Vivoda Malvazija 2017

Eg jinxa kanskje Brasilkampen i går, men det skal ikkje stoppa meg i å drikka kroatisk vin til kampen i kveld. Dei mest optimistiske har allereie døypt om Istria i nordvest-Kroatia til «Nye Toscana», og det er liten tvil om at det er eit distrikt på veg opp i Europeisk vinproduksjon.

Vivoda Malvazija 2017

Tung floral duft frå nyskjenkt glas. Hylleblomst og ryllik. Skumbanan frå smågodthylla. Søt tropisk nektar.

Friskt og juicy anslag, midtparti med sursøte epletoner og sitron. Litt bitre urter. Fin lengde og fyldig avslutning med sylta sitron.

Friskare og meir leskande i munn enn kva den parfymerte snuten indikerer, likevel litt tung på labben. Fin vin, men ein stil som ikkje treff meg heilt – eg saknar litt meir syre. Uansett eit supert kjøp til knappe 150,-

Musikkbonus: Stian Westerhus & Pale Horses – Maelstrom

Rundt 2013-2014 var Pale Horses verdas beste live-band. Impro-gitarist Stian Westerhus (Puma, Sidsel Endresen) fann ut han skulle laga rockeband der han sjølv var vokalist. Med seg tok han Øystein Moen (Jaga Jazzist, Susanne Sundfør) på tangentar og Erland Dahlen (Molvær, Madrugada, Kaada, Jim Stärk, ++) i eit altfor kortliva prosjekt. Heldigvis vart det plate av det.

Låtar i store lydlandskap, lange lydmalande gitarsoloar. Nokon gonger minner det om Radiohead, andre gongar David Sylvian med Japan. Innimellom poptefta til Talk Talk eller eksentrismen til Scott Walker, innimellom tungt som Ulver. Unik og knalltøff plate!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *