Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut


At Luxemburg har føresetnader for å laga vin burde ikkje overraska nokon – i aust kan ein sjå over elva rett til tyske vinmarkar i Mosel. Ved breidda etablerte Jean Bernard-Massard seg i 1921 – i dag produserer dei 4 millionar flasker i året.

Ecusson-serien var meint å vera eit eingongsprosjekt til 50-årsjubileumet for vingarden i 1971. Responsen var imidlertid så positiv at vinen framleis blir produsert. Chardonnay 40%, Riesling 10%, Pinot Noir 15%, Pinot Blanc 35%. Lagra 2 år i kjellaren før han blir sloppe for sal.

Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut

Gjærduft overskuggar alt anna ved opning. Våt stein, sitron, litt pære, rista nøtter. Duftar etter kvart heilt greitt, men treng litt tid og luft før vi er der…

Friskt anslag, juicy og slankt midtparti med granny smith og sitron. Ørlite bitre urter før ei sitronprega avslutning med anstendig lengde. Vinn på lufting – smakane blir meir integrerte og behagelege etter ein times tid.

Rimeleg musserande på den syrlege sida, som eg likar betre i munn enn på snute – lettdrikkelege og ukompliserte bobler til under 200,- er sjølvsagt eit supert kjøp når det er så godt som dette.

Musikkbonus: Half Zaftig – Life Like Luster

Bandet trur eg ikkje eksisterer lenger, men var ein spanande Seattle-løyndom då Life Like Luster kom i 2007. Eg kom over dei via ei tilråding frå Mike Keneally (trur eg det var), og eit gjenhør i kveld syner at gruppa har aldra bra.

Half Zaftig sounds exactly like Led Zeppelin spilling a beer on Living Colour at a party that King’s X threw for Trent Reznor and The Beatles at Frank Zappa’s house. (Paul Berkholst)

Breidda i musikken er stor – solfylte popsongar som hentar vokalinspirasjon frå Beatles og Beach Boys blir avløyst av Queensrÿche-tunge riff og King Crimson-skeive taktartar.

Kjelder:
bernard-massard.lu
Diverse Wikipedia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *