Sauejag 2018

«Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen: ei tid for å fødast, ei tid for å døy, ei tid for å planta, ei tid for å riva opp»

Forkynnaren 3, 1-2

Det er tid for bonden å hauste. Om du ikkje driv med asparges eller sommargrønsaker, er hausten tida for å få avlingar av ymse slag i hus. Korn, frukt, poteter og kålrot, eller vindruer om du er bonde litt lengre sør. For ein sauebonde betyr hausten at lam skal sendast til slakt og det blir pengar inn på konto. Men fyrst må dei ned frå fjellet.

I år skulle eg få vere med på sauejaget. Ein fyrstereisgut saman med seks røynde karar og kona på garden. Søskenbarn Jostein er bonde no. Før han var det Arne, og før han var det Jens. Før Jens var det Anders, og det var han som kjøpte garden i 1907. På Anders si tid var det meir blanda drift på garden med korn, sauer, kyr og gris. Det var også hestar, for Anders kjøpte unghestar som ham temde og selde vidare. No er det sau det går i. 263 sauer og lam er sende på fjellet før sommaren. Kor mange vil vi finne att?

Lamma til Jostein kan kose seg med fjellets finaste vekstar heile sommaren, før hausten kjem og livet får ein brå slutt på slakteriet i Førde. Men heile sommaren beitar dei i Tverrdalen og på Anestølsfjellet, som ligg i Jostedalsbreen nasjonalpark. Om dei tenkjer på den fine utsikten frå fjellet, bonden, Jon Georg Dale, jordbruksoppgjeret, slaktevekta eller korleis Nortura, Coop og Rema skal få nordmenn til å ete meir lam, ja det er ikkje godt å seie.

Sauejaget startar måndag morgon. Eg reiser til Sogndal på sundag ettermiddag og overnattar på hytta som familien har bygd på stølsgjerdet. Ho er som meg, frå 1979. Vi møter opp på Anestølen kl 0730. Eg har smurd godt med niste og har sjokolade, eple og banan i reserve om ikkje brødskivene er nok. Jostein deler ut walkie-talkie til alle og fortel om planen for dagen. Det vert ikkje sagt noko om kor lenge vi kjem til å halde på, men eg bur meg på ein lang dag. Eg skal få følgje med onkel Arne opp Vombi og Badnakona, og så skal vi bevege oss innover mot Tverrdalsvatnet. Dersom vi finn nokre beist skal vi jage dei mot Dalane og ned mot Fossane. Der skal vi til slutt vonaleg samle fleire sauer frå områda rundt Tverrdalsvatnet, og sidan føre dei ned til Anestølen. Jostein, Sigbjørn, Are, Lars Atle og pappa går oppover mot Tverrdalsvatnet på austsida av elva. Jostein og pappa skal sidan gå opp til Store Tverrdalsvatnet. Lars Atle og Sigbjørn skal leite frå Nipa og nedover. Are går til fremste vatnet.

Onkel Arne fører an oppover rekkjer på veg opp mot Vombi. Tempoet er rolig. Eg er litt utålmodig, men dagen er enno ung, det vert rikeleg med høve til å bruka krefter. Om vi skal heilt til toppen på Badnakona, er det 1398 meter over havet. Det er mykje blåbær og eg nyttar høvet til å hive innpå medan eg går. Rekkjer er dialektord for sti. Rekkjene er laga av folk, men mest av fe, for her har sauer og geiter gått opp og ned i hundrevis av år. Vi går oss varme medan praten går om vilkår for sauebønder, Nortura og kjedemakt. Gamlebonden og politikaren er sindig, men samtidig litt bekymra for framtida. Nokre stader har rekkjene byrja å gro att. Dei hadde med hekksaks i fjor, for somme stader tek småskogen over. Rett under Vombi vert det så bratt at vi må klatre i berget. Heldigvis er det greiner å halde seg fast i. Vel oppe er det tid for å beundre utsikten. Finst det ein meir fullkomen u-dal enn den som møter auga våre, når vi ser ned på Anestølen? Den gigantiske halfpipe-en ligg mellom Anestølsfjellet og Frudalsfjellet, med Anestølsvatnet i botn.

Medan eg skriv dette, ser kona på programmet Folkeopplysningen på NRK. Eg sit rett ved og får med meg innhaldet. Det handlar om konsekvensane av vårt kjøtforbruk, etisk, helsemessig og påverkinga på klimaet. Den norske sauen kjem ikkje godt ut. Metanutslepp frå drøvtyggjarar som kyr og sau gjer kjøtfe og smalen til miljøsinker i landbruket, seier programleiar Andreas Wahl. I tillegg får dei mykje offentleg støtte. Har eg vore med på noko som vi ikkje skulle drive med? Er ikkje strevet til bestefar Jens, onkel Arne og søskenbarn Jostein nyttig for Noreg, eller verda? Jaja, alt er no ikkje svart-kvitt. Sauer bidreg vel med noko positivt også. Denne sommaren har det vore tørke i landet og innmarksgraset har ikkje vakse. Bøndene har ropt om fôrkrise og trugar med nedslakting av dyr. Graset i Tverrdalen og på Anestølsfjellet har fødd lamma også i år. Fjellbeite er i stor grad utilgjengelig for storfe, gris, høner og kalkun, men ein ressurs for sauebønder når vêret ikkje spelar på lag.

På veg opp mot Badnakona tek vi ein matpause. Kaffien smakar godt. Men no må vi byrje å jobbe. Vi skrur på walkie-talkie-en og finn fram kikkerten. Det er mykje speiding. Vêret er grått og sikten ikkje den beste. Sjølv om fjellet har trekt i si finaste haustdrakt med raudt og oransje, er det mykje grå og kvite steinar som på avstand lett kan forvekslast med ein sau. Arne og eg har kome til Bandet, eit område rett under toppen av fjellet. Vi får auge på ein tvillingasau, altså ein sau med to lam. Arne går oppover for å kome over dyra. Vi skal få dei litt nedover, så vi får dei inn på ei rekkje som går innover fjellet. Plutseleg kjem dei setjande nedover mot meg. Eg spring på skrått nedover for å avskjere dei, men dei er veldig målretta og fêr forbi meg! Vi går etter dei. No vert det mykje jobb, for vi må tilbake for å få dei opp igjen. Etter ei stund finn vi dei att. Arne tek fram kikkerten. «Dei har raude øyreklyper. Det er ikkje våre.» Vi har sprunge forgjeves. Dyra tilhøyrer ein annan bonde.

«Berre fåfengd, segjer preikaren, berre ideleg fåfengd! Alt er fåfengd. Kva vinning hev mannen av alt sitt strev som han møder seg med under soli? Ætt gjeng, og ætt kjem, men jordi ho stend æveleg.»

Forkynnaren 1, 2-4

Arne og eg går vidare innover fjellsida. Vi er oppe i om lag 1200 meter over havet. Vi skil lag, og Arne går oppover og eg nedover. Dei andre karane på andre sida av dalen har byrja å finne ein del sauer, og komandoar og instruksar kjem stadig på walkie-talkie-en. Eg kjem fram til ein bratt hammar, der eg kan sjå ned på deler av nedste vatnet, og heile fremste vatnet. Innanfor fremste vatnet reiser fjellet seg rundt, og går etter kvart loddrett opp eit godt stykke. Over der igjen ligg eit lite vatn som heiter Brevatnet. Her eg står har eg god utsikt, men eg kan ikkje sjå dei andre. Dei samtalar og avtalar forflyttingar over sambandet, men eg får ikkje auga på korkje menn eller smale. Eg tek fram kaffi og sjokolade og tek på regnjakka. Eg får beskjed om å halde meg i ro inntil vidare. Kaffien varmar, men det vert kaldt å sitje slik i ro. Eg reiser meg å går litt rundt for å halde kroppen i gang. Då ser eg fire små ullkledde kvite dottar langt der nede ved vatnet. Så ser eg tre til. «Jeg skulle ønske jeg hadde sånt lag med sauer som Lars Atle. Det er akkurat som om han hypnotiserer de,» seier Are på sambandet. Då får eg auge på Sigbjørn. Han har oransje bukse, og er lett synleg der han sit på ein grå stein. Han har fått med seg nokre sauer ned frå sida under Nipa. Are jagar på ein flokk på vestsida av vatnet. Dei skal opp ein bratt skrent under meg. Eg får beskjed om å vere klar til å passe på dei når dei kjem opp i nærleiken av meg. Are slit med ein eigenrådig einslig sau som ikkje er interessert i å følgje flokken. Det kjem tre sauer forbi meg og eg tek til å jage dei forsiktig nedover dalen. Are må tilbake for å sjå om han kan få med den siste, eller om vi må la han vere att.

Folkeopplysningen fortel også at det totale kjøtforbruket her til lands har auka. Kvar og ein i Noreg et om lag 76 kg kjøt i året, noko som er 23 kg meir enn i 1989. Her må det vere rom for reduksjon. Skal veksten halde fram, kjem vi til å ete oss ihjel, bokstaveleg tala. Auken i lønningsposen og levestandard har gjort at kjøt ikkje lenger er luksus og helgemat. Ein prisauke på kjøt, vil kome både bonden, miljøet og truleg helsa til gode. Om vi då endrar på vanane og et mindre kjøt. Men kanskje betre kjøt. Til dømes lam i sesong. Forsking viser at haldningskampanjar har liten effekt. Truleg må det ein økonomisk resesjon eller krig til å snu fleirtalet av oss.

Medan pappa og Jostein ha vore rundt Store Tverrdalsvatnet og jaga opp og ned på nokre gjenstridige beist, har Sigbjørn fått med seg ein del sauer nedover på austsida av elva. Etter litt om og men, byrjar dei å gå rekkja i riktig retning. Eg har sett meg ned og ete dei siste brødskjevene. Eg får auge på tre sauer høgt oppe under ein hammar på Sigbjørn si side. Han byrjar å klyve oppover i retning sauene. Det er bratte lier som går frå utspring av vertikale svaberg, ned mot dalbotnen. Fleire stader er det urer som ligg att etter steinras. Det går rekkje oppe under hamrane, og Sigbjørn får med seg sauene i riktig retning. Arne har teke seg oppover lia på mi sida på jakt etter ein sau som vart oppdaga tidlegare på dagen. Tove og eg byrjar å jage fleire småflokkar nedover i retning Anestølen. På andre sida er Are og Lars Atle sameint med pappa og Jostein. No ser vi snart lyset i tunnelen. Nedover går det fint, og sauene går dit vi vil. Men nesten nede ser vi at det går kalvar ute på moane ved Anestølen. Vil dei skremme flokken på flukt i alle retningar? Nei, dei held seg i ro, og sauene går lydig forbi. Men plutseleg skjer fire sauer ut av rekkja og fêr inn i skogen og i retning Langedalen! Arne hiv seg etter dei, medan eg blir verande att på rekkja, i tilfelle dei skulle snu.

«Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.» Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.» Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på heile jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal de ha å eta.»

  1. Mosebok 1, 26-29

Javisst har vi lagt jorda under oss! Check! Men tilbodet frå Herren om å eta vegetarisk, nei det har vi ikkje akkurat vore like ivrige på. Men når vi då har vend oss frå Gud, og heller tek imot ordet frå lågkarbodietten sine yppersteprestar, bør vi ikkje også brødfø oss av fe som kan utnytte fjella vi spring på i våre rekreasjon? Klarer proteintilbedarane å sjå lenger enn sin eigen svette nasetipp? Kva med å byte ut litt innegris med utelam?

Arne har klart å snu dei fire sauene som var komne på villspor. Men no er dei veg oppover og ikkje ned mot stølen og resten av flokken! Eg spring det eg er kar om for å avskjere dei. Men for seint. Dei er for raske. Fire mot to bein er feige lag. Vi gjev dei opp for i dag, og byrjar på heimveg. No skal vi buføre heile flokken på vegen frå Anestølen og til garden. Det er nokre kilometer, men vi veit at der framme ventar ein dusj, reine klede og middag. Trond har laga hjortegryte. Ei salig stemning breier seg kring bordet. Vi et som om vi ikkje har sett mat på fleire dagar. To porsjonar dessert går glatt ned. Eg rekk ein kaffi og litt prat om dagens dont, før eg må ta bussen tilbake til Førde.

Dagen etter får eg teksmelding av pappa. «Andre dag på sanking: 4 karar på Anestølsfjellet. Tove og eg i Vombi. Me fann 13 stk, Magne 6 stk ovanfor Anestølen. Dei på fjellet fann mest andre sine dyr.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *