Philizot & Fils Brut numéro 3

Ved førre slepp slapp Vinmonopolet ei rekkje med rimelege musserande vinar frå Champagne  – noko som strile- og hockeyfrisyreavdelingen hjå Nattverden sjølvsagt måtte sjekka ut.  Med druer frå Vallée de la Marne lagar ekteparet Stéphane og Virginie Philizot bobler som fjerde generasjon på bruket.

Philizot & Fils Brut numéro 3

Gjærbakst og nybakt brød, raudt eple, behageleg, søtleg  «sjampanjeduft»

Kremete munnkjensle, søt Granny Smith, grønt epleskrell. Litt stutt avslutning, snev av sitron, men saknar syre.

Andre smakarar har reagert på manglande futt – i denne flaska putrer det vedvarande med bobler både i mengde og intensitet. Heilt grei og enkel sjampanje med reine og «riktige» smakar, men utan noko særleg særpreg. Litt meir syre hadde balansert sødmen betre, men uansett eit godt kjøp til under 250,- Drukke til hjorteburger fordi eg kan…

Musikkbonus: Andrew Ridgeley – Son of Albert

Då Wham! ga seg i 1986 etablerte George Michael seg raskt som superstjerne, medan Andrew Ridgeley endte som verdas mest brukte quiz-spørsmål. Etter å ha brukt royalty-penger på å kjøra racerbil  i Monaco relanserte han seg sjølv som soloartist i 1990. Son of Albert hadde moderat suksess i Australia, men snubla stort sett elles i verda.

Andrew Ridgeley hadde tydelegvis ein undertrykt rockar i seg – musikken er nærare Bon Jovi og David Lee Roth enn George Michael – og mykje meir tromme/gitar-basert. Hangin’ har litt disco-Bootsy Collins over seg,  Dessverre er det meste av resten meir kuriøst enn bra…

For spesielt interesserte har Cherry Red Records sloppe cd-en på nytt med eit spanande intervju med Ridgeley og ein bunke bonusspor, mellom anna Red Dress med George Michael på koring.

Kjelder:

http://www.champagne-philizot.fr/
www.cherryred.co.uk

2 thoughts on “Philizot & Fils Brut numéro 3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *