Kreinbacher Juhfark 2016


Somló er det minste vindistriktet i Ungarn, nordvest i landet, dyrkar kun kvite druer og ligg i skråningen av ein eks-vulkan, noko som legg til rette for mineralske viner. På sitt største laga dei vin med same status som Tokaj. I tillegg hadde vinane frå Somló ein annan eineståande eigenskap: Om du drakk vin laga av juhfark før sex, så var du garantert å få ein son – Habsburgmonarkiet trudde sterkt på dette. Rundt 1870 fekk Ungarn kjenne på herjingane til vinlusa phylloxera, og juhfark vart nesten utrydda. Frå å vera ein tumleplass for vinproduksjon av adel og geistlige er Somló i dag prega av vin som attåtnæring.

Kreinbacher er mellom dei som no skal gjenvinna statusen til området med ein moderne vinkjellar, økologisk drift og unikt jordsmonn.

Kreinbacher Juhfark 2016

Litt blomstereng og mykje våt stein ved opning – kjennes litt innestengt og minner mykje om ein mineralsk riesling. Får ein times strafferunde på karaffel og har fått ein mykje meir sjenerøs snute. Strand og salt sjø blandar seg med sylta sitron og flintstein, medan ananas på boks skapar eit tropisk og søtleg bakteppe. Forsiktig, men veldig delikat duft som profitterer på lufting.

Fyldig anslag, konsentrert midtparti med pære og aprikos, saltpreg, ei antydning til nellik, men eg trur ikkje vinen har sett fat. Anstendig lengde utan å opplevast som noko særleg syrleg, rundar meir av med eit lite nøttepreg og eit lett grapefruktbitt. I bakgrunnen stanger litt sitron utan å trenga gjennom sjølv med fleire timar med luft.

Spanande vin – minnar om ei blanding av riesling og chenin blanc –  som eignar seg meir med mat enn som kos. Meir kompleks og konsentrert enn eg hadde venta meg for 176 kroner, så dette er eit supert kjøp. Med fare for å bli nekta innreise til Italia: vinen fungerte veldig fint i og til Spaghetti alle vongole…

Musikkbonus: Anne Dudley – Plays Art Of Noise

Ho vann Oscar for filmmusikken til The Full Monty, har vore gjestedirigent for The Royal Philharmonic Orchestra, var husarrangør for Trevor Horn og ZTT og det meste av britisk musikk på åttitalet – frå Rick Astley og Frankie Goes To Hollywood til Elton John og Annie Lennox. Som utøvar er ho ein veltrent klassisk pianist, og som medstiftar av Art of Noise ein pioner i utviklinga av elektronisk popmusikk.

No er det tid for å sjå attende på musikken Anne Dudley lagde for AoN på Fairlight CMI samplaren sin (som kosta 30 000 £ i UK i 1982) med gjeninnspelingar av sine eigne favorittar.

We wrote a piece of music with lots of different sections and samples. There was a neighbour’s VW Golf stalling, and group members Gary Langan and JJ Jeczalik saying “urgh” , and “money”, which we played backwards.

Gary set about editing it all. This was back in the day when you had to literally slice tape with a razor blade. We ended up with something quite quirky but we certainly didn’t think it had legs as a single. To our amazement, it got to No 8.

Såh – fungerer elektronisk avant-pop på eit flygel? Svaret er: overraskande bra. Ho får fram kor melodisk orientert bandet faktisk var bakom lydkulissane.

Ho har sjølvsagt ikkje gløymd gamle triks – her er nok av sampla effektar og perkusive looper, men ho bedyrer at alt er opptak henta frå klaviaturet, om enn nokre gonger med ein hammar… Lydkvaliteten er forøvrig heilt vill. På dei heilt akustiske opptaka kjennes det ut som flygelet står i eige stove.

  

Kjelder:
http://www.kreinbacher.hu/
Vinbladet 5/2016
Diverse wikipedia
theguardian.com

2 tankar på “Kreinbacher Juhfark 2016

Leave a Reply