Viña Doña Dolores Chardonnay 2015

Mexico tok outsiderrolla si seriøst og presterte å gå vidare frå VM-gruppespelet på bekostning av Tyskland og Sør-Korea. Kan dei også produsera vinen som kjem inn frå sidelinja og markerar seg i sumarvin under 200kr-prosjektet mitt?

Under okkupasjonstida på 1500-talet, hadde spanjolane også med seg druestokkar til mellomamerika, noko som etter kvart førte til at behovet for vinimport til Nueva España  sank. I 1699 øydela Charles II heile greia då han forbaud vinproduksjon i Mexico, og vin vart mest laga til personleg bruk fram til den mexicanske revolusjonen. Produksjonen auka utover 1900-talet, men det var først på 80-talet ein såg eit verkeleg comeback. Druene i vinen vi skal smaka i kveld vert dyrka sentralt i landet, 2000 meter over havet – og har den spanske giganten Freixenet bak seg på eigarsida.

Viña Doña Dolores Chardonnay 2015

Modne gule plommer, honning, akasie, litt lime, i overkant mykje nysagd trelist.

Søtt honninganslag, smålubbent midtparti med søte, gule plommer og litt tropisk nektar, vanilje, akasie og – igjen – mykje treverk. Fader fort i ei ganske stutt og rund avslutning.

Ein enkel vin som kjeder meg litt, og desperat treng meir syre – knapt midtvegs i første glaset kjenner eg på lysta til å kryste litt limejuice oppi…

Bullitt – Original Motion Picture Soundtrack

For første gong på vinyl sidan 1968 – og som om det ikkje er nok – på oransje vinyl…

Bullitt. Filmen som starta trenden med biljakt i San Francisco, ikoniserte Ford Mustang og gjorde The King of Cool, Steve McQueen, til verdsstjerne.

Og så filmmusikken. Verdas skitnaste jazzlåtar – som ei blanding av Quincy Jones og Captain Beefheart – med Bud Shank, Ray Brown, Howard Roberts og Larry Bunker i bandet, ført i pennen av Lalo Schifrin. Komponisten hadde allereie skapt seg eit namn med musikken til Mission Impossible og kunne no bruka bakgrunnen som jazzpianist saman med erfaringa som arrangør for Count Basie, Stan Getz og Dizzy Gillespie.

Hjarta av musikken er temaet til Bullitt (Main Title), som med eit tett, rytmisk jazzblues-tema blandar orkestermusikk, rock og funky rytmar. Room 26  er sleazy bossa nova, Hotel Daniels er Booker T på koffein, medan mesterverket Shifting Gears var meint å byggja opp biljakta, men vart (nesten) ikkje brukt i filmen likevel. Filmmusikk som står godt på eigne bein etter femti år.

Kjelder:

Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Div Wikipedia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *