Sjarmerande sjarlatan

“Kan du nemne fem vinmarker i Rioja? Nei? Ok, kva med fem landsbyar?” Spørsmålet kjem frå ein spanjol med snakketøyet i orden. Sjølv om spørsmålet nok ikkje var meint retorisk, så blir det slik, når korkje eg eller andre rundt meg kjem opp med noko svar. Heldigvis er dei andre som står og myser utover Douro-dalen denne fine morgonen i april, både meir meritterte og meinigsberetta enn ein skarve sunnfjording. Eg er såpass starstruck av at karane rundt meg ber namn som Eric Rousseau, Jean-Marc Roulot, Michael Moosbrügger og Wilhelm Haag, at eg så vidt får med meg at mannen med det frapperande snakketøyet heiter Telmo Rodríguez. Vi ventar alle på transport vidare oppover dalen. Vi skal til ein quinta og smake portvin. På nordsida av elva kan vi la augene kvile på dei imponerande buktande terrassane som heilt fortent plasserer Douro som eit av dei vakraste vindistrikta i verda.

Rodríguez sine røter er frå ein eigedom som faktisk er fleire hundre år eldre enn UNESCO-terrassane i Douro. Men vinstudiane vart lagt til Bordeaux. Etterpå har han teke læretid hjå bønder med lang tids røynsle med plog og secateur. Hjå Jean Louis Chave lærte han å meistre bratte og arbeidskrevjande vinmarker. Eloï Durrbach viste han at det går an å gå sin eigen veg, i middelhavsklimaet på Domaine de Trevallon. Frå Cos d´Estournelle fekk han med seg nokre cl arroganse. Provoserande, uredd, nysgjerrig og grundig, går han til verks i vindistrikt kringom heile Spania. Det byrja i 1994, saman med kollega Pablo Eguzkiza med eit prosjekt i Navarra. I dag består portefølgen til dei omreisande vinmarksgründerane av vin frå ni ulike vindistrikt, frå Galicia i nord til Malaga i sør. Men sjølv om områda er spreidd, ser ikkje Telmo seg som nokon “flying” vinmakar. Han er oppteken av å finne vinmarker med lokale druesortar. Og helst vil han gjenopplive forlatne vinmarker som ein gong i tida har bore god frukt. Han trur på tett planting, vinstokkar som enkeltbusker heller enn wire-oppbinding, lågt utbytte og elegante vinar. Difor kan han som Churchill, ikkje tilby sine lokale arbeidarar anna en “blood, toil, tears and sweat”.

Rodríguez er kritisk til korleis DO Rioja forvaltar sin tradisjon og sitt terroir. Om det finst noko slikt. Telmo tenkjer litt anleis om tradisjon enn Consejo Regulador og innarbeidde myter. Medan Lopez de Heredia, La Rioja Alta og Marqués de Murrieta vert sett på som tradisjonsberarar, meiner Rodríguez at desse var modernistar då dei starta opp på slutten av 1800-talet. Dei produserte vin i stor skala under eit merkevarenamn, medan tradisjonen tidlegare hadde vore småskala vinbønder i kvar landsby, som laga sin eigen vin. Telmo vil ta tilbake den verkeleg gamle tradisjonen. Og han er sjølv pådrivar for å drive Rioja meir i retning Burgund enn av smaken av Quercus alba. Han vil ha landsby- eller vinmarksnamn på etiketten. Korleis kan det ha seg at det i ein vinregion med over 60 000 hektar vinmarker, og renomé som Spania sin største vin, ikkje finst eit hierarki, klassifisering eller kunnskap om vinmarkene? Utover dei bøndene som driv og eig vinmark og enkelte vinmakarar, er det få som kan seie noko om ulike underområde eller vinmarker sine karakteristika eller smak. På sitt eige prosjekt i Rioja, Bodegas Lanzaga, vert det laga ein “kommunevin” med druer frå fleire vinmarker, i tillegg til fire enkeltvinmarksvinar i svært små opplag. Vinen frå vinmarka Las Beatas, er planta med 5000 vinstokkar per hektar, medan lova tillet berre 2500. Telmo fekk løyve, ettersom dette var ei eksperimentell vinmark. Vinen vert laga i ein djup og kald kjellar frå 1600-talet. Fyrste årgang var 2011, og vinen er allereie rekna med mellom dei største vinane frå Rioja.

Seinare på dagen, etter at effekten av opp til 150 år gamal portvin har gjort seg gjeldande i blaserte ganer frå Burgund og svake sjeler frå Sunnfjord, vert Telmo Rodríguez ein smule meir politisk i sine retoriske punchlines. Då han utfordrar nasjonalkjensla til dei mange lokale portugisarane ved å foreslå ei samanslåing av Spania og Portugal til eit sterkt Iberia, er det like før debatten utartar til handgemeng.

Foreldra til Telmo kjøpte eigedomen Remelluri i 1967, ein plass der det har vore laga vin i minst 1000 år. Remelluri ligg i Labastida, litt lengre vest i Rioja Alavesa. Vinmarkene ligg på rundt 500 meter over havet. Nokre av kvitvinsdruene er planta 700 meter over havet. Totalt er det 90 hektar, som vert drivne etter økologiske prinsipp. I tillegg vert det kjøpt inn noko druer frå naboar. I 2010 var ringen slutta, då tok han og systra Amaia over ansvaret for Remelluri. Amaia har vore hjå Domaine Leflaive for å kike på biodynamisk drift, så Remelluri er på veg mot Steiners strategi.

Telmo Rodríguez Gaba do Xil Mencia 2014

Rubinfarga vin som nesten er transparent. Klar og fin farge. Bra intensitet i lukta. Ferske knuste bær og eit støvete preg av noko ikkje-fruktig, som eg vil skildre som stein eller betong. I munnen er det ein middels fyldig vin, med fin syre og deilige, litt rustikke tanniner. Mykje fin og fersk bærfrukt dominerer smaken. Vinen er litt reduktiv i starten, og treng ein del lufting for å bli kvitt den litt prikkete kjensla. Strålande vin til prisen. Har du ikkje oppdaga drua mencia enno, er det på tide. Litt som kult-beaujolais, berre meir undergrunn.

100% mencia frå vinmarker på 4-500 meter over havet. Vi er i Valdeorras i Galicia. Røtene strekk seg nedover i lag av raud leire og skifer. 13% alkohol, 173 kr på polet, våren 2018. Notat frå juni 2018.

Telmo Rodríguez Lanzaga 2012

Mørk burgund på farge, og transparent. Flott, rein og fruktig lukt av søte bringebær og jordbær. Smaken følgjer lukta. Vinen er fruktig, tørr og med faste mogne tanniner. Ung, men elegant og pen Rioja i ein stil som nok er framand for dei som er oppflaska på Reserva og Gran Reserva og søt amerikansk eik. Vinmarker ved foten av Sierra de Cantabria, 500-700 meter over havet i nærleiken av byen Lanciego, der vinhuset ligg. Fyrste årgang var 1998. Druene vert gjæra med naturleg gjær i sementkar, før 14 månaders mogning i franske fat av ulik storleik. Druemiksen er mest tempranillo, med litt graciano og garnacha.

14% alkohol, vinen kosta 264 kr på polet, våren 2018. Notat frå mai 2018.

Telmo Rodríguez Molino Real 2004

Gullfarga vin med litt grønskjær. Tjuktflytande i glaset. Søt, rik og litt utvikla lukt av muskatellvin. Parfymert og med hint av såpe, furunål og hermetiske fersken. Typisk, men også fin og ganske kompleks. Søt, feit, glatt og deilig i munnen. Litt bittertonar i ettersmaken som balanserer vinen. Moderat søt, rundt 90 g/l, men låg syre gjer at han vert opplevd som søtare. Ikkje dum, denne. Kanskje er det verd å forsøke å lagre dette endå meir. Eventuelt er det kanskje betre å prøve heilt ferske utgåver også. Vinen vart handla inn etter panegyrisk omtale av Hugh Johnson i boka A life uncorked. Området er Malaga, og vinmarkene er ni i talet. Frå 350-1000 meter over havet. Muscat d´Alexandrie vert hausta svært mogne, for sidan å bli tørka ute i sola på stråmatter for ytterligare konsentrering av godsakene. Langsom gjæring ved låg temperatur i små eikefat.

13% alkohol, truleg kjøpt i 2006 eller 2007 for om lag 260 kroner. Aktuell årgang sommaren 2018 er 2013, og prisen er 365 for 50cl. Notat frå juni 2018.

Remelluri Reserva 2007

Mørk transparent raud med lillaskjær. På nasen er vinen dominert av sødmefulle raude bær, litt fatkrydder og noko som minner om buljongpulver. På smak er vinen elegant, med fin balanse mellom syre, frukt og tanniner. Tanninane er finkorna, men gjev ein ganske tørr ettersmak. Snev av noko som minner om dyrepels i ettersmaken. Fin fruktig Rioja! Laga på tempranillo med litt garnacha og graciano. Dette er Rioja i mi gate. Usikker på korleis det vil lagre, her er god struktur så nokre år skulle vere trygt.

Notat frå våren 2013. Remelluri er ikkje tilgjengelig på polet for tida, men det kan vel endre seg.

Sjølv har eg ingen flasker Rioja i kjellaren. Det er sjølvsagt litt på grunn av at preferansane til dels følgjer den norske saueflokken inn i dei store båsane merka med Burgund, Piemonte og tysk riesling,  Men om Rioja skal kome seg ut av “rimeleg, grei vin for pengane” og over i “vin som folk står i kø for!” så er det nok ikkje så dumt å tenkje litt i retning Burgund eller Piemonte. Her må DO Rioja kome på bana med undersøkingar, nye under-appellasjonar og informasjon om vinmarker og landsbyar. Kanskje må også “kvalitetshierarkiet” med crianza, reserva og gran reserva skrotast? Sjølv om mange Barolo og Barbaresco består av fleire vinmarker, har det i desse områda blitt ein større interesse for enkelvinmarker. Og dette aukar interessa for heile området. Vi skal ikkje lengre tilbake enn på 1980-talet, at den yngre garde i Barolo ikkje såg noko framtid i appellasjonen. I dag er Barolo både hot og kult og vinmarkene er blitt svært verdifulle.

Leave a Reply