Colinas do Douro Reserva 2015

With a vision of creating wines that transmit the unique character of the «UM DOURO SUPERIOR», we devote ourselves intensely and genuinely to our work, from sunrise to sunset, harvest after harvest.

Colinas do Douro Reserva 2015

Touriga Franca 30%, Touriga Nacional 30%, Tinto Cão 20%, Tinta Roriz 20%

Bjørnebær, tørt treverk, nellik, litt muskat, litt vanilje.  Glir over i blåplommer og rips med tid i glaset. Behageleg snute.

Fyldig plommesmak, mørk sjokolade, kaffi og antydning til bitre urter. Eg saknar litt konsentrasjon – but, hey – det er ein vin til 170 kroner… Tanniner byggjer seg langsamt opp og gjev ryggrad. Lang men litt kantete avslutning med mykje rips.

Enkel og velsmakande vin utan det heilt store særpreget. Fungerte fint til eit stykke hjort.

Tom Waits – Bawlers

A lot of songs that fell behind the stove while making dinner, about 60 tunes that we collected. Some are from films, some from compilations. Some is stuff that didn’t fit on a record, things I recorded in the garage with kids. Oddball things, orphaned tunes.

I 2006 ga Tom Waits ut samleboksen Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards som 3 cd-ar eller 7 LP-ar. No er grisen slakta – platene er remastra og sloppe separat. Bawlers er tildelt den sentimentale Waits – her er balladane både med håp og resignasjon.

It was just a big pile of songs. It’s like having a whole lot of footage for a film. It needs to be arranged in a meaningful way so it will be a balanced listening experience. You have this big box with all these things in it and it doesn’t really have any meaning until it’s sequenced. It took some doing. There’s a thematic divide, and also pacing and all that. There are different sources to all these songs and they were written at different times. Making them work together is the trick.

Her er nydelege Bend Down the Branches, og You Can Never Hold Back Spring. Norah Jones hadde allereie spelt inn Long Way Home før Waits kom med sin versjon. Little Drop of Poison fekk plass i Shrek 2, medan det ikkje var plass til vakre Shiny Things på Blood Money. Høgdepunktet på plate 1? Antakeleg mordballaden Widow’s Grove. Eller forresten: det må bli kjærleikserklæringa på Never Let Go.

Andreplata har litt frå samarbeidet med Teddy Edwards, litt filmmusikk – mellom anna Fall of Troy frå Dead Man Walking, If I Have to Go som er ein overliggjar heilt tilbake frå Frank’s Wild Years, ein surklete versjon av Goodnight Irene, og eigen versjon av Down There by the Train, låta han ga til Johnny Cash. Innimellom får vi The Ramones sin Danny Says i balladeform og det heile rundar av med standardballaden Young at Heart.

Heile katalogen til Tom Waits er i ferd med å få ei oppgradering med nye remastra utgåver. På desse platene er det i alle fall gjort imponerande arbeid – vokalen er tydelegare enn nokon gong og lydbildet er veldig detaljert.

Kjelder:

colinasdodouro.pt

Diverse Wikipedia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *