Mind the Gap

Nattverden har tidlegare testa (og likt) kategoriforvirra Trousseau Gris frå Wind Gap. No troller dei oss igjen – denne gongen med ei koko drueblanding frå gamle stokkar. Zinfandel (planta i 1944)  er for så vidt greitt nok. Det same er dolcetto (planta i 1974). Carignan (1953) er innafor, petite sirah (1947) ditto. Men valdiguie? Og negroamaro?!

For å ta dei to siste: negroamaro (svart bitter) har sitt opphav i Puglia og er ei duftrik men bitter drue som ofte skapar assosiasjonar til fjøs og medisinskap. Som Oz Clarke tørt seier det: «Det tar litt tid å venne seg til denne kombinasjonen, som heilt klart er interessant…». Valdiguié er nesten heilt borte frå Frankrike – mest fordi det blir dårleg vin av drua, men den saftaktige frukta har sin plass i California.

Drueblandinga er ikkje det viktigaste. Blir det god – eller i det minste gøy – vin av sluttresultatet tel sjølvsagt mest. Ein klein omdømmevideo på heimesida,  som skal syna kor kjekt dei har det på jobb trekkjer klart ned, men alt i alt verkar det som ein leiken produsent.

Druene vert fot-trakka og elles er det – nær sagt som vanleg i kalifornisk middelklasse – spontanfermentering, villgjær, manuell sortering, vin som skal spegla autentisitet, årgang og eigenart med minst mogleg innblanding…

Wind Gap Soif 2015

Whoa! Powerhouse-snute frå nyopna flaske. Morell møter blomstereng med fiolar på bondegard. Mørke bær, kanel og rips ligg bakom og dytter. Kaotisk og kompleks.

Friskt og leskande anslag. Midtparti med plommer og hermetiserte … du veit desse boksane med hermetisert frukt der det alltid var kun eitt kirsebær i? Sånt søtleg kirsebær smakar det. Ripssyre ligg som ein pedaltone i bakgrunnen heile tida og smakar friskt i ei lang avslutning. Eg smattar på rips mellom slurkane. Reinare i munn enn i nasa.

Morosam vin. Lett i munn og utfordrande på snuten. Blir litt emmen og jordprega når temperaturen stig – dette er ein vin som profitterer på ein runde i kjøleskapet mellom påfyll. Fungerte greit til kylling, men klaffa enno betre til tomatsausen nederst på tallerkenen – kanskje syra gjer at dette er ein av vinane som verkeleg går saman med tomat?

Musikkbonus: Marc Ribot –  Songs of Resistance 1942 – 2018

«I am alarmed by Trump and the movement he’s part of. I’ve spent a good chunk of my life running around the world on tour—I’m kind of an accidental internationalist—and I see that he’s not an isolated phenomenon. And if we don’t deal with what is going on, it is going to deal with us.»

«I remember being at Occupy Wall Street early one morning because there was a report that the cops were going to come and break things up. It was a moment when people needed something to sing. They tried Tom Petty’s ‘I Won’t Back Down,’ but it didn’t quite fit. It frustrated me that we had this rich history of songs for that occasion, but nobody knew them.»

Gitarist Marc Ribot prøver stadig å ta ut sinnet sitt i konstruktiv aktivisme. No har han alliert seg med mellom anna Steve Earle, Tom Waits, Meshell Ndgeocello og Sam Amidon, samla gamle protestviser, laga nye, og nettopp sloppe ny plate. Variert uttrykk, alt frå pønkjazz og italienske viser, til country og karibisk musikk. Forutan sterke tekstar syner Ribot også for ein ufatteleg dyktig gitarist han er.

«When democracy is threatened, people who value it need to work together to defend it. When basic human rights are threatened by racists, sexists, and homophobes, we need to respond. I don’t know what “the answer” is: but I know this: If we’re not able to work together, we’re going to get our asses kicked separately»

Kjelder:
http://www.windgapwines.com
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
ww.anti.com
marcribot.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *