Mosbacher Ungeheuer GG 2011

Norsk vinpresse sin kjæledegge i Pfalz, Mosbacher, har dei siste åra levert sympatisk prisa kvalitet både til spesialsleppa, bestillingsutvalet og basis hjå Vinmonopolet. Ein tur inst i kjellaren manifesterte ei flaske frå 2011-årgangen, og freistinga etter ein tilstandsrapport vart for stor.

Allereie i 1828 meinte monarkane i Bayern at Ungeheuer var tipp-topp. Her er druene skjerma frå vestavind, blomstrar tidleg og oppnår oftare full mogning – myten seier at då Bismarck fekk smake vin herfrå utbraut han «Dieses Ungeheuer schmeckt mir ungeheuer» (Dette Monstret smakar monstrøst godt), men i (den meir kjedelege) røynda er nok vinmarka oppkalla etter J.A. Ungeheuer, ein rådmann frå Deidesheim…

Mosbacher Ungeheuer GG 2011

Kruttrøyk, flint, badeball og aprikos frå nyopna flaske. Får seg ein strafferunde på karaffel før alvoret startar. Dempar seg etter nokre timar, endar roleg og elegant med våt stein og fersken på snuten.

Meir trøkk i smaken utan å vera noko powerhouse. Saftig Granny Smith, moden ananas, fyldig munnkjensle og lang ettersmak med antydning til honningsødme og grapefrukt.

Lågmælt og elegant vin som fungerte supert til salma frå kjøkkenet. Eg hadde nok ønskt litt meir av alt i denne vinen, men for ein GG som i si tid kosta knapt 260,- er dette uansett herleg nektar…

Musikkbonus: Tony Allen – Black Voices Revisited

Tony Allen – den autodidakte trommeslagaren som  definerte ‘beat’ i afrobeat og var høgre handa til Fela Kuti i ei årrekkje. I 1999 ga han ut Black Voices, men hadde sjølv liten kreativ kontroll over sluttproduktet som endte som ei slags dub-plate med mykje ekko og elektroniske pålegg.

Plateselskapet har nok hatt litt dårleg samvit, for ti år etter kom plata ut på nytt – denne gongen meir trufast mot den opphavlege innspelinga.

Afrobeat på stereoider! Innimellom så komplekse rytmar at det er vanskeleg å finna ut kor takten startar, men samstundes svingar det noko heilt vanvitig.

Trommeklasking i verdsklasse, gjestevokal frå Mudbone Cooper og Clip Payne frå Parliament/Funkadelic,  og 1999-miksen inkludert på cd-en for samanlikning.

Kjelde:
www.georg-mosbacher.de

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *