Høgtpflügande riesling


Alexander er tredje generasjon plogmann på bruket – pappa Pflüger var økologisk pioner i Pfalz, junior har brukt tida sidan han overtok til å sertifisera heile garden biodynamisk. Forøvrig vart han plaga av Heine sist han var på Don Pippo…

Pflüger Buntsandstein Riesling trocken 2017

Blomar, sitron, mykje stein, antydning til noko tropisk – litt innestengt düpft, går til strafferunde i karapffel. Vinn på ein times tid med luft – mykje tydelegare, honning og bivoks i tillegg til ei meir delikat sitronduft og litt rambutan/tropisk juice. Fin snute.

Kontant anslag, sitronsyra er der med ein gong. Fruktig midtparti med blanda eple og meir sitron – eg saknar likevel litt konsentrasjon, grei lengde som glir over i lime og eit bittersøtt grapefrukt-sting. Enkle, men tydelege smakar. Fungerte heilt greitt til laksesashimi, men forsvann litt i møte med soya/lime-saus.

Jakta på sumarvinen 2018 under 200,- har fått ein ny og sterk kandidat – dette var skummelt lett å like og kjennes som ein dyrare vin..

Musikkbonus: Mike Keneally – Wooden Smoke

Før 1988 var det vel knapt nokon – ikkje eingong i heimbyen San Diego – som hadde høyrd om Mike Keneally. Ein vellukka audition endra dette, og plasserte han som ‘stuntgitarist’ for den berykta sisteturneen til Frank Zappa.

Det er greitt å ha fleire bein å stå på, han er god nok til å vera tangentmann for Joe Satriani, altmoglegmann bak Steve Vai, pluss ei heilt ålreit songstemme. I tillegg er han mellom dei post-Zappaband-medlemane som ikkje har ei trong til å spela 13/8-delar veldig fort heile tida, berre fordi han kan..

På nittitalet kom det jamleg soloplater – alle gode, men ville litt mykje på ein gong. Så, i 2001 kom Wooden Smoke, eit draumande akustisk album som slo saman melodisk teft, kjærleiken til 70-tals prog, sterk låtskriving kombinert med ein dadaistisk tekstestetikk – innimellom mistenkjer eg han er meir opptatt av korleis ord smakar enn kva dei betyr.

Wooden Smoke er behageleg nok til å stå på i bakgrunnen, har sterke melodiar, og under overflata nok kompleksitet til å få deg til å øva dobbelt så mykje. Eventuelt selja gitaren…

Kjelder:
http://pflueger-wein.de/
keneally.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *