Ochota Barrels 5V OV Chardonnay 2015

When asked what wines he liked to drink he replied, «That which belongs to another.»

Når restaurantsjefar på besøk berre gøymer/gløymer vin i grønsakskuffa mi, så skal det ikkje stå på meg. Eg kan sjølvsagt ta kynismen til Diogenes eit hakk vidare og mistenkje at han har kvitta seg med flaska med vilje, men eg tar uansett sjansen på at han ikkje les dette…

Taras Ochota – pønkebassist, surfeboms og ønolog, reiste saman med ektefelle Amber jorda rundt nokre gonger for å oppleva bølgjer og vin – før dei i 2008 etablerte seg som småskalaprodusentar i Adelaide Hills, Australia. Her lagar dei lavintervensjonsvin – handplukka druer, spontangjæring, lang skalkontakt, minimalt med svovling.

My idea is to embrace that natural acidity, which is basically from picking early. With that you get lower alcohol than your typical Australian wines. Wines that have energy. Taking a holistic approach to making wines that have an energy, that have a vibrancy. Wines that ‘pop’ when you put them in your mouth!  


Ochota Barrels 5V OV Chardonnay 2015

Flaske nummer 360 av 606. (Altså produsert – ikkje i kjellaren min…)

Kraftig duft av kål, treverk og litt sylta frukt ved skjenking frå nyopna flaske. Reduktiv stil – går til strafferunde på karaffel… Glir etter kort tid over i flintrøyk, sukat og tørka frukt. Det som er igjen av fatkarakter balanserer bra med resten – sjølv for meg som ser på eik i kvitvin som ein djevelsk konspirasjon.

Delikat anslag, fruktig midtparti med syrleg pasjonsfrukt og fyldigare mango. Litt smør. Etter kvart verkeleg komplekse variantar av sitrusfrukt på vandring. Laaaaang avslutning med fyldig sitronsmak.

Mystisk og kul vin med lag på lag av smaksnyansar som eg likte betre i svelg enn på snute. Ikkje antydning til noko funky sursøt naturpreg. Eg hadde ikkje trudd at kylling-gyoza smakssatt med Nattverden sin heimelaga currypasta skulle fungera, men maten henta fram toast og karamell frå vinen som saman med appelsintoner fungerte veldig fint.

Ps. Vinane er ofte oppkalla etter musikk Ochota høyrer på – denne har – kjedeleg nok – namnet frå spenningsomformaren på ein av gitarforsterkarane dei har ståande…

Neneh Cherry & The Thing – The Cherry Thing

The Thing – skandinavisk, ultrapresis garasjejazz, førestill deg ei blanding av Don Cherry og Motörhead, intens energi og eit telepatisk samspel, møter Neneh Cherry – postpønk-vokalisten med verdshiten Buffalo Stance i 1988 til dyst. Og ja, det er intenst og veldig tøft…

Neneh Cherry sin eigen Cashback startar det heile med organisk kontrabass – her klaskar strengane nådelaust mot treverk i eit småfunky arrangement. Sjølv Mats Gustafsson – saksofonverdas største lunger – klarer å halda igjen. Ei stund i alle fall… Høgdepunktet på første side er utan tvil Suicide sin Dream, Baby, Dream. Hypnotisk groove og magisk vokal byggjer seg langsamt opp i ein petulant frenzy før dei fader draumande ut.


Spesielt saksofonen er så naturtru at det høyrest ut som Gustafsson står i stova. Too Tough to Die frå trip-hop-pioner Martina Topley-Bird (Tricky, Gorillaz, Massive Attack) opnar hymneaktig som duett mellom baritonsax og strykebass før ein skitten groove følgjer resten av låta.

Side B startar med saksofonisten sin eigen Sudden Moment som i god The Thing-ånd går amok mot slutten og syner kvifor Mats Gustafsson må skifta flis mellom kvar låt på konsertar… Accordion av alternativ-rappar MF Doom har ein fantastisk groove og intens vokal frå Neneh Cherry. Pappa Cherry sin Golden Heart frå 1966 blir draumande Pink Floyd-psykedelia før ei fantastisk plate rundar sentimentalt av med Ornette Coleman sin What Reason Could I Give.

Kjøper du heller cd-en får du med Iggy Pop og Stooges sin Dirt (plasshensyn antar eg) og foto av bandet, samt heile coverillustrasjonen. Med Nilssen-Love og Gustafsson som ihuga vinylsamlarar er eg overraska over at cd-utgjevinga er meir forseggjort enn LP-en. For all del – plata er svært gunstig prisa, men eg skulle ønska at dei hadde spandert eit ordentleg innercover.    

Kjelde:
ochotabarrels.com/

Ein tanke på “Ochota Barrels 5V OV Chardonnay 2015

  1. Tror nok vinen hadde fremstått med klarere frukt i et Montrachet-glass eller lignende. Da vi smakte alle Ochota-vinene før Bergen Vinfest var dette en av dem som fremstod veldig forskjellig da vi byttet glass. Opprinnelig smakte vi alle i samme glasstype (Chef & Sommelier RevealUp Intense). Riktnok var det 2016, men mener å huske 2015 var ganske lik.

    Forøvrig er kållukten karakteristisk for en del av vinene, men den går stort sett over så da antar jeg det er reduksjon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *