Viña Tondonia Gran Reserva Rosado 2008

Det er ikkje til å koma i frå at vininteresse innimellom handlar vel så mykje om eksistensielle kriser som glede. Pågangsmot tar deg langt, men på eit eller anna tidspunkt innser du at du veit nok til å forstå at du veit ingenting – at fjellet du trudde du klatra var ein liten haug som løynde eit Himalaya-massiv av ukjende druer, distrikt og teknikkar. Blindsmakingar der du pin-pointer ein vin frå Campania før du – høg på deg sjølv – bommar med to kontinent ved neste glas…

Litt har eg då lært – til dømes at rosévin skal vera enkelt og leskande, friskt, ukomplisert, og skal drikkast ungt. I alle fall heilt til eg oppdaga at erketradisjonelle López de Heredia i Rioja lagar ein rosa Grand Reserva – årgang 2008 er for sal, men sjølv meiner dei at han bør lagrast lenger(!).

Her har dei eigne bøkkarar til å laga nye tønner, mosten gjærar på svære, gamle eikefat, vinen blir klara med eggekvite, blir ikkje filtrert, og omgrepet ‘generasjon’ vert rekna som ei kort tidseining.

Tondonia er nok utan tvil dei mest berømte druemarkane hjå Lopez de Heredia. 100 hektar aust for Ebro med Rioja sitt mest fotogene område på rundtom 450 meters høgde.

Viña Tondonia Gran Reserva Rosado 2008

Lett oksidert stil, litt nøtte/mandel-preg, appelsinskal, jordbær, tørka frukt, nypete, litt nellik. Ei stikkande, kjemisk duft lufter seg fort vekk og etterlet eit modent og delikat luktbilete. Med tid vert jordbær mest framtredande. Kompleks snute.

Friskt anslag, jordbær og rips i eit fyldig midtparti saman med litt krydder og kokos. Lang, fyldig avslutning. Kjennes yngre ut i munn enn på snuten.

Sære greier, som for meg redefinerer kva ein rosévin er for noko – kjennes stadig ung ut etter ti år og framstår som både kraftig og sart på ein gong.

Matfølgje? Aner ikkje – har kylling parmesan i ovnen og ostepop i hylla, men veit ikkje kor eg skal byrje… Begge deler fungerer for så vidt, men ikkje optimalt – kanskje noko kraftig kvit fisk eller ein lett svinerett er betre?

Lester Young – With The Oscar Peterson Trio

When Charlie speaks of Lester
You know someone great has gone
The sweetest swinging music man
Had a Porkie Pig hat on

 

Å bli hylla av Joni Mitchell og Charles Mingus må vera ein fin måte å bli hugsa på. Visuelt lett gjenkjenneleg på hatt og den ‘vridde’ måten han holdt saksofonen på. Lydmessig blir det litt meir omstendeleg – ‘The Pres’ vil bli hugsa som ein gigant i jazzen på sitt eige lågmælte vis. Der samtidige saksofonistar – til dømes Coleman Hawkins og Ben Webster – tok rennefart, var Lester Young elegant og nær vektlaus med sololinjer som aldri gjekk tom for melodiske idear.

Man, playing with Prez was something.I learned a lot from the way he played the saxophone. As a matter of fact, I tried to transpose some of his saxophone licks over to my trumpet.  (Miles Davis)

 

Undervegs gjekk han inn og ut av storbandet til Count Basie, og jobba tett med Billie Holiday fram til militærtenesta under slutten på andre verdskrig. Den ekstreme rasismen han opplevde i militæret prega han resten av livet, men likevel – eller kanskje nettopp derfor om ein trur på myten om kunst som katarsis og sjølvmedisinering – laga han nokre veldig fine ting på 50-talet.

I 1952 gjekk han i studio med Oscar Peterson Quartet. Prosjektet har nyleg fått ei opprensking og kom ut på nytt i 2017 med veldig god lyd. Her er Young sin eigen Ad Lib Blues med leikande linjer som aldri stoppar, Duke/Gershwin sin Can’t Get Started er herleg sentimental. Han unngår dei mest kjende og føreseielege standardlåtane, men det er plass til ein melodisk Almost Like Being in Love og ein svingande Tea for Two med mykje rom for pianobriljansen til Peterson og ditto gitar frå Barney Kassel.

Elegant, melodisk og lett å like – nyutgjeving med fantastisk lydkvalitet.

 

Kjelder:

http://www.lopezdeheredia.com
Diverse Wikipedia
Miles Davis – The Autobiography

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *