Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Sidan 1750 har slekta dyrka druer i rundt Langenlois, eit kvarters biltur nord for Donau i Kamptal, Austerrike. I dag er det to generasjonar Rabl som deler ansvaret på garden mellom seg – medan Rudolf sr. er ute i dalsidene, har Rudolf jr. kontroll i kjellaren.

Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Parfymert blomsterduft, nyslått gras, våt stein, grøne druer(!), gule eple, noko ørlite tropisk langt bakom – ananas og kanskje litt rambutan. Behageleg vin å sniffa til…

Leskande anslag, midtparti med saftig eplesmak, litt bitre urter og kvit pepar. Anstendig lengde med frisk sitron og lime i avslutninga. Enkle og reine smakar.

Behageleg og skummelt lettdrikkeleg vin – kjempekjøp til knappe 150!

Musikkbonus: KoMaRa – Komara

Korkje musikk eller cd-cover for sarte sjeler… (coveret er forøvrig designa av Adam Jones, gitaristen i Tool).

Pat Mastelotto – trommelegenda frå Mr. Mister, Stick Men og King Crimson; David Kollar – slovakisk blanding av Eivind Aarset og Stian Westerhus på gitar, mellom anna henta inn av Steven Wilson for å spela på To The Bone; og Paolo Raineri – italiensk elektronikatrollmann og frijazztrompetist.

Saman lagar dei industriell kunst-metal, skumle og mystiske lydlandskap, og intense groover. Førestill deg at Nils Petter Molvær laga musikken til ein David Cronenberg-grøssar, og du er omtrent der…

Kjelder:
www.weingut-rabl.at
patmastelotto.com

Ein tanke på “Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Leave a Reply