Casa Valduga Leopoldina Chardonnay 2016

Brasil er presumptivt verdas beste fotballnasjon – men det viktigaste spørsmålet gjenstår: Kan dei laga vin?

I 1875 sat den første Valduga foten på brasiliansk jord og etablerte seg i det som i dag er Brasil sin einaste AOC – Vale dos Vinhedos. I dag er det tredje generasjon Valduga som driv garden, intensjonen er å laga kvalitetsvin i eit bærekraftig miljø med sosialt ansvar.

Casa Valduga Leopoldina Chardonnay 2016

Grønt epleskrell, nyslått gras, litt brent treverk, litt vanilje, litt sjø. Ananas etter tid i glaset. Heilt ålreit snute.

Friskt anslag med kremete munnkjensle. Midtparti med lagvise eple og eplekart. Ei syre som følgjer med heile vegen. Avslutning med ei anstendig lengde og mykje sitron.

Enkel vin, men lett å like – reine smakar som fungerte fint til steikt laks – eg er positivt overraska over kor pen vinen er. Når det er sagt så er det mykje godt rundt 200-kronersmerket, så dette blir nok meir eit kuriøst røsk i eigne fordommar enn noko eg handlar inn igjen.

Musikkbonus: Now vs Now – Earth Analog

Medan vi venter på at Jason Lindner skal debutera på Jazzland-plateselskapet til Bugge Wesseltoft i haust, skal vi tilbake til andreplata frå Now vs now i 2013. Jason Lindner sjølv har i mange år vore ei undergrunnsstjerne i New York, men fekk ikkje noko særleg merksemd før han vart ein del av Blackstar-bandet til David Bowie. Som tangentmann er han også ein vesentleg del av kvartetten til Donny McCaslin.

Now vs Now blandar progrock, elektronika og jazz, samstundes som dei klarar å behalda ei melodisk pop-åre i det komplekse kaoset. Analoge keyboards, utanomjordiske trommebeats og melodisk-groovy seksstrengs bass i ei fascinerande blanding.

Kjelder:

Oz Clark/Margaret Rand – Druer og Viner
www.casavalduga.com.br
Div Wikipedia

2 tankar på “Casa Valduga Leopoldina Chardonnay 2016

Leave a Reply