Gaudio Monferrato Freisa 2010

-Kelner, det er bobler i pizzavinen min!

Freisa – lokaldrue frå Piemonte som på heimebane taper terreng mot meir populære nebbiolo. Nattverden har tidlegare testa stille freisa frå Francesco Boschis – i kveld drikk vi vin som følgjer gamal tradisjon  med lett prikking frå perlande bobler.

Frå høgaste haugen i Monferrato har Gaudio-familien laga vin sidan 1973. Med 18 hektar i kalkjord der det innimellom dukkar opp fossil av 6 millionar år gamle snabeldyr frå Miocen, produserer dei 100 000 flasker i året på mest mogleg tradisjonelt vis.

Gaudio Monferrato Freisa 2010

Overveldande lukt frå nyopna flaske – surrealistisk miks av markjordbær og fjøs. Etter nokre minutt bestemmer vinen seg heldigvis for å lufta av seg sau og behalda modne jordbær. Sure kirsebær ligg bakom saman med fennikelfrø og eit urtepreg. Noko animalsk rusker det litt til, men alt i alt ein delikat snute.

Sorry – Bloggaren var ekstremt svolten under fotograferinga…

Friskt anslag, midtparti med mykje jordbær. Anstendig lengde, men har i overkant med fruktsødme i avslutninga. Pussig sensorisk oppleving å kjenna bobler saman med tanniner som forsiktig byggjer seg opp. Artig vin som eg nok ikkje falt heilt for  – fungerte likevel fint som drikkefølgje til pizza.

Musikkbonus: Steve Vai – Modern Primitive / Passion & Warfare (25th Anniversary Edition)

Let’s hear it for another great Italian…

Tenk at det nærmar seg 30 år sidan Passion & Warfare snudde gitarverda på hodet. Som stuntgitarist for Frank Zappa og David Lee Roth visste vi liksom at han kunne spela gitar, men det var først her han sto fram som komponist med særeigne idear og gjennomføringskraft.

I 2015 vart tjuefemårsjubileet markert med ei remastra gjenutgjeving av albumet – inkludert 4 ekstraspor som ikkje kom med i 1990. Love it or hate it – ting som lét fantastisk då eg var nitten er litt i overkant pompøst i dag, men det er ikkje til å komma i frå at albumet framleis framstår som unikt med ein teknikk som enten fekk deg til å øva meir eller leggja gitaren ut for sal…

I tillegg følgjer Modern Primitives med – 70 minutters hulter-til-bulter-samling av kva han dreiv på med mellom debuten Flexable og Passion & Warfare. Her er soloar som høyrest ut som Zappa, samarbeid med Tommy Mars, jazzrock og mykje leik i studio.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *