29 år tilbake, 100 år fram

If I could turn back time, song Cher i 1989 og Aqua-Lene i 1997. Men freistande som det er å ønskje seg attende for å rette opp feil, hadde det ikkje vore vel så spanande å kunne reise fram i tid? Fortida kjenner vi jo. Og gjenoppleve gamle repriser i årevis om du måtte til ungdomen for å rette ein feil, det kan bli keisamt. Madeira er meir enn noko annan vin, ein vin med føtene godt planta i historia. Men allikevel på tidreise, med lange spenn. Ingen vin kan seljast yngre enn tre år. Eit par tiår er minimumskravet for årgangs-madeira. Hundre år gamal madeira er mogleg å få kjøpt for mindre enn ei månadsløn. Det finst enno flasker som har sett verdskrigar, Napoleon, og Marie Antoinette medan ho enno hadde hovudet festa til kroppen. 

Det er altså eldre vin å få kjøpt, men prisane stig. Men så er det slik, at vinen som vert pressa, gjæra, mogna og lagra i dag er nok av høgre kvalitet enn som hamna i eikefat på 1960-talet. Og på 1860-talet. Både kunnskap og framstillingsmetodar har blitt betydeleg betre. Det er difor god grunn til å tru at druene som vart hausta på 90-talet og 2000-talet, ein gong langt der framme kan bli heilt eksepsjonell madeira. Derav ønskje om ei framtidsreise. For madeira tek såpass lang tid at eg truleg knapt kan drøyme om få å oppleve dei beste vinane som er lagt på fat i mi levetid. På fat vert vinen konsentrert. Sukker og syre og alkohol vert langsamt meir intenst. Men så kjem noko av magien i dei verkeleg gamle flaskene; ei lang lagring på flaske etter tapping. Då skjer ting endå seinare enn på fat. I staden for ei konsentrering, så skjer det ei raffinering og ei forfining. 

Ricardo Diogo Freitas tok over styringa av Barbeito i 1991, nærast ved eit tilfelle av mild utpressing. Firmaet som i hovudsak hadde seld enkel bulkvin til bruk i madeirasaus i Frankrike, fekk nye idéar og retning med den nye leiaren. Det var lite fagbøker som omhandla produksjon av madeira. Difor måtte Ricardo finne ut det meste gjennom praktiske forsøk. Barbeito hadde fram til det nye produksjonsanlegget stod ferdig i 2008, fire ulike lagerhus for vin. Desse er både ekte lager, og nokre enkle skur med lite isolasjon. Ulik høgde over havet betyr ulik temperatur og dermed ulik grad av fordaming av vin gjennom året. Noko av forsøka til Ricardo var å flytte vin frå eit lager til eit anna, for å sjå korleis det endra komponentane i vinen. Det vart også forsøkt forskjellige typar fat og demijohns.

Canteiro-en ved produksjonsanlegget til Barbeito er ikkje stor. Eg var innom på besøk i 2016. Det eldste fatet eg fekk auge på var fylt med vin frå 1978. Men for ei lukt! Då døra vart opna, fekk eg all herlegdom rett i nasegrevet. Her var heile verdas karamelliserte lukter samla. Her var vanilje, eik og tørka frukter. Like reint som Adele syng. Samanlikna med dei andre madeira-husa eg var innom, var lukta her i særklasse. 610 meter over havet betyr mindre fordamping enn ved havnivå. Ein del av taket er i betong, medan størsteparten er dekt med sinkplater. Desse leier meir varme, slik at denne delen har om lag 3% fordamping, medan betongdelen berre har 1-1,5%.

Barbeito Verdelho 1992

Ravfarga, mot lysebrun vin. Lukta er rein, intens, lett alkoholisk og søtleg. Her er gamle tremøblar, fløytekaramell, søt tobakk og kandisert appelsinskal. Gode lukter, men det merkast at det er ein “ung” vin. Alt er veldig påskrudd og konsentrert. Det manglar litt tid for avrunding og byggjing av eleganse. I munnen er det ein halvsøt, rik og ganske svær vin. Frisk syre som kjem snikande utover i smaken. Tørka gul frukt, karamell og treverk. Litt grov i teksturen enno, men gje det 20-100 år så skal du sjå at dette blir svært bra. Flott vin med eit langt liv framfor seg. Vinen har vore lagra fyrst i det gamle hovudkvarteret til Barbeito, ved Reid’s Hotel i utkanten av sentrum. I 2008, då det nye anlegget stod klart, vart fatet flytta til den nye canteiro-en. Vinen vart tappa i august 2013. 1150 flasker totalt. Kosta ca 1350 kr, men er no utseld på Vinmonopolet.

Har du lese heilt hit? Er du tørst på meir brun vin? Her er ein artikkel frå 2019 om ein annan årgangs-madeira. Og her er ein frå 2018 med litt fokus på vin laga av druesorten terrantez.

Leave a Reply