#madeirawineday

Nokre feirar id. Mange feirar påske, endå fleire feirar jul. Og så finst det ein liten, men spreidd kyrkjelyd som feirar madeira! På søndag er det 1. juli og det betyr visst Madeira Wine Day. Dagen vert markert fordi den var 1. juli 1976 at øya Madeira fekk autonomi frå Portugal.

Nokre er slik at dei treng ein spesiell dag for å finne fram dei gode flaskene dei har gjøymd på, sidan bryllaupet eller 50-årsdagen. Andre treng ikkje noko høve for å ta fram ei falske vin. Uansett er madeira ein såpass sjeldan fugl i norske vinkjellarar, at det kan vere greit med ei påminning om at det er ein vin som bør takast fram frå mørket og drikkast. Det fine med madeira er at flaska held seg godt etter opning. Dei litt betre kvalitetane vert faktisk betre etter ei veke eller to, og med korken på i kjøleskåpet vil flaska halde seg god i opp til eit år. Om det framleis er noko att då.

Om du ikkje har madeira på lur, finst det litt på Vinmonopolet. Ikkje så mykje i basis, men nokre fleire i bestillingsutvalet. 29 varelinjer totalt er ikkje mykje, men produksjonen er også svært begrensa. Det er åtte produsentar att, og dei sel om lag 3,3 millionar liter vin i året. Men så har dei svært mykje vin liggjande på fat og tank til ei kvar tid, for madeira kan ikkje seljast før vinen er minimum 3 år. I Noreg er det vin frå Barbeito, Pereira d´Oliveira og Madeira Wine Company, som har varemerka Blandy´s, Cossart Gordon, Leacock og Miles. Skulle du vere på øya, får du nok tak i vin frå dei fem andre også. J. Faria, Henriques & Henriques, H.M. Borges, Justino´s og nykommaren Madeira Vintners. Blandy´s er i dag majoritetseigar i Madeira Wine Company, som er ei samaslåing av 26 tidligare framgangrike madeira-shippers. Det gamle føretaket er i dag styrt av den unge Chris Blandy. I sentrum av Funchal har dei lagerhus for fatlagring av madeira, butikk og museum. Produksjonen vart flytta til Canical, litt vest for Funchal, for nokre år sidan. Nytt utstyr og moderne fasilitetar lovar godt for dei enklaste kvalitetane i framtida. Madeira Wine Company sel om lag 900 000 liter vin i året. Pereira d´Oliveira er eit familiefirma som også held til i sentrum av Funchal. Dei har om lag 1,5 millionar liter vin på fat, mykje er svært gamal. Små serier av årgangsmadeira vert tappa ved behov. Vel verd eit besøk.

Vin er til for å delast. Eg vil dele smaksnotat frå eit par vinar som ikkje er så lett å få tak i. Men om du er heldig, har du kanskje ein vinkamerat som har noko lignande liggjande. Så ta fram ei flaske, to glas og post på ditt føretrekte sosiale medie med emneknaggen #madeirawineday.

Her kjem ikkje mindre enn to Terrantez! Ein druesort som dekkjer svimlande to hektar totalt på øya Madeira. Det blir ikkje mange liter kvart år. I 2014, som er siste år eg har tal frå, vart det selt 3553,95 liter Terrantez, der 20 years old-kategorien står for 1602,75 av dei.

Blandy´s Madeira 20 years old Terrantez

Vinen er mørk oransje med lysebrun kjerne i glaset. Søt og intenst anslag, men lukta er balansert og fin. Her er svisker, møbelpolish, karamell og gamle fat. Smaken er søt, men det tek ikkje lang tid før ei frisk syre dukkar opp og balanserer sakene. Det smakar av søte saker som brente mandlar, men også av gamle fat og litt volatile syrer. Middels fyldig og ganske søt til å vere «medium rich». Litt «brun» i stilen, og det er eit produsent-kjenneteikn. Lang ettersmak med karamelliserte tonar og bittert appelsinskal. Smakt rett etter opning, så om nokre dagar spår eg at vinen vil verte litt meir harmonisk.

19% alkohol. Restsukker på ca 100 g/l. Kjøpt i København for om lag 570 kr/50cl.

Pereira d´Oliveira Madeira Terrantez 1977

Mørk ravfarga. Ah! Flott aldersintegrasjon av elementa. Smooth eik, gamle fat, edelt treverk og syrlige appelsiner. Svært god konsentrasjon. Rik, balansert, halvtørr madeira med god syre som reinsar opp. Smak av grapefrukt, appelsinmarmelade. Lang og konsentrert ettersmak med vanilje og gamle fat. Seriøs vin! Jaudå, det kostar, men kjem du over denne, er det noko av det betre av madeira i Noreg.

Tappa i 2016. Smakt hjå produsenten, sommaren 2016. Finst på nokre få pol til 1599,90. Ein del ulike madeira frå d´Oliveiras var tidlegare listeført i bestillingsutvalet til svært hyggelige prisar. No har prisen gått opp 70-90% og vinen er stort sett i spesialbutikkane. Synd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *