Kafka på (st)randen av Douro

Somme tider kan røynda vere villare enn fiksjonen. Vi kan tru på utrulige soger, men står vantru andsynes ei røynd som ikkje står til truande. Vi som ikkje har vakse opp i DDR eller andre kommunistregime der Staten eigde sanninga, kunne få eit lite glimt under fotball-VM, der det nye video assistant referee (VAR) vart testa ut med heile verda som vitne. Der sat menn på eit lite rom med skjermar og overvåka alt, og om noko ureglementert hende, kunne dei endre historia i ettertid.

I DDR gjorde dei alt for å bevare systemet. Ei total overvåking gjorde at frykta for represaliar hindra opprør. Vinmyndigheiter i europeiske land har eit lovverk som i stor grad skal ta vare på tradisjonen i kvart geografisk område. Til mindre geografisk eining, dess strengare vert reglane.

I Dourodalen er det tillate å nytte opp til 90 ulike druesortar. 29 er av vinmyndigheitene tilrådd. Dei tradisjonelle småbruka i Douro eig ikkje så store vinmarksareal kvar. I tidlegare tider, då kunnskapen om druesortar og om jordsmonn var mindre utbreidd, var alle vingardar planta med mange ulike sortar i lag. Dette var ei forsikring mot vanskelige årgangar. Dei ulike sortane har ulike mogningstidspunkt, motstand mot rote, toleranse for tørke, og ulike kvalitetar i varme eller kalde år. Det var difor mogleg å hauste og selje ein god porsjon druer, sjølv om vêret av og til kunne vere vanskeleg. Med så mange druesortar, er det ikkje rart at resultatet også kan sprike. Dei siste 20 åra har bordvinar auka i omfang, som eit supplement til portvin. Det er mykje dei same druesortane som går inn i raudvinen, og klimaet i Douro gjev generelt fargesterke og kraftige raudvinar. Vinmyndigheitene som lagar og handhevar regelementet for Douro har også eit smakspanel, som sensorisk går igjennom vinane som skal ut på marknaden. Sjølv om alle formelle krav til druer, produksjon og innhald i vinen er på plass, må han altså smakast på av likemenn. Då hender det at det dukkar opp vinar som har feil, eller som vert oppfatta som “utypiske”. Kanskje er det ein for konservativ haldning til variasjon i  slike panel? Men deira oppgåve er jo for så vidt det som ligg i ordet konservativ si tyding. Ta vare på, halde ved like, konservere tradisjonen. Men det er berre det at tradisjonen for raudvin og kvitvin i Douro ikkje er særleg lang. I allefall ikkje i det omfanget med kommersielt tilgjengelige vinar som finst i dag. Med nye produsentar som kastar seg på i “nye” sjangrar, er det klart at uttrykket for tradisjonen er i endring.

Kor stort er spelerommet for utforsking av grensene av ein raud DOP Douro? Med 90 tillatne druesortar skulle ein tru at det var rom for mykje forskjellig. Også av vinifikasjonsteknikkar og filosofi. Men av og til kjem avslaget frå dei Rettferdige i Rådet. Og når grunngjevinga er slik som det denne vinen fekk til del, ja då er det vanskeleg å ikkje tenkje på Prosesssen til Kafka.

Eg har vore så heldig å møte Luis Seabra eit par gonger. Han er ein stødig mann og ein svær brande. Eg kan ikkje sjå at han skulle knekke under eit underleg DOP Douro-avslag. Sjølv om han er fødd under Salazar, har han omfamna den nye tid. Han tok det med humor. Vi som ikkje har levd under overvåking, ser jo det komiske i ulike situasjonar som oppstår i totalitære samfunn, der regimets sanning kolliderer med realitetane. Grunngjevinga for at vinen til Seabra ikkje vart funnen verdig DOP Douro, er som saksa ut av eit kommunistisk kommunikasjonsbyrå.

Men vinen er svært god. Det er ein miks på ca 30% touriga franca, 20% tinta roriz, 20% tinta amarela og resten er frå terraserte vinmarker som er samplanta med klassiske douro-druer. Druene vert hausta i og gjæra i lag. Noko vert fottrakka i opne lagares, medan resten vert avstilka og gjæra på ståltank. Sidan nokre månader mogning på store brukte fat. Luis Seabra har lang røynsle som vinmakar hjå Niepoort Vinhos. Frå 2013 har han stått på eigne bein.

Luis Seabra Xisto Ilimitado 2015

Vinen er lillaraud, mørk og tett. Typisk Douro. Lukta er lett parfymert med søte og syrlige mørke bær. Typisk. Teksturmessig er det elegant og mjukt. Ganske lett i uttrykket. Rein smak med bjørnebær og blåbær. Skulle det vore grovare for å tekkast smakspanelet? Lang og fin ettersmak. Ein herlig drikkevenlig Douro-vin for alle utanom dei erketradisjonelle. Vil nok fungere godt til eit forseggjort kjøtstykke eller til ein oppheta diskusjon om normalitetsbegrepet.

Notat frå 02.10.17. Vinen har 12,5% alkohol og kosta 199 kroner.

Dette er ein lett tilskrudd artikkel med basis i noko som stod på trykk i Sogn Avis i vinter. Per september 2018 er det årgang 2016 av Xisto Ilimitado som er tilgjengelig på Vinmonopolet. Denne ser det ut til at smakspanelet har funne verdig til å kallast Douro. 

Ein tanke på “Kafka på (st)randen av Douro

Leave a Reply