The Ocean Doesn’t Want Me Today

Ein liten sorteringsdugnad i eigen kjellar blottla uventa ei flaske Wechsler frå 2012 – antakeleg eit tips frå Gunnar Skoglund då han hadde Husets Vin-bloggen sin.

Etter elleve år i Berlin returnerte Katharina Wechsler til Westhofen for å overta heimgarden og bli vinbonde. Filosofien i botn er å laga elegante vinar med adresse – der åkeren er viktigare enn kjellaren, vinar med karakter og finesse, vinar som skal gje deg lyst å ta ein ny slurk. Undervegs har Klaus Peter Keller vore ein viktig mentor og støttespelar.

Wechsler Riesling Kirchspiel 2012

Overveldande duft av bensinstasjon og badeball-plast frå nyopna flaske. Med litt godvilje: aprikos. Er vinen over toppen? Har eg venta for lenge? Strafferunde på karaffel og ofring til Oenotropae hjelper vonleg…

To timar lufting har gjort godt. Tydelege tonar av fyldig sitron og frisk Granny Smith er i ferd med å overta snuten. Våt skifer ligg bakom som mineralsk innslag.

Syrleg anslag som brer seg ut med mykje eplesmak og ananas i eit kriblande konsentrert midtparti. Smatter lenge på ei fyldig avslutning med ørlite honning.

Blir reinare og meir delikat med tid – lagvise eple- og sitronsmakar blandar seg med eit urte/krydderpreg og røykfylt duftbilete. Etter fire timar i karaffel kjem det ei sitronsyre som er herleg reint og forfriskande. Vin som treng litt planlegging, men likte seg godt i selskap med gravlaks og røykelaks.

Rabbit Rabbit Radio – Black Inscription

Då musikarparet Carla Kihlstedt (Tom Waits, 2 Foot Yard) og Matthias Bossi (Sleepytime Gorilla Museum) stifta familie vart turnelivet meir komplisert. Løysinga vart Rabbit Rabbit Radio, eit band du kunne abonnera på, få ein låt i månaden – pluss tilgang på mykje bakom-materiale. Undervegs har mellom anna Fred Frith, Ava Mendoza, Nels Cline og Tony Levin vore gjestar.  Oppsummeringa av debutåret – Volume 1 – endte som ei av favorittplatene mine frå 2013.

At vatn og havet har inspirert kunst er langtfrå nytt – noko som gjev og tar liv, og som er tiltrekkjande og mystisk skummelt på ein gong kan lett gjerast om til kløktige metaforar. Nattverden har tidlegare tatt for seg Kate Bush – Before the Dawn og Susanna – Triangle. Songsyklusar derimot,  har ikkje vore på moten sidan Schumann, men denne plata kan og bør endra dette. Inspirert av fridykkar  Natalia Molchanova som hadde dei fleste verdsrekordane i fridykking – mellom anna eit rekorddykk til 127 meter. På eit roleg rekreasjonsdykk i 2005 kom ho aldri opp igjen.

Kva om ho berre fortsette nedover i elementet ho elska mest – denne mytologiseringa er det Rabbit Rabbit Radio utforskar i Black Inscription. Folkefinansiert på Kickstarter som ei innspeling med ei besetning utvida med Jeremy Flowers på gitar og Jon Adams (Tori Amos) på bass, framførd som ei kritikarrost multimediaframsyning i New York i januar 2018 – så vellukka at dei måtte leggja inn ekstra framsyningsdagar for å dekkja etterspurnaden. Tilgjengeleg på cd, nedlasting og frå juli 2018 som dobbel lp.

To perform the perfect dive we have to let go the need to succeed

Jump Blue tar oss på hypnotisk vis ned i djupet – tekst av  Hannah Silva framførd av Tatyana Gessen snakkar oss gjennom både dei filosofiske og dei fysiologiske aspekta ved fridykking. Mytologien tar oss vidare nedover i The Blue Abyss der Natalia forsvinn i djupet. Når sollyset forsvinn er det bioluminescens som møter oss i Nanomia Cara, groovy trommer frå Bossi under lange vokallinjer frå Kihlstedt. Idyllen er brutalt ferdig i The Ghost King – plast, avfall, mista fiskegarn som framleis fangar det som kjem forbi. Intens vokal i ein slags Blekkulf for vaksne. Tvil og angring på å ha forlatt sine kjære er tema i Tether, der vi møter den karakteristiske røysta til Matthias Bossi for første gong på plata.

Don’t pull me in, but don’t let go

Octopolis med Kristin Slipp som gjestevokalist blir eit vakkert (og snålt) kvileskjær der blekksprutane observerer den passerande gjesten gjennom sine sansar før førsteplata avsluttar med Black Inscription (roll credits). Natalia er no i ferd med å bli integrert med havet – låta minnar om Sleepytime Gorilla Museum, og er så langt den tyngste på albumet.

The Beautiful Math of Coral opnar side c med nydeleg vokal frå Carla Kihlstedt – snålt nok inspirert av eit TedTalk-innlegg som utfordrar Euklidisk geometri med matematikken i korallformasjonar. Water is my Blood er både ei kjærleikshistorie og ein observasjon av likskapen mellom havstraumande og blodsystemet vårt før Refuge problematiserar alle lydane vi fyller havet med – og som skadar liv og navigasjon – intenst og tungt. Musikalsk kunne dette vore frå ei Sleepytime Gorilla Museum-plate. Whale Fall er kretsløp og transformasjon – ein død kval gjev liv og mat til alt frå hai til bakterier i eit 100års-perspektiv. I Clues og Susurrus møter vi Natalia igjen i ferd med å overgi seg fullstendig til sjøen. Echo and Narcissus feirar tilknytninga til sjøen på kjøleg elegant vis – låta er så David Bowie at ho kunne vore med på Black Star-albumet. Plata avsluttar djupt personleg med ei hylling til Arnold Bossi – far og svigerfar – som kvar dag gjekk frå huset sitt og ned til stranda der han både fann og mista seg sjølv…

Komplekst og tilgjengeleg på ein gong – og eg må medgje at eg har fått eit nytt favorittalbum i 2018… Kan lyttast til og eventuelt kjøpast på https://rabbitrabbitradio.bandcamp.com/album/black-inscription

Kjelder:

weingut-wechsler.de
rabbitrabbitradio.com

2 tankar på “The Ocean Doesn’t Want Me Today

Leave a Reply