Ei flaske, GPS Blanc d´Antan 2017

Ja, så er det fredag. Trøytt, sliten, matt etter ei veke med tidleg opp og nok å gjere på jobb. Men no er det helg, det er tid for kroppsleg og mental restitusjon. Det er tid for vin, kanskje ein ostebit. Går ned trappa til fyrste etasje. Så står eg der då, framfor vinskapet. Kikkar inn, vurderer. Kva har eg lyst på? Kva passar i kveld? Kva er for dyrt, eller må sparast til eit måltid eller blind luring om det skulle dukke opp ein vinnerd. Hmm.. det er kvitt eg har lyst på. Strekkjer handa ut og flyttar på nokre flasker tørr furmint. Kva ligg bak? Der er noko riesling, hmm.. Breuer, Von Winning, Leitz, Gobelsburg, Nikolaihof. Nei. Grossot Chablis Vaucoupain 2013? Går opp trappene til stova, tek fram laptopen og sjekkar Cellartracker og andre notat på Chablisen. Hmm.. skulle eg lagra han litt til? Har eg lyst på Chablis? Går ned igjen. Skrittar over barndomens byggjeklossar (Lego på golvet) på veg til vaksenlivets vin. Opnar vinskapet. Var på hyggelig besøk i går og fekk mogen raud burgunder. Det er godt då! Skal eg heller ta ein raud? Nei, det må bli kvitt i dag. Kona skal ut, så eg treng ikkje tenkje på om det er noko ho liker. Grip ein GPS. Siste flaska som kom inn i skåpet. Ho blir fyrste ut. Jaja. Eg kjøpte vinen fordi det var ein Jura-vin med underlig namn. Vestlendingar. Vi er galne etter det skeive, det rare, motkultur, underdogs, unnataket som bekreftar regelen. Om det var mogleg ville vi alle bu i 7,5. etasje i eit rom med innsikt.

Domaine Pignier held altså til i Montaigu, litt sør for midten av Jura. Men altså ikkje heilt nede i Sud Revermond. Det er tre søsken som held arven etter førre generasjon i hevd. Marie-Florence, Antoine og Jean-Etienne heiter dei, og lagar vin frå 15 hektar vinmarker. Dei har ei Jura-typisk flamboyant portefølge med cremant, chardonnay, trousseau, poulsard, savagnin, vin jaune, macvin, vin de paille og litt marc. I ein bortgøymd region som Franche-Comté er det greit å vere jack of all trades.

Går opp att. Opnar glasskåpet, tek ned eit Zalto Burgundy. Glaset kostar meir enn vinen. Tenkjer på det kvar gong. Litt absurd, men det minkar gradvis. Opnar skuffen som inneheld kaffifilter og vinremedier. Kaffifilteret ligg der for det er nære kaffitraktaren. Men elles ligg det fleire vinopnarar, vakuumpumpe og gummiproppar. Skrur ned heile helixen på opnaren. Fyrst gjennom voksen. Som krakelerer. Sjølvsagt krakelerer voksen. Trur du det er 80 grader i stova mi? Så, med berre små knirkelydar skrur skruen seg nedover korken. Trekkjer opp korken. Heller vin i glaset. Det er helg.

GPS står for gamay blanc (lokalt namn for chardonnay), poulsard, savagnin. Det er altså ein miks av to kvite og ein rauddruesort. Og dei er pressa og vinifisert saman. Utan svovel. Ingen filtrering. Visstnok mogna på eik. Ouillé, får vi tru. Altså at fatet er fullt. Utan rom for flor eller oksidering.

Ungane er endelig i seng. Tek ut ein bit Comté frå kjøleskåpet. Skjer vekk skorpa. Finn nokre salte kjeks. Set meg i sofaen. 

Eigedomen til Domaine Pignier var ein vingard allereie på 1200-talet. Den gong var det karthauser-munkar som bygde kjellaren og dyrka vinmarkene. Etter revolusjonen kom eigedomen i hendene til Pignier. I mellomkrigstida måtte garden satse på fleire hestar, og det vart mindre vinmarker og meir av andre avlingar. Frå 1970-talet vart fokuset igjen retta mot vin. Vinmarkene ligg rett utanfor landsbyen, så dei har kort veg til arbeidet. I 1998 byrja dei å jobbe økologisk, og frå 2002 med biodynamisk filosofi. Demeter-sertifiseringa kom i 2006.

Ah! God vin, litt fersk og tilknappa, men kjem seg med luft. 

Men dei driv altså og leflar med null svovel. Det er risikabelt. Dei veit nok kva dei gjer. Eg har ikkje funne ut om dette er noko siste generasjon byrja med, eller om også foreldra vinifiserte på den måten.

Det er stilt i underetasjen. Latteren frå to jenter som skal sovne på same rom, har stilna. Bamsane har også gått til ro. Legoklossane ligg utover, men dei heller lagar ingen lyd.

Domaine Pignier Côtes du Jura GPS Blanc d´Antan 2017

Heilt lys strågul. Luktar mykje forskjellig, men dempa. Vinen er ung og treng nok luft. Rein og luftig i nasen. Her er mykje gult. Melon, søte gule eple, litt ost. Men også noko som eg tenkjer på som raude syrlige bær. Lett, mjuk, sober og elegant vin med god syre. Gule eple, ganske fruktig vin. Lite stein og denslags. Herlig frisk finish med gule eple. Lang. Ikkje den aller beste kompisen til Comté, men det går. Det går.

Ser ein episode med krim på nett-TV. Skriv ferdig artikkelen. Tek eit glas til. Det har slutta å regne. Nokre irriterande fluger svirrar rundt hovudet. Viftar dei vekk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *