Guiberteau Saumur Rouge Domaine 2015

Sjølv om drua er ein forfar til meir berømte cabernet sauvignon så får ikkje cabernet franc noko særleg merksemd. Sannsynlegvis stammar drua frå Bordeaux, men blir behandla med meir respekt i Loire der ho trivst godt i relativt kjøleg mikroklima.

I Loire – rundtom ei mil sør for Saumur har Romain Guiberteau sidan 1996 dyrka 6 hektar cabernet franc. I tillegg til vinen vi skal smaka i kveld, lagar han også ein del enkelmarksvinar på drua, pluss kvite vinar av chenin blanc. Den årlege produksjonen er rundt 60 000 flasker. Garden er sertifisert økologisk, og han brukar minimalt med svovel.

Guiberteau Saumur Rouge Domaine 2015

Delikat snute rett frå nyopna flaske – mykje blåplommer, litt kaffibønner, raudt epleskrell, svart pepar, litt bringebær med tid i glaset.

Friskt anslag, juicy midtparti med solbærsaft, plommer og litt bitre urter. Syrleg avslutning med rips. Tanninar som smyg seg inn i munnen, knapt merkbare før siste glas. Forfriskande elegant. Lettdrikkeleg, men samstundes ryggrad nok til å takla hjortelår med masser av haustens skogssopp. Tidlegare erfaringar med drua har mest vore i form av jålete bobler, dette gjev meg lyst til å prøve meir…

Musikkbonus: Dalbello – whore

Before I even began recording this album, I had written a poem called whore, which evolved into the pivotal song that became the foundation for the album …..the song whore is about the loss of self; and about the loss of self-esteem. It’s about trading in your values…..selling out….in exchange for some kind of gain….whatever that may be–whether it’s to be loved, to be accepted, to fit in, to climb a ladder of success…but ultimately, it’s about power and powerlessness: The moment you place your self-worth into the hands of others, you devalue yourself…you prostitute yourself.

Lisa Dalbello – barnestjerna frå  Canada som gjekk sine eigne veger  – hadde nokre hits på åttitalet. Gonna Get Close To You frå Whomanforsay fekk ein del merksemd, medan She frå 1987 hadde både Tango, Black On Black og  Intimate Secrets som suksessfulle singlar. Så berre forsvann ho i 10 år…

I 1996 returnerte ho plutseleg – og ho var rasande. Synthpop er erstatta av tung, industriell alternative-rock, melodiane er framleis catchy, tekstane mørke og avanserte for eit rockealbum, temaet er… la oss sei at det er ein eller annan fyr i livet hennar som ikkje kjem noko særleg godt ut av dette… Er revenge rock eit omgrep? Whore er uansett kanskje den mest urettferdig oversette plata frå nittitalet.

And all the darkness you create for me might be…
All the darkness you create for me might be…
Of all the righteous fools I’d hate to be…
It’s likely
It might be
It might be….
You

Vokalarrangementa er i verdsklasse, røysta hennar ditto – ho glir uanstrengt frå Eartha Kitt-snerring til David Coverdale til Kate Bush, utan å mista sitt eige særpreg. Eit oversett meisterverk!

Heaven knows it must be hell
For you to stand in frozen silence
While I dance over your grave

 

 

Kjelder:
domaineguiberteau.fr
hrmusic.com
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *