Boundary Breaks Riesling Extra Dry #90 2017

New York er meir enn Fridomsgudinna og Central Park, og strekkjer seg heilt opp til den kanadiske grensa.  Staten har USA sin tredje største vinproduksjon – 320 vinprodusentar tappar rundtom 180 000 000 flasker i året.

Sjølv om det vert dyrka både riesling, pinot noir og cabernet sauvignon i området, så utgjer dette berre 10 prosent – det er meir kulderesistente hybridar som er i overtal. For dei som i kjøleg klima har satsa på Vitis vinifera er den største utfordringa å i heile tatt få druene til å modnast nok.

Med tett naboskap til Finger Lakes har rieslingplantane til Boundary Breaks eit lite forsprang. Magasinert varme frå den djupe innsjøen heldt temperaturen litt høgare enn normalt, men likevel må produsenten ut i markane heile vekstsesongen for å manuelt gje klasane mest mogleg soleksponering og klippa vekk blader som skuggar.

 Boundary Breaks Riesling Extra Dry #90 2017



Litt kaotisk både på snute og smak ved opning, men med lovande sitrontonar i bakgrunnen. Får ein strafferunde på karaffel…

Våt stein, Granny Smith og spiss sitron. Med litt tid i glaset kjem fleire lagvise nyanser med grøne og gule eple. Litt forsiktig, men behageleg duft.

Forsiktig anslag, men det er før syra kjem. Som å setja tenna i eit saftig Granny Smith-eple, samt ei massiv sitronsyre som sakte glir over i ei anstendig lang avslutning saman med litt bitre urter.

Emaljeskrell, men med nok fylde til å balansera vinen. Enkelt, men veldig reint. Fungerte toppers til laks med sitronsaus og eit supert kjøp til 170,- om du likar ein spiss stil.

Musikkbonus: Jaan Wessman – None for the money, two for the show



For meg er Jaan Wessman bassist – ein slags europeisk Bryan Beller – som har steppa inn i bandet til Mike Keneally på Europa-turneane hans, og seinast i august med Steve Vai. For Tampere og resten av Finland er han like gjerne trommeslagar eller perkusjonist eller gitarist, eller noko anna av dei 300 instrumenta eg er sikker på han beherskar.

I snart 15 år har han hatt ei soloplate under planlegging, men det har alltid vore ein turne eller studio-gig som har forseinka prosjektet. I september 2018 er han endeleg i mål, og resultatet er blitt veldig bra.

Normalt er eg ikkje så veldig glad i sånne ein-personsprosjekt, men dette lét organisk, levande og leikent. Og som eit band.

Kva som har inspirert Wessman er ikkje særleg løynd – førestill deg Beatles, men med Robert Fripp og medlemar frå Genisis i bandet. Undervegs er det små nikk til Sluggo- og Wooden Smoke-platene til Mike Keneally, andre gonger til Frank Zappa, Steve Vai og Beach Boys.

Nesten femti minutt med svært variert musikk. Avansert, men samstundes melodisk tilgjengeleg med ei popteft der han i Sting-stil legg inn skeive taktarter så elegant at det nesten ikkje er merkbart.
https://eclipsemusicrecordlabel.bandcamp.com/album/none-for-the-money-two-for-the-show

 

 

Kjelder:

www.newyorkwines.org
https://boundarybreaks.com

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *