York Sparkling Cuvée Brut

Eg syns det er kjekt å gå på oppdagelsesferd i «Distrikt: Øvrige». Plutseleg er det ein flekk på kartet der nokon – mot alle odds – får til ei drue som eigentleg høyrer heime ein annan stad. Eller har ein bakhage med ei drue eg aldri har høyrd om før og som verkar spanande. Det er ikkje til å komma frå at  andelen vinøse nederlag aukar, men samstundes er det lærerikt å oppleva breidda i verdas vinproduksjon – sjølv når det ikkje er blitt så vellukka som det kunne vore. For ikkje å snakka om tilfredsheita når det innimellom fungerer…

Ta utgangspunkt i Mumbai og peik nasa mot nordaust. Fire timars biltur plasserer deg i India sin vinhovudstad Nashik – området dyrkar 10 000 tonn druer årleg, er einaste A.O.C i landet, og 45 produsentar (av 78 i heile India) heldt til her.

I den kjøligaste delen av Nashikdalen har York Winery planta chenin blanc spesifikt med tanke på å laga musserande. Sjølv om familien Gurnani i hovudsak har utdanninga frå Australia, så er det Frankrike som er idealet for kveldens vin.

100% chenin blanc, handplukka druer der berre første delen av pressinga inngår i basen. Litt blir lagt på franske fat før flasking. Etter 14 månader blir botnfallet fjerna, og vinen får kvila tre månader til før han blir lagt ut for sal.

York Sparkling Cuvée Brut

Bivoks, gjærdeig, Granny Smith, søte kjeks, parfymert med søtleg kvede. Litt urein gjærduft rusker til ein ellers behageleg snute, men forsvinn etter ein halvtimes luftetid.

Friskt anslag, sexylubbent midtparti med lime og grønt epleskrell. Litt honningsødme. Anstendig lengde med mykje sitron.

Heilt ålreit og artig musserande som eg likte betre i munn enn på snute. Skummelt lettdrikkeleg og reine smakar. Med luft og tid blir smaken enno meir delikat og kjennes som å setja tenna i eit saftig, grønt eple. Fungerte veldig fint til reker i vietnamesiske vårrullar. Fordommar har fått ein knekk og dette kan fint konkurrera med franske storebrør i 200-kronersklassen.

Musikkbonus: Jack Bruce – Silver Rails

Then there’s Jack Bruce — probably the most musically gifted bass player who’s ever been. (Roger Waters)

Jack Bruce rakk akkurat å gje ut plata før han døydde i 2014. Med sitt første studioalbum sidan 2003 var fallhøgda stor for ein som eigentleg ikkje hadde noko meir å bevisa.

Som rockestjerne med hjartet i blues og jazz endra han musikkhistoria med Cream, før han jazza vidare med Tony Williams, fekk utløp for avantgardisten i seg med Michael Mantler og Kip Hanrahan, stressa Frank Zappa på Apostrophe (‘) – I found it very difficult to play with him; he’s too busy. He doesn’t really want to play the bass in terms of root functions… –  og står igjen som ein vokalist med eit enormt register, ein av verdas mest respekterte bassistar, og ein viktig låtskrivar.

Då Silver Rails kom ut var han 70 år, røysta hans er prega av eit røft liv, men frasering og register er framleis i verdsklasse. Plata er ei fin blanding av alt han er kjend for: mykje bluesrock, vakre pianoballadar og ein og annan brutal proglåt.

Kjelder:
yorkwinery.com
jackbruce.com
Div. Wikipedia

2 tankar på “York Sparkling Cuvée Brut

Leave a Reply