Ei flaske (punk), Puzta Libre 2016

Punken oppstod på slutten av 1970, som ein reaksjon mot det etablerte musikkmiljøet og musikkbransjen. Det var eit rebelsk opprør der ein gjekk tilbake til røtene i rocken, for det var blitt for mykje staffasje og fjas med progrock, og musikk som var manipulert i studio. I vinverda har det også vore fleire opprørske grupperingar og einskildpersonar. Naturvinsbølgja som har rulla innover strender fleire stader i verda, er på nokre måtar lik punken, men diverre også til tider med like mange unotar som musikken i punkesjangeren.

Sjølv om mykje naturvin er full av feil, og er ei blindgate for uerfarne vinmakarar, har naturvinsbølgja vore med å peike på problema som finst i ein del av den etablerte vinverda. For eksempel i Bordeaux, der salskanalane og handelssytemet med vin gjer at det er svært vanskeleg å oppdage nye produsentar. Det er hovudsakleg dei klassifiserte eigedomane i Medoc, Saint-Emilion og Pomerol som får merksemd, medan det er eit hav av andre produsentar som slit med at Bordeaux har eit rykte som gamalmodig vin for den eldre generasjon. Naturvin kan også sjåast som ein reaksjon på raskt eskalerande prisar på til dømes vin frå Burgund. Dette gjer at det er for dyrt å selje desse vinane på restaurant, og det er for dyrt for ein ny generasjon vindrikkarar å kjøpe, smake og setje seg inn i kulturen og vinane frå alle dei ulike vinmarkene. I staden vender ein ny generasjon seg mot meir umiddelbart tilgjengelige vinar, som ikkje kostar all verden. Ettersom “den nye vinen” vert laga utanfor etablert lovverk kan dei tillate seg å etablere ein ny standard, gjerne med feil som vert kamuflert som noko ekte og genuint. Ein ny generasjon med vinkelnarar kan bli ekspertar på “den nye vinen” og vert “rockestjerner” for nye og usikre vindrikkarar som treng guiding på vegen.

I vår oppdaga eg ein frekk punkevin som spelar på etablerte strenger, men med rikeleg med fuzz og vreng. Claus Preisinger held til i Burgenland i Austerrike, og spelar opp til fridans med ein funky raudvin. Med seg i bandet har han druesortane zweigelt og sankt laurent, som har lang røynsle i landet. Men her skrur dei det til med alternative tonaeskalaer, då druene har gjennomgått karbonmaserasjon. Då vert drueneklasane lagt heile i gjæringskaret og gjæringa byrjar inne i dei heile druene, før dei til slutt vert knuste av vekta frå massen, og ei normal gjæring avsluttar kakafonien.

Claus Preisinger Puzta Libre 2016

Vinen er mørk lillaraud og transparent. Eit lett og friskt bærpreg stig frå glaset. I munnen er vinen frisk og rebellsk, med preg av ferske knuste mørke bær. Det er også litt animalsk funk, som det høver seg for ein naturvin. Vinen kjem i smal “ølflaske” og bør drikkast avkjølt, sånn rundt 10-12 grader. Jasså?! Du lurer på om eg har eit mattips til vinen? Greit! Noko du kan ete med ei hand. I eit demonstrasjonstog kan du ha ei pølse i eine handa og vinen i andre. SKÅL!!!

Vinen kostar 169,90, som om du har ein tohundrelapp har du litt pengar att til sprittusj og ein rull med papir til demoen.

Dette er ein lett omarbeidd artikkel som har stått på trykk i Sogn Avis tidlegare i år. Sjølv ikkje punken kan finne opp kruttet kvar *§^#@ gong. Naturvinsfolk som kjenner seg trakka på tærne, kan stille seg i kø for å banke meg opp til helga, for då kjem eg til Bergen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *