pepe og Paco kom på bana og dei tappa sine fyrste flasker med manzanilla under eige namn i 2005. I 2015 vart portefølgen utvida og dei fekk med den innovative konsulenten Ramiro Ibañez på laget. Ulikt dei fleste produsentar av sherry, eig og driv Callejuela alle vinmarkene sine. Bodegaen held til utanfor Sanlúcar de Barrameda, og her ligg også vinmarka El Hornillo. I tillegg til tradisjonell sherry, har dei nokre kvitvinar som fell utanfor sherry-lovverket. Blanco de Hornillos er ein stålgjæra kvitvin utan flor. Ibañez har også fått fram litt frå dei ulike terroir gjennom tre kvitvinar frå tre ulike vinmarker, lagra på fat under flor.

Denne typen vin kan vere ein opnar for vininteresserte som ikkje er så godt kjende med sherry, men som nikkar innforstått til begrep som terroir og enkeltvinmarksvin. Fleire sherryprodusentar har byrja så smått med liknande prosjekt. Desse vinane er også billigare å lage, då dei kan seljast etter mindre enn eitt år, mot minimum tre for andre sherrytypar.

Callejuela Blanco de Hornillos 2016

Strågul vin. Nøtteprega på lukt med litt manzanilla og sitrus. Eigenarta og interessant på lukt. I munnen er det sitrus og eple, ok frukt. Men det går meir mot mandlar, nøtter og curry-krydder. Medium intensitet og fylde. Grei syre. Artig og sær vin.

Kvitvin på 100% palomino frå albariza-jordsmonn i Sanlúcar. 12% alkohol. Gjæra og lagra på ståltank. Kr 179,90.

Callejuela Manzanilla Fina

Djup strågul på farge. Det luktar av mandlar, gjær, flor og nesten fruktig sitrus. Men det er jo manzanilla. Intens og smal i lukta. I munnen er det ikkje uventa eit knastørt og frekt attakk. Frisk vin med fint florpreg. Her er smak av salt sjø og mandlar. Lett og crisp vin, med eit herlig salt sjø-kick i ettersmaken. God manzanilla. Det er riktignok ei stund sidan sist det vart opna ei flaske av denne typen, men fire veker med fint vêr sette i gong sakn og salivering etter snerpande frisk sommarvin. Dette går ned som tørstesløkkjar og attåt mat i Spania 365 dagar i året. Her på berget dukkar fino eller manzanilla opp ein gong i året i ein pliktartikkel i ei avis, for sidan å skrive seg trygt inn i gløymeboka. På tide å gjere noko med det.

15% alkohol. Gjennomsnittsalder er ca tre år. Handplukka druer frå eigne vinmarker. 165,- for 37,5cl.

Det er kanskje ikkje naudsynt å skrive at dei friskaste og lettaste sherrytypane som fino og manzanilla, i tillegg til den litt rikare amontillado, er gode til spekeskinke, tapas, oliven, sardiner, ein del ost og mandlar og nøtter. Eller berre til terrassevin når temperaturane liknar dei vi vanlegvis finn i Andalucia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *