Great Scott!

Sånn bortsett frå at Neil Finn og Flight of the Conchords er derifrå, er det eigentleg lite eg veit om antipodane i New Zealand. At dei lagar vin har eg sjølvsagt fått med meg – polet har ein del fine sauvignon blanc-perler med særpreg. I kveld skal vi derimot sjå kva kalde netter og varme dagar kan få til med to klassiske vindruer frå den gamle verda.

Nordaust på Sørøya gjekk familien Scott indie og starta sitt eige prosjekt i 1990 – pappa Allan er ein av pionerane i New Zealandsk vinindustri, og har jobba med vin i Marlborough sidan 1973, mamma Catherine driv restauranten på bruket, medan dei tre borna har ansvar for ulike deler av drifta.

Allan Scott Cecilia Method Traditionnelle NV

65% pinot noir, 35% chardonnay. Laga med sjampanjemetode, 18 månader på botnfallet.

Raude epler følgjer korken ved opning. Kraftig duft i glaset – blomstereng, nyslått gras, modne jordbær, litt flint/røyk, med tid glir snuten innom pærer, salte kjeks og eit ørlite anis/fennikel-preg. Veldig tiltalande når vinen får litt tid å roa seg ned litt…

Kraftig anslag med kremete og slank munnkjensle, konsentrert midtparti med sitron og søte epler, litt bitre urter, før ei anstendig lengde med meir rund enn spiss avslutning. Mot slutten av flaska kjem det ei herleg eplesyre som løfter vinen fleire hakk.

Blindt hadde eg antakeleg gått til ein eller annan cremant. Lettdrikkeleg vin med nok ryggrad til å gjera han interessant – reine og fine smakar, saknar litt meir syre (eventuelt litt mindre sødme) – vinen vinn på tid og luft. Til 175,- er det uansett svært mykje vin for pengane.

Musikkbonus: Eric Clapton – Life in 12 Bars

Det var vel på tide at Eric Clapton fekk ein ordentleg dokumentar om seg. Hovudpersonen sjølv er brutalt ærleg om sitt eige liv med rusmisbruk, og har ivrig delt frå eige arkiv. Dobbel-cden frå filmen har det ein ventar frå Yardbirds, Cream og Derek and the Dominos, men også det litt meir gløymde – som at han spelte gitarane på ‘While My Guitar Gently Weeps’ for The Beatles og for Aretha Franklin.

Av aldri før utgjevne ting finn vi mellom anna eit 17 minuttars konsertopptak med Spoonful, som syner kor magisk Clapton, Bruce og Baker kunne vere når dei ikkje krangla, eit konsertopptak av Little Wing, og ein ny variant av I Shot the Sheriff.

Kjelder:
https://allanscott.com

Ein tanke på “Great Scott!

Leave a Reply